– Frank Aarebrot hadde eit unikt engasjement for faget, og ei formidlingsevne og formidlingsglede som var i særklasse, seier prorektor ved UiB. (Foto: Britt Kristin Ese)

Heidrar Aarebrot med årleg forelesning

Fredag 19. januar 2018 ville ha vore Frank Aarebrot sin 71-årsdag. Professoren og formidlaren hadde forelesninga som eit av sine sterkaste arbeidsverktøy og ideen om å heidre han med dukka opp raskt etter hans død i september i fjor:

– Vi har vedteke å avhalde ei årleg minneforelesning for Frank Aarebrot. Forelesningane skal i hans ånd vere for folk flest, sa UiB-rektor Dag Rune Olsen i minneordet ved gravferda.

– Aarebrot hadde eit unikt engasjement for faget, og ei formidlingsevne og formidlingsglede som var i særklasse, seier prorektor ved UiB, Margareth Hagen.

Den første av desse forelesningane vil bli avhald i Universitetsaulaen haust, i samarbeid med familien til Frank og Studentersamfunnet i Bergen. Kvart år vil desse bli haldne av ulike forelesarar med ulike tema.

Powered by Labrador CMS