Hjortedyra har vore ein viktig del av endringane i naturen. Folk vaknar til lokalnytt som fortel om enno ein hjort, elg eller rådyr som er blitt påkøyrt. Det skjer 7000 til 8000 gonger i året, og er noko heilt nytt. (Foto: Johan Trygve Solheim, Norsk Hjortesenter)

Forskeren forteller: Fleire vinnarar enn taparar i hjorteskogen

Hjorten er i ferd med å spre seg til heile landet. Kva gjer så det med resten av skogen? 

Om prosjektet

Stein Joar Hegland er leiar for forskingsprosjektet EcoDynDeer som undersøker effektar av hjortebeiting på skogøkosystemet.

Norges Forskningsråd har finansiert prosjektet gjennom Miljø 2015-programmet, og i tillegg har prosjektet delfinansiering frå Miljødirektoratet.

Hegland har jobba mykje med korleis planter og dyr påverkar kvarandre både som pollineringsøkolog og beiteøkolog.

Sjå for deg skogen i Noreg for femti år sidan. Knapt eit einaste vilt beitedyr av hjort, elg og rådyr. I dag myldrar det av alle desse hjortedyra, om enn i ulike delar av landet.

Vestlandet er dominert av hjort. Nå er han i ferd med å erobre Sør-, Aust- og Nord-Noreg som hittil har vore rika til elgen og dels rådyret.

Då kan du kanskje sjå for deg norske skogar femti år fram i tid. Skogane i alle landsdelar kryr av alle hjortevilta. Norske skogar, hei og fjell står ikkje tilbake for andre safariområde i verda.

Vi treng å vite litt meir om korleis den dramatiske veksten av hjortedyr faktisk påverkar skogane her og no og framover.

Naturen er i endring

Hjortedyra var på eit minimum i første halvdel av 1900-talet.

Etter at jakta blei meir kontrollert, beitekonkurransen frå husdyr har blitt redusert, flatehogst i skogbruket har auka og klimaet er blitt meir gunstig, så har dette bildet endra seg kraftig.

Landskapa er i endring heile tida, og veksten i hjortedyra har vore ein viktig del av endringane i naturen. Folk vaknar til lokalnytt som fortel om enno ein hjort, elg eller rådyr som er blitt påkøyrt. Dette skjer 7000 til 8000 gonger i året. Folk køyrer til jobb og ser hjort som beiter på enga til naboen eller i sin eigen hage. Men dette er altså opplevingar av ny dato.

For skogen kan også alle desse hjortedyra vera ei ny oppleving som kanskje kan skape trøbbel for økosystemet. Dette var litt av bakgrunnen for det arbeidet vi har drive med i den flotte naturskogen på Svanøy på kysten av Sogn og Fjordane sidan tidleg på 2000-talet.

Tarald, Johan Trygve, Knut, Stein, Marte og underteikna ville vite meir om korleis hjorten påverkar den skogen den lever og beiter i. Både folk og forvaltning etterspurte slik kunnskap og vi som økologar var nyfikne på korleis alle desse hjortedyra kunne skape en ny situasjon for det viktigaste av alle økosystem, skogen.

Funn I: Større artsrikdom med aukande hjortebeiting 

I hjortefarmen på Svanøy er påverknaden frå den unormalt høge hjortebeitinga veldig synleg. Inngjerdinga i bakgrunnen husar lyng og tre som er godt likt av hjorten. (Foto: Stein Joar Hegland)

Vi forventa at hjortebeitinga skulle gi færre plantearter i furuskogen, spesielt ved mykje hjort. Det interessante som vi fann ut på Svanøy, var at spådommane våre ikkje slo til.

Tvert imot så var det fleire plantearter der vi hadde mykje hjort, slik vi finn det mange stader på Vestlandet i dag, enn der vi hadde lite eller ingen hjort.

