På Sydpolen står teleskopet BICEP2, som forskarar brukte til å leite etter spor frå gravitasjonsbølgjene til Big Bang. (Foto: Steffen Richter, AP)

Ekko frå Big Bang var støv

Tidlegare i år meinte forskarar dei hadde funne spor frå gravitasjonsbølgjene til Big Bang. No viser eit nytt kart over Mjølkevegen at funnet mest sannsynleg berre var kosmiske hybelkaninar.

I samarbeid med NRK

 

I mars i år annonserte ei gruppe amerikanske forskarar at dei hadde funne spor av gravitasjonsbølgjer frå sjølvaste Big Bang.

Ved hjelp av teleskopet BICEP2, som står på Sydpolen, oppdaga dei kvervlar i den kosmiske bakgrunnsstrålinga som dei meinte måtte vere 14 milliardar år gamle etterdønningar av Big Bang.

Nobelpris-verdig?

Funnet skapte stor merksemd rundt omkring i verda, og blei sett på som banebrytande og Nobelpris-verdig. Samstundes var mange kritiske til oppdaginga. Fleire ekspertar lurte på om BICEP2-gruppa hadde tatt tilstrekkeleg omsyn til strålinga frå det kosmiske støvet i vår eigen galakse då dei gjorde analysane sine.

I mellomtida har den europeiske romfartsorganisasjonen ESA gjort ferdig eit kart over støvet i Mjølkevegen (eller rettare sagt over intensiteten til det polariserte lyset i Mjølkevegen).

Kartet viser at det er mykje meir stråling frå kosmisk støv over Sydpolen enn det BICEP2-forskarane har tatt høgde for, melder nettstaden nature.com.

– Faktisk er strålinga frå støvet så stor at det kan forklare heile signalet som BICEP2-gruppa trudde var gravitasjonsbølgjer frå Big Bang.

Det seier Jostein Riiser Kristansen, astrofysikar ved Høgskulen i Oslo og Akershus, til nrk.no.

Støvete signal

Forskarane bruker radiofrekvensar når dei undersøkjer den kosmiske bakgrunnsstrålinga. Jo høgare frekvens, jo høgare blir signalet frå det kosmiske støvet.

Jostein Riiser Kristiansen jobbar som astrofysikar ved Høgskulen i Oslo og Akershus. Han har venta spent på å få vite meir om gravitasjonsbølgjene. (Foto: UiO)

– Det BICEP2-gruppa har gjort, er å analysere bilete dei har tatt med BICEP2-teleskopet. Teleskopet observerer mikrobølgjer med ein frekvens på 150 GHz, forklarar Riiser Kristiansen.

– Problemet er at dei berre målte stråling på denne eine frekvensen. Det gjer det vanskeleg å vite kor mykje av signalet som kjem frå gravitasjonsbølgjer, og kor mykje som er «støy» frå støv og den slags.

– Derfor har dei òg brukt data frå ein del andre kjelder – til dømes eit førebels kart fra Planck-satellitten – for å prøve å finne ut kor mykje stråling som kjem frå støvet, fortel han.

Til det nyaste kartet brukte Planck-satellitten ein frekvens på 353 GHz. Der fann den mykje stråling frå støvet. Ut ifrå det rekna Planck-forskarane seg fram til at det må vere mykje meir støvstøy ved 150 GHz over Sydpolen enn det BICEP2-gruppa har trudd.

Dermed er sjansen stor for at kvervlane som BICEP2-gruppa trudde var gravitasjonsbølgjer frå Big Bang, berre er kosmisk støv.

Framleis sjanse for funn?

Det er likevel ein sjanse for å finne spor frå gravitasjonsbølgjene i datamaterialet til BICEP2-gruppa, men då må ein ta vekk alle signal frå det kosmiske støvet fyrst.

– Om dei klarar å skilje desse frå kvarandre, kjem an på kor kraftige gravitasjonsbølgjene er og om dei i det heile tatt eksisterer. Det veit me ikkje enno, men om dei er like kraftige som BICEP2-gruppa hevda i vår, vil dei nok klare å finne dei, seier Riiser Kristansen.

I juli byrja forskarane bak Planck-satellitten og BICEP2-prosjektet å samarbeide. Dei held no på å samanlikne datamateriala sine, og i november i år kjem den fyrste analysen frå dette arbeidet.

Litt skuffa

I november håpar òg Planck-gruppa å ha gjort ferdig sine eigne analysar der dei skal skrelle vekk alle signal frå det kosmiske støvet. Det spanande spørsmålet er kva som blir igjen til slutt.

– Problemet er at me ikkje veit kor sterke desse gravitasjonsbølgjene bør vere. Viss me ikkje finn dei, betyr det ikkje at dei ikkje finst. Det kan òg bety at bølgjene er så svake at me ikkje klarer å observere dei, forklarar Riiser Kristiansen.

Astrofysikaren innrømmer at han er litt skuffa.

– Men samstundes er det artig å sjå at eit europeisk satellittprosjekt med omfattande bidrag frå norske forskarar set skapet på plass.

Powered by Labrador CMS