Annonse

Hjernar kan vere programmert for å bli rusavhengige

Hjerneskanningar viser at sysken av rusmisbrukarar deler misdanningar i det same område av hjernen. Dette kastar lys på kvifor risiko for å bli avhengig går i familien.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Hjerneskanningar av syskenpar der den eine misbruker narkotika og den andre ikkje. (Foto: (Illustrasjon: Science))

I samarbeid med:


 

Forskarar ved University of Cambridge skanna hjernane til femti syskenpar, der det eine syskenet er avhengig av kokain eller crack, mens den andre ikkje misbruker verken narkotika eller alkohol.

Hjernane deira vart også samanlikna med hjernane til femti friske frivillige.

Dei fann avvik i hjernane til begge syskena, i eit område av hjernen som har med sjølvkontroll å gjere.

Studien som er publisert i Science tyder altså på at enkelte av oss arvar ein hjerne som gjer oss meir tilbøyelege til å bli avhengige av eit rusmiddel.

 

_______________________________

Les hele saken på NRK.no

 

Powered by Labrador CMS