Allemannsretten gjer skog- og fjellområda våre til eit eldorado for alle som vil bruke dei, men set visse grenser, skriv Eivind Brendehaug. (Foto: Audun Braastad / NTB scanpix)

Forskeren forteller: Det finst grenser for allemannsretten

Vi har alle rett til å ta ein trimtur i skogen eller på fjellet, men allemannsretten har sine grenser, både når det gjeld kor, korleis og når du kan ferdast i naturen.

Forskeren forteller

Denne spalten gir plass til forskere, fagfolk og studenter som med egne ord forteller om sin og andres forskning. Vil du skrive? Ta kontakt på epost@forskning.no

Tekst «utan grenser»

Teksten er del av ein serie trykt i lokalavisene Firda og Sogn Avis i samband med Forskingsdagane 2016, som har temaet «Utan grenser». Forfattarane er forskarar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og Vestlandsforsking.

Allemannsretten er ein rett vi set høgt her til lands. Men det mange ikkje veit, er at retten inneber plikter. Går du langs ein sti, skal du ta omsyn til det som gror og lever rundt deg. I tillegg skal du passe deg for å vere til ulempe for dei som eig eller brukar utmarka. Utmarka er ein tumleplass du kan bruke heilt gratis, men ein billett må du løyse: eit løfte om aktsemd.  Går du med på dette vilkåret, står du fritt til å ferdast overalt i utmarka til fots og dessutan på sti eller veg under tregrensa om du brukar sykkel.

Men kva er utmark? Jo, grovt sagt alt som ikkje er gardstun, dyrka mark eller plantefelt. I paragraf etter paragraf i Friluftslova vert du minna på at retten du får, kjem på vilkår av at du ikkje skadar naturen, grunneigaren sine interesser eller hindrar andre i å drive friluftsliv.

Grensene kan vere vanskelege å få auge på, men dei finst: Dersom du vert klar over at det føregår jakt i det området du skal ferdast i, bør du velje eit anna område den dagen. Dersom sjeldne fuglar blir forstyrra i hekkinga eller ein gardbrukar finn ein sau som er påkøyrd, er ei grense overskriden. Konsekvensen av overtramp kan bli at kommunen, i samråd med grunneigaren, fastset eigne reglar for ferdsel i det utsette området.

Ikkje på gardstun eller hustomt

Årstidene set òg grenser. På sommaren er innmarka forboden grunn, for der skal det spire og gro. Går du derimot på ein veg eller sti som fører deg til fjells, er du trygg. I 2011 vedtok Stortinget at du kan bruke vegar og stiar på innmark viss du er på veg til utmark, med unntak av organisert aktivitet. Gardstun og hus er likevel eit unntak. Ikkje alle følgjer lova, og det finst mang ein huseigar som har opplevd at syklistar fresar over tomta deira fordi det er den raskaste vegen.

Dette vernet av privatlivet gjeld òg på vinteren, og snøen er inga unnskyldning for å sigle gjennom eit gardstun. Derimot kan du ferdast på frosne eller snødekte marker i vinterhalvåret. Er innmarka verken frosen eller snødekt, har du altså ikkje lov. Men møter du ein romsleg grunneigar som gir deg løyve, er saka ei anna. Gir dei deg eit ja, trumfar det alt eg nettopp har sagt.

Ikkje elsykkel overalt

Det siste året har elsykkelen dukka opp som ein joker i lovverket, og mange har prøvd å forsere gjenstridige motbakkar i utmarka med litt hjelp frå eit batteri. I dag kan du ikkje bruke elsykkel på stiar i utmarka, og på private vegar kan grunneigarar forby desse doningane.  Miljødirektoratet har etter ein høyringsrunde føreslått for departementet at elsykkel skal kunne nyttast på bilveg og turveg i utmark.

Med «turveg» meiner dei ei ferdselsåre med «fast og jamt toppdekke» som er så brei at folk kan passere kvarandre utan ulempe. Dersom regjeringa fremjar forslaget for Stortinget og det vert vedteke, kan du altså bruke elsykkel på alle skogsvegar og turvegar så lenge du tek omsyn til naturen, eigaren og andre rundt deg.

Allemannsretten er i endring

Elsykkelen er eit døme på at allemannsretten er tøyeleg. Faktisk blir retten gradvis utvida, om vi ser på den lange trenden i både lovendringar og -tolking. Du og eg får altså stadig større rettar til å ferdast i utmarka, somme gonger på kostnad av grunneigaren sine rettar.

Annleis er det når det gjeld retten til å hauste, også ein allemannsrett, som har vorte avgrensa med åra. Du har lov å plukke så mykje molte og andre slags bær og sopp så mykje du berre vil her på våre kantar, men det er grunneigar som har einerett til jakt og fiske på sin eigedom. Unnataket er barn og unge opp til 16 år som har, i følgje innlandsfiskelova, rett til fritt fiske i ferskvatn med handreiskap. Grunneigarar har i mange tilfelle også opna opp for andre, t.d. for fiske i vatn og vassdrag om du løyser fiskekort.

Allemannsretten gir oss òg rett til å opphalde oss i utmark – ein kan  slå leir, telte og bade, så sant teltet står minst 150 meter frå hus og hytter som er i bruk. Teltar ein i eit skogsområde, må ein pakka saman etter to døgn, men på fjellet kan ein opphalde seg lenger på same plassen.

Grenser for store grupper

Kva så med grupper som ferdast saman, slik som ein speidartropp, ein barnehage eller deltakarar på eit idrettsarrangement? Det avgjerande for kor vidt allemannsretten omfattar dei, er om samanstimlinga av folk kan føre til «nemneverdig skade eller ulempe».

Kva som ligg i det, er eit skjønnsspørsmål. Både tida på året, typen aktivitet og omfanget tel. Idrettsarrangement krev som regel løyve frå grunneigar. For å gje slike løyve, kan grunneigar setje vilkår, til dømes om når og kor konkurransen kan gå føre seg. Praksis er elles at grupper som ikkje er større enn ei skuleklasse (30 elevar), og som ikkje vil skade naturen eller sjenere grunneigaren, ikkje krev løyve.

Gjeld òg firma

Mindre kjent er det at desse reglane òg gjeld for kommersiell aktivitet, til dømes eit guideselskap. Igjen er det faren for at aktiviteten fører til skade eller ulempe som er avgjerande – ikkje om aktiviteten er kommersiell eller ikkje. Hovudregelen er – som elles – at allemannsretten si plikt til aktsam ferdsel gjeld. Til dømes må både turgåarar og stisyklistar ta omsyn til at hjort og rein kalvar på forsommaren. Blir ein var ein fugl som ligg på reir, må ein stiltre seg frå plassen.

Allemannsretten gjer skog- og fjellområda våre til eit eldorado for alle som vil bruke dei, men set visse grenser. Ved å ta omsyn til dyr, planter og menneska du møter på din veg, er du med på å ta vare på dei privilegia allemannsretten gir oss.

Powered by Labrador CMS