Analysane vi gjennomførte, var ei blanding av både observasjonar og feltforsøk, ein god miks for å kunne levere truverdige konklusjonar innan økologisk forsking og der kraftige statistiske verktøy er ein viktig del av forskarkvardagen.

Berre da vi hadde kunstig mykje hjort, som vi hadde i ein hjortefarm på Svanøy, førte hjortebeitinga til færre plantearter i furuskogen.

Funn II: Tre og lyng taper, urter og mosar vinner

Det er viktig å grave litt djupare i desse resultata for å forstå meir om korleis hjorten påverkar økologien i skogane der han beiter.

På Svanøy var det veldig tydeleg at treslag som rogn og lyng, røsslyng og tyttebær var taparar og blei færre i den hjortebeita skogen. Dette er den typiske vintermaten til hjorten.

Vinnarar var oftast mosar og urter. Samanhengen mellom vinnarar og taparar er logisk: når hjorten beiter på tre og lyng, blir det nok lys for andre arter å boltre seg i på skogbotnen.

I økologien snakkar vi då om endra konkurranseforhold og hjorten gjer altså noko med premissane for konkurransen i skogen. Ein god del av vinnarane er lågtveksande planter som er mindre etande for hjorten og i tillegg er ganske sjeldne i skogen.

Ei av dei viktigaste matplantene til hjorten, blåbærplanta, overraska oss med å klare seg ganske bra i den hjortebeita skogen.

Hjortedyra skapar endringar i skoglandskapet

Dei tidsmessige endringane som hjorten skaper, er veldig viktige. Dette har doktorgradsstipendiat Marte Lilleeng ved Høgskulen i Sogn og Fjordane funne ut.

Ved å sjå på data innsamla heilt tilbake til 2001 fann ho at hjorten medfører ei utskifting av planter. Bildet vi kan teikna av eit framtidig skoglandskap full av hjort, er der unge tre blir rekruttert sjeldnare og lågtveksande plantar blir vanlegare.

Kanskje betyr dette at skogane fulle av hjortedyr etter kvart vil få problem med å rekruttere nye tre? Blir økosystema meir ustabile, eller snakkar vi her om nye likevekter der andre arter av planter og dermed insekt og andre dyr som lever på desse plantane, blir viktigare?

Landsskogtakseringa i Noreg viser tvert imot at det blir meir skog også av dei treslaga som hjort, elg og rådyr er glade i. Kanskje er opphøyr av gamalt beitebruk, moderne skogbruk og klimaendringar faktorar som påverkar skogen enno meir enn beitinga til hjortedyra? Slike samspel veit vi enno for lite om, og kunnskapsproduksjon om dette er ein av dei store utfordringane vi økologar har.

Gyllen middelveg

Uansett kva for bekymringar vi har for framtida så viser studiane våre at den sterkaste forstyrringa vi kan påføre skogsystemet, er å stenge hjorten ute frå skogen. Prinsippet om den gylne middelveg ser forresten ut til å gjelde også her. Passe mykje hjort vil nok gje størst biomangfald i skogane våre.

Kva er passe mykje? Kanskje om lag som vi har på Vestlandet i dag. Og den hjortebeitinga gjev altså fleire vinnarar enn taparar i skogen.

Så, ja du kan slappe av. Skogane våre vil bestå på trass av at skogbrukarane får trea sine skada av elg og hjort, at hagen din er full av hjort eller rådyr eller at du må bremse kraftig for eit hjortedyr som kjem hoppande ut i vegen framfor bilen din. 

Referanser:

Hegland, S.J., mfl. Old-growth forest floor richness increases with red deer herbivory intensity (pdf), Forest Ecology and Management, 310, 267-274, 2013

Hegland, S.J. & Rydgren, K. Eaten but not always beaten: winners and losers along a red deer herbivory gradient in boreal forest. Under revisjon i Journal of Vegetation Science

Lilleeng, M.S., mfl. Red deer mediates spatial and temporal plant heterogeneity in boreal forests. Artikkel i doktorgradsarbeid. 

Powered by Labrador CMS