Viltsafari på ville vegar – når turisten blir tankelaus

Kathrin Jathe angrar på elefant-safarien i Sri Lanka, og trekkjer parallellar til uansvarleg viltturisme i Noreg. Illustrasjonsfoto: Nicholas Murawski - Unsplash.

I fjor sommar reiste eg og kjærasten min på ferie til Sri Lanka, og elefantsafari skulle vera eit av høgdepunkta. Det blei ein ferie eg kom til å angra på.

Kathrin Jathe er doktorgradsstipendiat innanfor naturbasert reiseliv ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) og forskar i BIOTOUR-prosjektet.

Å reisa rundt i Sri Lanka er ein enkel sak, og folka er gjestfrie. Likevel kom eg heim med kjensla av å ha sprengt budsjettet mitt. Ikkje økonomisk, men med omsyn til det eg er villig til å akseptera av negativ innverknad på det lokale økosystemet.

Talet på turistar som reiser til Sri Lanka er nærmast femdobla sidan borgarkrigen tok slutt i 2009. Øya er kjend for sin rike natur, men biomangfaldet er truga. Verneområda i landet blir desto viktigare å ta vare på.

Jakta på «wow»-augeblikket

Det me trudde skulle bli eit av høgdepunkta på turen var ein safari på ekte økoturisme-vis. Dei tilsette ved «øko-lodgen» me overnatta på snakka varmt om safarien i Minneriya nasjonalpark – der ville me unngå dei store turistflokkane.

Sjokket var difor stort då me kom fram til nasjonalparken og såg omfanget av bilar ved innfallsporten. Dei fleste av turistane fann seg kjapt ein bil med sjåfør og drog inn i parken utan noko form for guiding eller regulering.

Då me nærma oss vassreservoaret fekk me auga på mange elefantar og eit rikt fugleliv, men i løpet av nokre få minutt var det meir bilar i området enn dyr. Brått var landskapet prega av selfie-stengene, bråket frå bilmotorane og støvet som virvla opp bak dei grove dekka.

Dette var først og framst ei samling av safaribilar – ikkje elefantar. Det var verkeleg urovekkjande og ubehageleg å vera vitne til at sjåførane konkurrerte om å koma nærast dei ville dyra.

Safari-sjåførane konkurrerte om å koma nærmast dei ville dyra i Minneriya nasjonalpark i Sri Lanka, skriv bloggaren. Foto: Kathrin Jathe.

Liknande utfordringar i Noreg

Viltturismen i Noreg er heller ikkje fri for slike problem.

I forskingsprosjektet BIOTOUR undersøkjer me tilbodet av og etterspurnaden etter tenester i den naturbaserte reiselivsmarknaden her i landet. Kollegaene mine har studert trendar, og fann ut at viltturisme, og spesielt fuglekikking, er ein sektor med vekstpotensial.

Samstundes viser studiar at ville dyr kan bli negativt påverka av såkalla «ikkje-konsumerande» reiselivsaktivitetar som safari. Eit døme er den aukande fugleturismen i naturreservatet på Hornøya i Varanger. Ein ny rapport frå Norsk institutt for naturforskning (NINA) dokumenterer mislukka hekking i område nær turstiane på øya.

Turisme kan med andre ord vera ein trugsel mot sin eigen eksistens.

Det rike fuglelivet i Varanger i Nord-Noreg er ein turistmagnet, men mange besøkande forstyrrar hekkinga ved å gå nærmare sjøfuglane enn det som er lov. Foto: Frida Omma.

Elefanten i rommet

Eg og sambuaren min var djupt frustrerte over det me hadde vore vitne til i Sri Lanka. Kor var reguleringane som skulle verna om dei ville dyra? Dette var tross alt ikkje det første naturområdet der ein forsøker å kombinera bruk og vern. Det er allereie utvikla gode retningslinjer, målemetodar og verktøy for dette føremålet.

Opplevinga hadde openbart vore meir verdifull for oss dersom dei ansvarlege hadde handtert nokre få aspekt på ein betre måte. Eg hadde sett langt meir pris på ein garanti for ein ansvarleg safari enn ein garanti for å sjå ville dyr.

Kvifor var det ingen kritikk å spora – verken hos Lonely Planet eller på Trip Advisor?

Forbrukaren har makt

Ferien i Sri Lanka var for meg ei viktig påminning om det ansvaret me har som turistar. Me bør alle ta eit oppgjer med vår eigen reiselivsstil og velja ferieaktivitetane våre med omhug. Når me møter på praksis som ikkje er berekraftig, har me ansvar for å ta eit kraftig oppgjer med dette.

Me må dela dei negative opplevingane og meiningane våre med tilbydarane, potensielt framtidige kundar og folk rundt oss – i same grad som me gjerne deler positive ferieopplevingar. På den måten kan me endra det som er akseptert som «normalt», og få reiselivsbedriftene til å gå over til ein meir berekraftig praksis.

For alt ansvaret ligg ikkje på turisten. Destinasjonane må sørgja for ansvarleg planlegging og styring av næringa. For tilbydarane kan Trip Advisor vera eit godt utgangspunkt for å forstå marknaden dei opererer i, men å studera omtale av bedrifta sin på internett må aldri føra til den konklusjonen at det å tilby «mange elefantar» åleine er ein berekraftig forretningsmodell.

Som turist bør du krevja garanti for ein ansvarleg safari – ikkje garanti for å sjå ville dyr, meiner bloggar Kathrin Jathe. Foto: CH / Visitnorway.com.

Kjenn din turist!

Kva vil turistane eigentleg ha og kva er dei villige til å betala for? Dette er spørsmål som også Noreg må finna svaret på. Forsking har vist at kommunikasjon og opplæring kan bidra til meir reflekterte turistar og på sikt føra til meir ansvarleg åtferd og etterspurnad.

Pågåande forsking på fuglekikking i BIOTOUR-prosjektet undersøkjer korleis me kan tilpassa pakking og marknadsføring av reiselivsprodukt til preferansane innan ulike fuglekikkarsegment. Me kartlegg etterspurnaden etter økosertifisering, preferansar for karakteristikkar ved ulike fuglelokasjonar og fuglekikkarane sin vilje til å betala for naturvern.

I eit større bilete forskar me på korleis opplevingar innan viltturisme kan handterast på ein meir berekraftig måte. Kunnskap om dette kan hjelpa destinasjonar og bedrifter med å tenkja heilskapleg i utviklinga av reiselivsprodukt og i arbeidet med å nå ønska målgrupper.

Alt i alt kan meir kunnskap om marknaden for viltturisme bidra til meir berekraftige og robuste rurale økonomiar i Noreg og andre stader – som i Sri Lanka.

Konklusjonen min er at livet har betre ting å by på enn tankelaus reising jorda rundt. Kanskje kan buddhistane sin filosofi vera løysinga på dette dilemmaet – ta den gyldne middelveg mellom hedonisme og sjølvfornekting.

Uansett, ikkje legg tankane igjen heime når du skal ut og reisa.

Powered by Labrador CMS