En notis fra Universitetet i Agder - les mer.

Artiklane i boka drøftar tema som hat og tilgiving, rolla kyrkja har i den offentlege debatten, flyktningkrisa i 2013-15 og ufordrageleg språkbruk i det offentlege rom.

Ny bok set etiske konfliktar under debatt

Ytringsfridom, fleirgifte, 22. juli, fengselssjukepleie og barnevern er blant temaa som vert drøfta i boka. Redaktørane ønskjer debatt om etiske verdikonfliktar.

– Vi vil at boka inspirerer lesaren til etisk refleksjon og samtale, og gjerne i det offentlege rom. Derfor kan også alle som vil, laste ned boka gratis, seier Terje Emil Fredwall.

Han er førsteamanuensis ved Universitetet i Agder (UiA), og saman med UiA-professor Odin Lysaker har han redigert boka Verdier i konflikt. Etikk i et mangfoldig samfunn som vart lansert i mai.

Boka inneheld 12 artiklar, signert 12 forskarar frå ulike fagområde og fagtradisjonar som samfunnsfag, sosialt arbeid, psykisk helsearbeid, diakoni, teologi, religion, filosofi og etikk.

– Etisk mangfald rår i det moderne Noreg. Folk trur og meiner ulikt, og vi tar ulike val om etiske verdiar. I eit samfunn med mange ulike verdiar må vi møte andre perspektiv på ein respektfull og nysgjerrig måte, seier Lysaker.

Redaktørane peiker på globalisering og teknologisk utvikling som typiske trekk ved dagens samfunn. Personlege verdiar kan stå mot samfunnsverdiane, og verdiar og levemåtar hos minoriteten og majoriteten i samfunnet kan støyte mot einannan.

– I boka går vi inn i ei fleire område der verdiar til individ, grupper eller institusjonar står mot einannan. Også i arbeidslivet kan verdiar i ulike yrke og fagtradisjonar utfordre einannan om det som er det gode liv, seier Fredwall.

Les meir om boka på heimesidane til UiA

Powered by Labrador CMS