Tjuvane knuste ei rute i sjuande etasje i museumstårnet og tok seg inn i magasinlagera ein gong i løpet av førre helg. No vert det jobba på spreng for å få dei stolne gjenstandane tilbake (Foto: Universitetsmuseet/Politiet)

Fryktar private samlarar

Rundt 400 gjenstandar er sakna etter innbrotet i Dei kulturhistoriske samlingar førre helg. Det finst ein marknad for denne type gjenstandar som er stolne, seier generalsekretær i Museumsforbundet, Liv Ramskjær.

I samarbeid med På Høyden

Artikkelen er utgitt av Universitetet i Bergens uavhengige avis, På Høyden.

Museumsdirektør Henrik Von Achen har uttalt at om ikkje gjenstandane dukkar opp att så er det utan samanlikning den verste hendinga i 200 års norsk museumshistorie. Han trur ikkje innbrotet er tilfeldig utført, ifølge denne saken i På Høyden.

Generalsekretær i Museumsforbundet og historikar, Liv Ramskjær, meiner også at det heile framstår som eit profesjonelt tjuveri.

– Det at det gjeld så mange gjenstandar – det er ikkje noko ein berre snublar over og tar med seg, seier Ramskjær.

– Folk har svarte samlingar

Ho trur det er ei interesse for gjenstandane som er vekke frå museet. 

– Tjuveri av denne skala er heldigvis sjeldan. Men det er nok ein marknad for denne type gjenstandar som er stolne. Ikkje på den opne marknaden, der kan dei ikkje omsetjast, men det finst folk som har samlingar som dei skjuler. Dei sit og hygger seg med dei for seg sjølv. Viss det forsvinn ut av landet er det ikkje lett å oppdaga det, seier Ramskjær.

Mange av dei stolne gjenstandane er små, noko som gjer det lettare å frakta dei vekk, fortel Ramskjær.

– Det me veit med kulturarvkriminalitet, er at jo mindre gjenstandane er, di lettare er det å ha dei i kofferten - og å få dei inn og ut av landet. Myntar er til dømes det lettaste å frakta med seg. Det skal mykje til for at nokon oppdagar det i ein sjekk av ein vanleg koffert.

Nedgang i tal på tjuveri

Talet på tjuveri i Noreg har gått ned dei siste åra. 

Musea melde om i alt åtte tilfelle av tjuveri eller tjuveriforsøk i 2015. Tala har vore stabile dei siste fem åra.

I 2000 var talet på 42.  

– Talet på tjuveri har gått nedover fordi det er gjort sikringstiltak og ein har hatt fokus på det, seier Ramskjær.

Ho fortel at det har vore eit satsingsområdet - og at det må halda fram med å vera det. 

– Denne saka viser at det er behov for dei sikringsmidla som vert delt ut gjennom Kulturrådet, og at ein må oppretthalda potten og i større grad auka den. Det har vore gjort arbeid i musea dei siste åra for å auka sikkerheita generelt, og i magasina. Det er eit kontinuerleg arbeid. Det har vore sett av opp mot ti millionar kroner i året for å betra sikkerheita på norske museum.   

Ho seier svært mange museum har blitt betre på rutinane dei siste åra.

– Eg trur at veldig mange museum dei siste ti åra har blitt mykje betre på dette med handtering av gjenstandar til og frå transport. Fleire museum har tilsett eigne sikkerheitsansvarlige som har erfaring på området, gjerne med bakgrunn frå politiet.

Stor sikkerheitssatsing på KODE

I 2010 og 2013 vart Kunstmusea i Bergen (KODE) utsett for innbrot i Kinasamlinga deira. Til saman vart over 80 gjenstandar stolne.

Konstituert direktør på KODE, Sigurd Sandmo, seier dei sat i gong ei rekke tiltak etter innbrota.

– Sikkerheit har vore eit stort satsingsområde for KODE dei siste åra. Me har jobba breitt og systematisk med dette internt, tilsett ny sikkerheitssjef og gjennomført ein større risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) for heile organisasjonen. Denne har vore utgangspunkt for meir kompetanseheving, fysiske sikringstiltak og auka vakthold. KODE har fått ein god del offentleg midlar og har omprioritert eigne midlar for å løfta sikkerheita, seier Sandmo (bildet). 

– Stor tragedie

Sandmo seier han har stor medkjensle med alle på Universitetsmuseet.

– Alle kollegaane deira på KODE føler med dei tilsette på Universitetsmuseet, og me synest dette er ein stor tragedie for både organisasjonen og fellesskapet som eig desse gjenstandane. Me veit også godt korleis det påverkar organisasjonen å bli utsett for denne type tjuveri. Me håpar intenst at det arbeidet Universitetsmuseet gjer vil føra til at gjenstandane kjem tilbake. På Universitetsmuseet har ein gjerne eit håp om at gjenstandane framleis er i landet, medan på KODE vart det tidleg klart at ein vart utsett for eit internasjonalt bestillingstjuveri.

– Er det nokon sjanse for at tinga som vart stolne frå KODE kan dukka opp att?

– Det vil alltid vera eit håp, men det er vanskeleg å meina noko om kor reelt det er i dag. I prinsippet kan gjenstandane bli funne att i morgon eller om 50 år, seier Sandmo. 

– Openbert ikkje godt nok

Museumsdirektør Henrik Von Achen seier dei prøver å finna ut korleis det kunne gå så gale som det gjorde førre helg.

– Me jobbar på spreng med det. Når ting som dette skjer, så er det openbert at noko ikkje har vore godt nok. Det kan ein ikkje snakka seg i frå. Så får me sjå kva det viser seg å vera. Uansett så må Universitetsmuseet ta sin del av ansvaret - det er berre slik det er. Og når det kjem til stykket er det mitt ansvar. Det må eg berre ta og leva med, seier Von Achen. 

Han seier det også hjå dei har vore lagt ned monaleg innsats for å betra sikkerheita dei seinare år.

– Universitet har lagt ned mykje arbeid dei siste åra. Det har vorte løyvd mykje midlar og gjort ei rekke tiltak. Men det er ikkje mogleg å gjera alt samstundes. 

KODE-direktør Sandmo meiner det må løyvast meir pengar til sikkerheit på norske museum. 

– Det er ingen tvil om at det trengs meir ressursar til sikring av musea i Noreg, og at både musea og det offentlege må arbeida meir systematisk og bruka meir midlar. Eg trur mange reagerer når dei ser tjuveri kor verdiane som musea forvaltar på vegne av fellesskapet ikkje er godt nok sikra, seier Sandmo. 

Denne saken ble først publisert i På Høyden.

Powered by Labrador CMS