Bakgrunn: Ei panservogn av eit pattedyr

I motsetnad til andre store pattedyr stikk ikkje moskusen av dersom den føler seg truga. Flokken samlar seg i ein sirkel med kalvane innerst, og horna retta utover. Ser du ein av dei gni hovudet mot beina og pruste med nasen, er det på tide å skygge banen.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Moskusen er eit urtidsdyr, og var i naturleg bestand i Norge inntil siste istida. Dyra har kraftige horn, stor og robust kroppsbygning og ein pannebrask med tjukk beinstruktur. Moskusen veg rundt 350 kilo, og kan oppnå ei fart på opp til 40-50 kilometer i timen - altså ikkje til å spøke med. To menneske har døydd etter samanstøytar med moskus i Noreg.

Som ein skapning frå fjerne tider

Ein flokk med slike tettbygde hårete dyr går no rundt på flatene på Dovrefjell. Eigentleg er moskusen ein fredeleg planteetar som nesten aldri vil angripe utan å ha blitt provosert til det. Held du deg på ein avstand på minst 200 meter, er sjansen liten for at moskusen vil bry seg særleg, og moskusane på Dovre er eit populært syn blant turistar.

Det store dyret ser ut som ein skapning frå fjerne tider. Hovudet med dei karakteristiske svingete horna sit lavt, og liksom direkte på kroppen. Heile dyret er dekt av langt, mørkebrunt moskusragg, og det er berre så vidt dei gulgrå beina er synlege. På lang avstand kan den nesten sjå ut som ein svart stein med ein stor og ein liten pukkel - den største er manken og den minste er bakparten.

Over 120 dyr

Moskusen er utbreidd frå Alaska, gjennom dei arktiske strøka av Nord-Amerika og til Grønland. I Noreg forsvann denne arten etter siste istida, og er no ein såkalla gjeninnført art. I dag har vi ein stamme på Dovrefjell som har auka til over 120 dyr. I tillegg har Universitetet i Tromsø ein flokk på 16 dyr plassert på feltstasjonen på øya Rya i Troms.

Interessa for utsetting blei vekt i 1930, då ein fann to ryggvirvlar av moskus under anleggsarbeid på Dovrebanen. Men den første utsettinga i verda på eit nytt område, blei gjort på Gurskøy utanfor Ålesund i 1925-26. Dette var moskus fanga inn av norske selfangstskuter på Grønland, og dyra blei sett ut fordi ein ikkje fann noko anna å gjere med dei. To år seinare var dei borte.

I september 1929 blei det sett ut 17 moskusdyr ved Adventfjorden på Vest-Spitsbergen på Svalbard. Dette såg lenge ut til å vere vellukka, og i 1940 var stammen oppe i ca 50 dyr. Men i 1970-åra gjekk det raskt nedover. Årsaka til at moskusen ikkje klarte seg på Svalbard kan ha vore konkurransen om beiteområde frå svalbardreinen. På Dovrefjell blei det sett ut dyr på Hjerkinn første gong i september 1932. Dette var ti dyr som var fanga på Grønland året før.

Sparer på energien

Moskusen er ein høgarktisk art, og ein av få drøvtyggarar som kan leve i dei høgarktiske områda. Både kropp og adferd er innretta på energisparing. Om vinteren et moskusen gras, starr og liknande planter. Om sommaren et den også urter (særleg fjell-kvann), vier og dvergbjørk.

Sporet etter moskusen er stort, på ca 14,5 gonger 12,5 cm. Klovane er store og runde. Ein moskusokse veg normalt mellom 300 og 400 kilo, medan kyrne er om lag 100 kilo lettare. Oksen kan bli opp til 2,5 meter lang og 1,5 meter høg. Paringstida er frå siste halvdel av august til slutten av september. Kyrne får normalt ein kalv i året, og er drektige i åtte-ni månader.

Moskusen kan bli inntil 20 år gammal.

Kjelde og Foto: Polar Zoo

Powered by Labrador CMS