Studentar tør ikkje seia frå og professor meiner han blir sensurert

Universitas skriv om studentar som fryktar dårlege karakterar og ubehag dersom dei melder frå om kritikkverdige forhold ved studia. Uniforum fortel om pedagogikkprofessor Sven Sjøberg som meiner han blir sensurert.

Tør ikkje seia frå

Studentar fryktar dårlege karakterar og ubehag dersom dei melder frå om kritikkverdige forhold ved studia. Det har skremt tusenar frå å varsla, skriv Universitas.

– Dei fleste som kontaktar meg, melder ikkje frå vidare, seier studentombod ved Universitetet i Oslo (UiO), Marianne Rustberggard.

Sju prosent av landets studentar seier dei har late vera å varsla om meir eller mindre alvorlege forhold ved studiet sitt, fordi dei frykta represaliar. Talet tilsvarar nesten 19 000 norske studentar. Det viser ei undersøking Sentio har utført på oppdrag frå Universitas og Norsk studentorganisasjon (NSO).

Rustberggard stadfestar at studentane ho møter fryktar ei eller anna form for gjengjelding.

– Det mest nærliggjande er å frykta at det skal gå ut over vurderinga av deira faglege prestasjonar, eller at det skal bli ubehageleg på andre måtar, seier ho.

Les heile saka på universitas.no

Svein Sjøberg: – Instituttet sensurerer meg

I løpet av eitt år har pedagogikkprofessor Svein Sjøberg publisert 62 artiklar i norske og utanlandske aviser og tidsskrifter. – Ingen av dei finst mellom dei 40 medieklippa til Institutt for lærarutdanning og skuleforsking ved Universitetet i Oslo (UiO). Eg blir sensurert, meiner Sjøberg, ifølge Uniforum.

Pedagogikkprofessor Svein Sjøberg. (Foto: Ola Sæther, Uniforum)

I fjor fekk fysikar og pedagogikkprofessor Svein Sjøberg UiOs formidlingspris. Grunngjevinga var at han er opptatt av sosiale, kulturelle, etiske og utdanningspolitiske aspekt ved naturvitskap i skule og samfunn og maktar å formidla det.

Svein Sjøberg har ikkje kvilt på laurbæra sidan den gongen. Det siste året har han fått publisert 62 artiklar i norske og utanlandske aviser og tidsskrift. Både vitskaplege artiklar, kronikkar og innslag i radio og TV er mellom dei bidraga han er registrert med i databasen Cristin. Men blant medieklippa på nettsidene til Institutt for lærarutdanning og skuleforsking er dei ikkje nemnde. Det einaste som finst om Svein Sjøberg på aktueltsidene der, er kunngjeringa av at han har fått formidlingsprisen og foredraget han heldt den dagen han fekk utdelt prisen.

Sjøberg fortel at han saman med kollega Anders Isnes var med i eit program i NRK om 100-årsdagen for pionerane innanfor naturfagformidling, Otto Øgrim og Helmut Ormestad 2. juledag 2013. – Ingenting om dette kom med under ILS i media på nettsidene til instituttet mitt. For eit institutt som er opptatt av å vera synleg i media, er det rart at dei ikkje viser til dei artiklane som eg har skrive eller deltar i, peikar han på.

Les heile saka på uniforum.no

Instituttleiar Rita Hvistendahl: – Sjøbergs innsats er godt representert

– Svein Sjøbergs innsats og engasjement synest å vera godt representert, opplyser instituttleiar Rita Hvistendahl ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking ved UiO i ein kommentar til påstandane frå Sjøberg om at han blir sensurert og oversett, skriv Uniforum.

– Som professor emeritus har Svein Sjøberg inngått ein senioravtale med instituttet. Han tar framleis nokre undervisningsoppdrag, har vore foredragshaldar på Skuleleiardagane og blir invitert til samlingar og arrangement på ILS. Han er elles velkomen til å bruka pensjonistkontoret som me har etablert i dei nye lokala våre.  Me er glade for å ha aktive seniorar som held kontakten med instituttet og bidrar til aktivitetane våre, seier instituttleiarRita Hvistendahl ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking.

Instituttleiar Rita Hvistendahl (Foto: UiO)

Ho viser til at Svein Sjøberg er synleg på nettsidene til instituttet også etter at han gjekk av for aldersgrensa sommaren 2013. 

– Vignetten «Aktuelt fra instituttet» på ILS’ web-forside inneheld oppslag under overskriftene: «aktuelle saker», «arrangementer» og «i media», totalt ca 35 oppslag frå sommaren 2013 og  fram til i dag. To av desse har handla om tildeling av UiOs formidlingspris til Svein Sjøberg. Det er også eit oppslag frå svenske media om Pisa i Noreg, der Sjøberg uttalar seg saman med forskarar ved instituttet. I tillegg er hans presentasjon på instituttet sitt arrangement «Skolelederdagene 2014» publisert her saman med heile artikkelen hans «PISA-syndromet. Hvordan norsk skolepolitikk blir styrt av OECD» frå Nytt Norsk Tidsskrift nr. 1, 2014 (s 30-43), peikar ho på.

Les heile saka på uniforum.no

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Powered by Labrador CMS