Det er internasjonalt samarbeid som gjeld. Og Horisont Europa er det største og viktigaste forskingsprogrammet i verda, og det er klart at Noreg må vera ein del av det, seier forskings- og høgare utdanningsminister, Iselin Nybø. (Foto: Ola Sæther)
Det er internasjonalt samarbeid som gjeld. Og Horisont Europa er det største og viktigaste forskingsprogrammet i verda, og det er klart at Noreg må vera ein del av det, seier forskings- og høgare utdanningsminister, Iselin Nybø. (Foto: Ola Sæther)

Iselin Nybø om EUs nye forskingsprogram: – Noreg må ikkje bli helt ut med badevatnet

Eit forslag frå EU-kommisjonen har ført til frykt for at Noreg ikkje skal kunna bli fullt integrert medlem i forskingsprogrammet Horisont Europa. – Me er i alle fall opptekne av at Noreg ikkje skal bli helt ut med badevatnet, og at me kan vera fullt ut med, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø til Uniforum.

Published

Før EUs nye forskingsprogram Horisont Europa startar opp i 2021, knyter det seg stor spenning til om Noreg og dei andre EØS-landa får fullt integrert medlemskap, slik som dei i dag har i Horisont 2020. I juli melde Dagens Næringsliv at eit forslag frå EU-kommisjonen til Horisont Europa vekte uro i Kunnskapsdepartementet. Der heiter det «På grunnlag av unionens «strategiske ressurser, interesser, autonomi eller sikkerhet» kan deltagelse begrenses til EUs medlemsstater, står det i forslaget, ifylgje Dagens Næringsliv.

Litt over ein månad seinare har Iselin Nybø tru på at dei skal koma i mål med eit godt resultat i forhandlingar med dei ansvarlege i EU, men det må ein innsats til.

– Det skjer ikkje av seg sjølv, så her må det gjerast ein jobb. Eg har reist rundt på ministermøte og snakka med mange av mine kollegar om dette, slår ho fast, og minner om at ein represenant for EU nyleg var på besøk.

– Og eg veit at han ikkje berre har høyrt det frå meg, men frå alle han har snakka med. Dette er viktig for universiteta våre og for næringslivet vårt. Så dette er noko som dei får høyra frå heile breidda av det norske forskingsmiljøet, seier Iselin Nybø til Uniforum.

– Kan ikkje sitja på kvart vårt berg

Statsråden er klokkarklar på at Noreg må vera ein fullt integrert medlem i EUs nye rammeprogram for forsking, Horisont Europa:

– Det er jo sånn at kunnskaps- og forskingssektoren kjenner ingen landegrenser. Det er utlendingar som kjem til Noreg, nordmenn som reiser ut og prosjekt på tvers. Dette er store oppgåver som står framfor oss og som forskinga skal vera med på å løysa. Då kan me ikkje sitja på kvart vårt berg. Det er internasjonalt samarbeid som gjeld. Og Horisont Europa er det største og viktigaste forskingsprogrammet i verda, og det er klart at Noreg må vera ein del av det. Me går inn med mykje pengar, og då må me også kunne få rekna med at me får vera fullt integrert medlem i heile programmet.

– Er du overraska over forslaget frå EU-kommisjonen som kan hindra at Noreg og andre EØS-land skal få vera fullt medlem i Horisont Europa?

–Det var nokon som sa det godt her. Me har Brexit. Det er mykje som skjer i Europa no. Så eg trur ikkje dette først og fremst handlar om Noreg. Me er i alle fall opptekne av at Noreg ikkje skal bli helt ut med badevatnet då, og at me kan vera fullt ut med, understrekar ho.

Får samla budsjett på 1000 milliardar kroner

I 2021 startar altså EUs nye forskingsprogram Horisont Europa. Det skal halda på fram til 2027. Så langt er det føreslått at programmet skal ha eit samla budsjett på 100 milliardar euro eller 1000 milliardar kroner.

Onsdag hadde Kunnskapsdepartementet eit dialogmøte om Horisont Europa med aktørar frå næringslivet, universitets- og høgskulesektoren, frå Forskingsrådet og frå forskingsinstitutta.

Entreprenørskap og tverrfagleg samarbeid

Visedirektør Giulia de Brenna frå kontoret til EU-kommisæren for forsking, vitskap og innovasjon, Carlos Moedas, var invitert for å presentera innhaldet i forskingsprogrammet.

I presentasjonen sin av visjonane for Horisont Europa trekte ho fram at programmet legg stor vekt på både forsking og innovasjon for å stimulera private investeringar. Målet er å investera endå meir i personar med spesielle talent. For universiteta sin del handlar det om å gjera dei endå betre i stand til å satsa meir på entreprenørskap og tverrfagleg samarbeid. Samtidig er det også kome eit framlegg om å oppretta eit europeisk innovasjonsråd (European Council of Innovation).

