Gir nettbrett like god lese- og skriveopplæring som papir og blyant? Det finst det ikkje forsking på.

Manglar forsking på nettbrett i leseopplæring

Det finst førebels inga forsking som seier at nettbrett gjer leseopplæringa betre.

2.9 2015 05:00

Mange norske seksåringar byter no ut blyanten med nettbrett i lese- og skriveopplæringa.

Vi veit alt at papir og blyant er svært effektivt for å lære å lese og skrive. Men kva seier forskinga om effekten av å bruke nettbrett i den første leseopplæringa?


Professor Mila Vulchanova ved NTNU forskar på språkopplæring.

– Det er sterke evidens i forskinga for at det er bra å skrive for hand, og vi manglar rett og slett forsking på om digitale middel fremjar opplæringa, seier professor Mila Vulchanova til NRK. Ho er professor ved Institutt for språk og litteratur ved NTNU, og forskar på språklæring.

Ho fortel at for hjernen vår er det å taste bokstavar på tastatur svært annleis frå å skrive for hand. Forsking viser at når ein skriv for hand blir det laga spor i hjernen.

Kva slags spor lèt tastatur-bokstavar etter seg i hjernen? Det veit vi ikkje:

– Det finst ingen forsking på dette, nei, seier Vulchanova.

– Det finst ei generell oppfatning om at IKT er berre bra, og at ein skal bruke det i høgast mogleg grad. Men vi veit ikkje om det stemmer, seier Vulchanova.

Ho synest det er på tide at ein begynner å sjå meir kritisk på dette, og vege faktorane opp mot kvarandre.

Vulchanova har søkt om støtte frå Forskingsrådet for å forske på digitale medium i språkopplæring, men har førebels ikkje fått forskingsmiddel.

– Ikkje enten eller

Senter for IKT i utdanningen er svært positive til at det blir gjort forsøk med nettbrett i skulen.


Direktør ved Senter for IKT i utdanningen, Trond Ingebretsen.

– Det er ikkje snakk om å erstatte penn og papir, men det kan vere å la barna først lære seg å lese og skrive digitalt, før dei i 2. klasse begynner å skrive for hand, seier direktør Trond Ingebretsen ved Senter for IKT i utdanningen.

Han fortel at erfaringane med nettbrett viser at elevane har store fordelar av å få tilbakemelding umiddelbart når dei for eksempel har problem med lyden av ein bokstav.

– Vi ser også at elevar som strever med handskrift, for eksempel fordi dei enno er umoden motorisk i det å meistre å halde ein blyant, opplever høg grad av meistring når denne barrieren er fjerna.

– Når ein veit at det å skrive for hand lagar varige spor i hjernen, kva tenker de då om å fjerne blyanten i skriveopplæringa?

– Her er det ikkje snakk om enten eller, men både og. Når vi veit at cirka 20 prosent av elevar etter ti år i grunnutdanninga ikkje kan lese og skrive ordentleg, så ser vi positivt på alle forsøk som har som mål å betre elevens skrive- og leseferdigheiter.

Han forventar at dei pedagogiske miljøa vil følgje desse forsøka og forske på dei.

Annonse

I samarbeid med NRK