bilete av studentar ved OsloMet tatt gjennom eit vindu

Framtidas løysing for data frå spørjeundersøkingar

OsloMet og Sikt lanserer Surveybanken, heile sektorens nye verktøy for å finne og analysere surveydata.

– Med få tastetrykk kan Surveybanken avdekkje mønster og samanhengar om folks haldningar, meiningar og verdiar. Dette gir nye moglegheiter for å studere det norske samfunnet, og korleis det har endra seg over tid, seier forskingsleiar ved OsloMet, og produkteigar for Surveybanken, Alexander Schjøll.

Surveybanken er laga både for ekspertar, og for dei som har lite kunnskap om statistikk. I tillegg kan forskarar arkivere og dele eigne data i Surveybanken. Løysinga er framleis under utvikling, men ein testversjon er tilgjengeleg (sikt.no).

Kva er Surveybanken?

Surveybanken er ein database med fleire tusen spørjeundersøkingar (surveys) og rundt 750.000 spørsmål som er stilte til befolkninga heilt tilbake til 1950-talet. Det inneheld spørjeundersøkingar frå universitet, høgskular, forskingsinstitutt og større statistikkprodusentar, som Statistisk sentralbyrå.

Tenesta er ei vidareutvikling av infrastrukturen for forskingsdata som er bygd opp ved NSD – Norsk senter for forskingsdata, gjennom fleire tiår (NSD er i dag ein del av Sikt). Arbeidet med vidareutvikling av Surveybanken er eit samarbeidsprosjekt mellom Sikt og OsloMet.

– Vi trur Surveybanken vil gjere det enklare for forskarar å få oversikt over kva forskingsdata som allereie finst, noko som kan føre til auka gjenbruk av eksisterande datasett, seier Schjøll.

Tilgjengeleg for alle

Surveybanken ønskjer å gjere data tilgjengeleg for alle, same kor du bur eller er.

– Studentar kan til dømes enkelt og raskt få tilgang til gode og relevante data om det norske samfunnet. Studentar kan dermed sjølv utforske forhold om det norske samfunnet – og korleis det har endra seg over tid, utan å måtte samle inn data på eigenhand. Dette vil føre til betre og meir effektive studentoppgåver, seier Schjøll.

Ungdata, SSBs levekårsundersøking, kommunebarometeret og skulevalundersøkinga er døme på datasett som vil bli søkbare i Surveybanken. 

 

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 11.04.2023 | Kjersti Lassen | foto: John Anthony Hughes/OsloMet