Forsvarsforsking får eige fond

Til saman er det føreslått at forskingsprogrammet altså skal ha eit samla budsjett på 100 milliardar euro i dei seks åra det skal vera oppe og gå. 4,1 milliardar euro er føreslått å gå til ein eigen pott til eit eige fond for forsvarsforsking. Hovudsatsinga blir å styrkja EU sin vitskaplege og teknologiske grunnmur.

Det skal også styrkja Europas kapasitet til innovasjon, betra konkurransekrafta og leggja til rette for å etablera nye arbeidsplassar. Programmet skal også tilby det som innbyggjarane prioriterer høgast og halda oppe Europas sosioøkonomiske modell og verdiar, går det fram av presentasjonen hennar.

Giulia de Brenna var også inne på diskusjonen om Noreg kan vera fullt integrert medlem av Horisont Europa utan å vera medlem i EU. Då viste ho til eit forslag frå EØS-landa til EU om at land som er medlemar av EFTA og som samtidig er med i EØS, skal ha full tilgang til forskingsprogrammet.

Vil ha Noreg med

Overfor Uniforum etterlet Giulia de Brenna ingen tvil om kva som bør bli resultatet.

– For Noreg er allereie ein fullt integrert medlem med ei suksesshistorie. Det er sjølvsagt rom for forbetringar. Me håpar å halda fram på same måten. Men me håpar at ingenting blir forandra i Horisont Europa. Det beste som vil skje er at det blir eit betre og tettare samarbeid.

– Kva er det viktigaste målet til det nye forskingsprogrammet til EU?

– Europa må bli ein global kraftstasjon i forsking og nyskaping. Me må verkeleg sjå langt forbi våre eigne grenser og sjå kva utfordringar me har. Verda er der ute og me må vera til stades, meir enn det som er tilfellet no.

– Kva vil du gjera for å overtyda arbeidsgjevarane dine i Brussel om at Noreg må bli fullt medlem i Horisont 2020?

– Det er ikkje opp til meg. Eg er berre ein byråkrat, smiler ho.

– Har behov for justeringar og innspel

Forskingsminister Iselin Nybø framhevar at det enno ikkje er heilt klart korleis det nye forskingsprogrammet vil sjå ut til slutt.

– Det er jo verdas største forskingsprogram, og det tar jo mål av seg til å løysa store samfunnsutfordringar som Europa står overfor. No er me berre i starten på korleis dette programmet skal bli, men det er nokon som har begynt å diskutera det allereie. Det er framleis mange store diskusjonar som står att, og det er nettopp derfor me har dette møtet. Då får me innspel og får vita kva som er viktig for sektoren. Eg meiner me har eit godt utgangspunkt i førsteutkastet som ligg klart. Men me har behov for å gjera våre justeringar og innspel for å gjera det endå betre.

– På møtet kom det også forslag frå både næringslivet, universiteta og forskingsinstitutta om å auka budsjettet til Horisont Europa frå 100 milliardar til 120 milliardar euro. Kva synest du om det?

– Avgjerdene blir jo tekne i EU. Og Noreg er jo som kjent ikkje ein del av EU. Det er klart at me har høve til å påverka, ikkje minst når det gjeld utforminga og med understrekinga av framifrå forsking og at dei skal ha bestemte oppgåver. Men avgjerdene er det til sist Europa og EU som tar, slår ho fast.

Både NHOs Tore Lie, Forskingsinstituttas fellesorganisasjon ved Nils Røkke, og Universitets- og høgskulerådet ved prorektor Kenneth Ruud ved UiT - Norges arktiske universitet var altså samstemte i at budsjettet til forskingsprogrammet burde aukast, kanskje opptil 120 milliardar euro i seksårsperioden.

Det var også semje om at det måtte satsast endå meir på forsking på hav,anten det handlar om klimaendringar,overføring av transport frå land til sjø undersjøisk gruvedrift og anna havforsking.

I løpet av oktober vil regjeringa ha klar dei norske prioriteringane for Horisont Europa, opplyste Iselin Nybø på dialogmøtet.

Denne artikkelen ble først publisert i Uniforum.

Dette er dei norske universiteta og høgskulane sine krav til Horisont Europa:

- Full integrasjon av EØS-medlemane i forskingsprogrammet Det samla budsjettet til forskingsprogrammet må aukast monaleg

- Det må satsast på samfunnvitskapleg og humanistisk forsking. UHR støttar forslaget om ein klynge med samfunnsvitskapleg og humanistisk forsking. Men budsjettforslaget til dette er for lågt.

- Det er viktig med eit europeisk innovasjonsråd for å utvida universiteta si rolle i den tredje pilaren til Horisont Europa.

- Det bør leggjast større vekt på synergiar mellom Horisont Europa og Erasmus

- EU bør i større grad akseptera institusjonane sin eigen praksis for budsjettering og rekneskapsføring

-Open vitskap, open tilgang, open evaluering og open data

(Kjelde: Kenneth Ruud, Universitets- og høgskulerådet og Universitetet i Tromsø)