Bør det ligge Nintendo-konsollar under juletreet? Nederlandske forskarar konkluderer vertfall med at det skal vere relativt trygt å spele på dei, om ein tek pausar og spelar på ein trygg plass. (Foto: PublicDomainPictures, Pixabay)

Er spelekonsollen ei skadeleg julegåve?

Nederlandske forskarar har kartlagt kva skadar spel har påført oss. Om ein spelar på feil måte kan ein mellom anna få Nintendo-nakke og Nintendo-epilepsi.

Det nærmar seg jul og mange barn set nok spelekonsollane høgt på ønskelista. Men bør barna få ein Nintendo 3DS, ein Wii eller Wii U i gåve?

Nederlandske forskarar har gjennomgått 38 artiklar frå store medisinske databasar, for å finne svar på kva skader og problem menneske har rapportert om ved speling på Nintendo-konsollar. Her fant dei alt frå nevrologiske til psykologiske til kirurgiske plagar, som har vorte rapportert opp gjennom tidene.

Forskarane har mellom anna funne at styrespaken på Nintendo 64-kontrollaren tidlegare har blitt kopla til senebetennelse i tommelen. Vidare har den bevegelsesfølsame kontrollaren Wii Remote blitt knytt til muskel- og skjelettplagar og andre psykisk skadelege opplevingar.

Dei delte inn rapportane i ein del før Wii-en kom på marknaden i 2006, og ein del etter lansering av denne konsollen.

Eit av dei fyrste traumatiske tilfella var at ei 13 år gamal jente fikk anfall, etter å ha spelt Super Mario Bros i nesten tre timar på Nintendo Entertainment System. Diagnosen som kallast Nintendo-epilepsi skuldast ein reaksjon på raske endringar av mønster på skjermen. Ein stor studie viste seinare at pasientar som tidlegare hadde fått krampeanfall av å sjå på fjernsyn var meir følsame for eit spel som eksempelvis Super Mario Bros.

Studien er publisert i British Medical Journal.

Gløymte å tisse

Seinare i byrjinga av 1990-talet skjedde eitt par andre traumatiske episoder. For det første mista ein gut tidvis evna til å kontrollere avføringa si. Seinare vart det i ein artikkel rapportert om gutar som plutseleg mista kontroll på blærene sine. Dei var så oppslukte av å spele Super Mario Bros. at dei rett og slett gløymde å late vatnet.    

Så i 1991 rapporterte ein far om hans sønn sine plagar. Sønen hadde sete med bøygd nakke stirrande ned i ein Gameboy i 30 minutt. Dermed fikk han diagnosen Nintendo-nakke. Tilsvarande vart Nintendo-albogen diagnostisert hjå ein tolv år gamal gut etter at han hadde spelt Nintendo i over ein månad. Symptoma vart lindra med betennelsesdempande medisinar og kvile.

Seinare vart det rapportert om ein schizofreni-diagnostisert pasient, som fekk vedvarande hørselshallusinasjonar av videospelmusikk. Diagnosen vert kalla for Nintendo-hallusinasjon.

Nintendinitis, Wiiitis, Wii-kne og Surgerii

Etter Nintendo 64 kom på marknaden i 1997, var det få som opplevde nintendinitis – som er smerter i tommel, hand, eller handledd. Men diagnosen forekom på ny med den nye kontrollaren.

Nokre meiner handkontrollaren til Nintendo 64 er skapt for menneske med tre hender. Her er kontrollaren kopla til ein Nintendo 64-konsoll. (Foto: (Foto Wikimedia Commons))

Wii-kneet omfattar alle Wii-relaterte kneskadar. Surgerii vert knytt til livstruande Wii-relaterte skader.

Ved enkelte tilfeller har folk spelt på livstrugande vis. Til dømes falt ei 55 år gamal kvinne på sofaen sin medan ho spelte tinnis på Wii-en. Det førte til eit valdsamt blodtap. Seinare brakk ein 38 år gamal mann nakken etter å ha svunge for valdsamt med Wii-kontrollaren.

I eit anna tilfelle slo ein gut til søstera si med tilsvarande kontroller. Alt var tilfeller av Surgerii. Så ver varsam om du skal spele med trådlause kontrollarar i jula.

Såre hender og knuste kne

Så etter at Wii-en kom på marknaden fikk ein 29 år gamal mann akutt senebetennelse bak i ein muskel bak skuldra etter å ha spelt Wii Sports i fleire timar. Dette spelet krevjar at du er i aktivitet med den trådlause kontrollaren Wii Remote. Wiitis kan påverke ulike musklar i ermer og skuldrer, avhengig av bevegelsane som vert gjort i dei ulike spela. Denne mannen vart diagnostisert med Wiiitis, som brukast når ein for eksempel får smerter i ermene eller vond hals av konsollspeling.

Den litt snodige Nintendo 64-kontrollaren var gjentand for ulike lure, men skadelege påfunn. I nokre spel, spesielt Mario Party, måtte ein rotere joysticken raskt med tommelen i enkelte minispel. Spelarane oppdaga at det så var raskare å gni styrespaken med handflata, som førte til sårdanning. Etter å ha motteke over 90 klager, utleverte Nintendo vernehanskar til dei som hadde skaffa spelet.

Vidare kjem den første rapporten som omtalar Wii-kneet frå ei ung kvinne, som forstua venstre kneskål då ho spelte tennis på konsollen. Ei anna spelte bowling, noko som resulterte i nok ei kneskade.

Ei relativt trygg julegåve

På trass av episodar som desse konkluderar forskarane av denne studien med  at dei fleste problema har vore milde, og sjeldne. Dei peiker på at deira studie gjennomgår plager relatert til styring med kontrollarar, som varierar frå konsoll til konsoll. Forskarane valde å sjå på nemnte selskap fordi dei meiner Nintendo-konsollar er vanlege julegåver.

Forskarane påpeiker at Nintendo-produkt er relativt trygge julegåver. Men får du ein konsoll til jul så bør du ikkje svinge for hardt på kontrollaren, meiner forskarane. Ein bør vidare vere varsam med kvar ein spelar, og ein bør ta regelmessige pausar frå spelekosen i jula.

Slike advarslar har Nintendo i tekst, ved oppstart av konsollane.

I tillegg til vernehanskar delte Nintendo ut beskyttande silikon-cover som Wii-brukarar skulle feste på sine Wii Remotes. Dette skulle førebygge traumer og knuste fjernsyn.

Referanse:

Jalink, Maarten B. mfl: Nintendo related injuries and other problems. BMJ-British Medical Journal (16. desember 2014), doi: http://dx.doi.org/10.1136/bmj.g7267

Powered by Labrador CMS