Behandlar elevane ulikt

- Lærarar ser ut til å behandle elevar i ein og same klasse så ulikt at dei oppleverlæringsmiljøet vidt forskjellig, seier Elin Thuen.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

- I staden for å snakke om eitt læringsmiljø, kan vi seie at kvar elev har sitt eige, seier Thuen.

Ho har avlagt doktoravhandling ved Senter for åtferdsforsking ved Universitetet i Stavanger.

Thuen har sett på det komplekse samspelet mellom elevane si oppleving av læringsmiljøet, korleis dei meistrar stress på skulen og sosiale og emosjonelle vanskar.

- Det er på tide å stille spørsmål ved kva det er som gjer at ein lærar behandlar elevar i same klasse så ulikt, og om lærarane er klar over at dei gjer dette, seier Thuen.

I forskinga si har Thuen brukt data frå eit nasjonalt representativt utval av elevar frå 1998, og frå eit intervensjonsprosjekt på ein ungdomsskule, der elevane svarte på spørjeskjema både før og etter endringane frå prosjektet var trått i kraft.

Takling av stress

- Vi ville måle i kva grad individuelle forhold hjå elevane spelte inn på samanhengen mellom læringsmiljø og sosiale og emosjonelle vanskar.

- Det gjorde vi ved å sjå på korleis elevane meistra stresset dei opplever på ungdomsskulen, seier Thuen.

Ho fortel at elevane nokså ofte brukte lite effektive meistringsstilar, som det å gi opp eller bli sinte.

Resultata viser at måten elevane taklar fagleg og sosialt stress på, heng saman med sosiale og emosjonelle vanskar.

- Elevane som reagerte med sinne sleit gjerne med både utagerande åtferd, emosjonelle problem og konsentrasjonsvanskar.

- Elevar med emosjonelle problem klandra også ofte seg sjølve, medan elevar med konsentrasjonsvanskar brukte lite problemorientert meistring, seier Thuen.

Ho legg til at problemfokusert meistring likevel var den mest vanlege måten å takle stress på i ungdomsskulen.

Ulike læringsmiljø

- Samanhengen mellom læringsmiljø og sosiale og emosjonelle vanskar er til ein viss grad ein refleksjon av individuelle forhold hjå elevane, som meistringsstilane viser, seier ho.

Elevar som bruker mykje aggressiv meistring og som har lett for å gi opp, opplever gjerne at læringsmiljøet er negativt.

- Når ein lærar reagerer negativt på ein elev som ofte blir sint, er det med på å gjere læringsmiljøet til denne eleven dårleg.

- Ein elev som derimot bruker mykje problemfokusert meistring, vil lettare oppleve læringsmiljøet positivt, seier Thuen og forklarer:

- Lærarar møter kanskje dei konstruktive elevane på ein meir positiv og støttande måte.

- Det er eit tankekors at lærarane er med å skape gode og dårlege læringsmiljø for elevane, gjennom måten dei møter elevane på.

Saknar støtte

Thuen fann fleire interessante samanhengar mellom endringar i læringsmiljø og åtferd i sin studie. Gode relasjonar mellom elev og lærar viste seg å spele ei særs viktig rolle.

- Når ein lærar viser at han bryr seg om elevane, gjer det at elevane føler tilhøyre til skulen. Det verkar positivt både på motivasjon og åtferd.

- Emosjonell støtte frå læraren kan dermed redusere konsentrasjonsproblem og utagerande åtferd i klassen, seier Thuen.

I studien sin fann ho at kvar tredje elev på ungdomsskulen synest dei får for lite emosjonell støtte frå læraren.

- Dette er triste tal, når vi veit kor viktig denne støtta er, seier Thuen, som trur mange lærarar har ei utfordring i det å like dei elevane som ikkje er så lette å like.

Powered by Labrador CMS