Ein *smarttelefon er *noko dei fleste ikkje vil tenkja på som velferdsteknologi, men det er det så absolutt. (Foto: Monika Skolimowska / NTB scanpix)

Forskeren forteller: Du har velferdsteknologi i lomma di

Velferdsteknologi er ikkje berre kostbare robotar og avanserte sensor-system. Det er òg «dingsar» som du og eg har i lomma, i veska og i huset vårt.

Tekst «utan grenser»

Teksten er del av ein serie trykt i lokalavisene Firda og Sogn Avis i samband med Forskingsdagane 2016, som har temaet «Utan grenser». Forfattarane er forskarar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og Vestlandsforsking.

Du har kanskje robotstøvsugar heime? Ein treningsapp på telefonen som brukar GPS for å registrere kor lange joggeturane dine er? Eller kanskje du har investert i elektronisk dørlås på ytterdøra di? Du har nok aldri tenkt over det, men kan du svare ja på desse spørsmåla, så er du faktisk ein brukar av velferdsteknologi.

Forstår ikkje heilt kva velferdsteknologi er

Dette er eit omgrep som mange kjenner til, men som likevel har eit noko ukjent innhald. Politikarar satsar på velferdsteknologi, og «alle» er einige om at det offentlege må satse på slik teknologi. Hovudgrunnen til denne satsinga er den mykje omtalte eldrebølgja - den store auken i talet på eldre og pleietrengande som kjem i åra framover.

Om ein ikkje gjer endringar i måten helse- og omsorgstenestene blir drivne på, vil ein ha behov for meir enn dobbelt så mange helsefagleg tilsette i 2060 som me har i dag. For å sikre at alle får omsorgen dei har behov for dei neste førti åra, må ein gjere endringar – og desse endringane kjem i form av nye arbeidsmetodar og velferdsteknologi.

Men kva er eigentleg velferdsteknologi? Og kvar går grensene mellom teknologien som gjer ein moderne heim litt meir komfortabel, velferdsteknologien som ein ønskjer å innføre i kommunehelsetenestene og det enkelte får frå Hjelpemiddelsentralen?

Er ikkje det same som kald omsorg

Interessa for velferdsteknologi går heilt til topps i samfunnet. I 2009 etablerte Helse- og omsorgsdepartementet eit utval som skulle gje råd om korleis innovasjon kunne lette omsorgssektoren si bør. Slik det såkalla Hagen-utvalet definerte velferdsteknologi, femner det vidt – mykje vidare enn det folk flest tenkjer over.

I denne definisjonen inngår elektroniske dørlåsar, automatisk lysstyring og tidsbrytarar i tillegg til tryggleiksalarmar, robotstøvsugarar og spesialtilpassa skiutstyr.

Sjølv om både kommunar og privatpersonar for lengst har teke i bruk nyvinningar som robot-plenklyppar, elektroniske pilleboksar og avanserte varslingssystem, ser mange framleis på velferdsteknologi som noko framand og uprøvd.

Typiske assosiasjonar er sensorbruk og «overvaking» av eldre, særleg demente. Trygg demensomsorg er rett nok  sentralt i mange velferdsteknologiprosjekt, men det er feil å tolke det som at me er på veg inn i eit kjøleg teknologi-samfunn der kalde lysblink og elektroniske signal frårøvar eldre ei varm hand på skuldera og ein prat over kaffien.

Velferdsteknologi er ikkje det same som «kald omsorg». Det handlar ikkje som at ein skal overlate eldre og sjuke til seg sjølv og satse på at teknologien tek seg av dei.

Tvert om handlar det om å gjere kvardagen betre – og ikkje minst tryggare – for både brukarar, pårørande og tilsette i helse- og omsorgssektoren. Ved at sensorane tek vekk nokre av arbeidsoppgåvene til dei som jobbar med sjuke og eldre, får dei tilsette meir tid til å vere til stades.

Ikkje berre for dei eldre

Tendensen til å knyte velferdsteknologi til eldre er forresten ikkje heilt heldig, og heller ikkje heilt korrekt. Ein kan like gjerne seie at velferdsteknologi er til for at personar med psykiske eller fysiske utfordringar skal klare seg betre i kvardagen. Det finst teknologi som gjer skuledagen enklare for naboguten med Asperger syndrom eller kusina di som er hørslehemma.

Velferdsteknologi treng heller ikkje å vera spesielt avansert. Teknologi som trappeheis og rullator er heilt vanlege innslag på norske sjukeheimar og i omsorgsbustader. Dette er også velferdsteknologi, sjølv om hjelpemidla er enkle og langt frå nye.

Mykje av det ein kan kalle «komfortteknologi» eller smart-hus-teknologi er også dekka av den vide velferdsteknologi-paraplyen. Dette er teknologi som gjer kvardagen enklare uansett om ein er heilt funksjonsfrisk. Dersom ein derimot slit med noko slikt som dårleg balanse, kan støvsuging og golvvask vera både vrient og farleg.

Ein robotstøvsugar kan vera det som skal til for at den ustødige framleis kan bu heime og sleppe vaskehjelp. På same måte kan lys som skrur seg på når nokon entrar badet vere eit komfortelement for ein miljømedviten 30-åring og ein livreddar for ein ustø 85-åring som er oppe og tissar kvar natt.

Ny teknologi blir allemannseige

Ikkje alle likar klangen av ordet velferdsteknologi, og enkelte har lansert alternativ, som «friheitsteknologi» eller «kvardagsteknologi».  Mange vil fokusere på at det ikkje handlar om teknologi, men om menneske.

I alle desse omskrivingane ligg det eit forsøk på å redusere teknologiinnhaldet i omgrepet. Eit litt ullent uttrykk blir bytt ut med eit anna, utan å fokusere på kva som faktisk ligg i ordet.

Velferdsteknologi handlar rett og slett om å skape velferd, og akkurat som ordet «transportmiddel», dekkjer «velferdsteknologi» mange underkategoriar av innretningar. Kanskje gjorde me det lettare for oss sjølve om me delte opp omgrepet i mindre komponentar, somtryggleiksteknologi, smarthusteknologi og teknologi for sosial kontakt.

Som 27-åring er ikkje eg rekna som ein typisk brukar av velferdsteknologi. Men hadde eg vore 87, ville mange av dei teknologiske løysingane eg vel å bruke i dag vore rekna som velferdsteknologi.

Dersom eg om 60 år framleis brukar elektronisk dørlås og sensorstyrt belysning i huset mitt, er det truleg ingen som vil finne på å kalle det velferdsteknologi lengre – el-låsen er blitt den vanlege låsen og sensorane er gamalt nytt. Ny teknologi går raskt over til å vera veletablert og spesialiserte produkt blir allemannseige.

Powered by Labrador CMS