Slik kan ein utandørs skuletime sjå ut. Nesten alle skulane som var med i prosjektet har halde fram med fysisk aktivitet som metode. Trudvang skule i Sogndal er ein av dei. (Foto: Christian Blom)

Betre i matte med aktiv skuledag

Elevar som strevar med matematikk, gjer det betre på skulen når ein del av undervisninga flyttar ut på skuleplassen.

Vi sit for mykje i ro – alle som ein. Til og med tiåringar har for mange timar på baken. Forskarane veit kor godt det ville vere for helsa deira med meir hopp og sprett og mindre tid i klasserommet. Men ville det òg få elevane til å lære betre?

Spørsmålet har interessert forskarar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane i fleire år. I 2014 starta dei ein studie, kalt Active Smarter Kids (ASK), som skulle følgje 1200 femteklassingar som fekk skuledagen sin justert. Det nye var at fysisk aktivitet vart brukt som ein eigen læringsmetode i fleire av faga.

Les også: Testar om elevane blir smartare av fysisk aktivitet

Mattebingo og stafettar

Der elevane før sat bøygde over pultar for å notere nye engelske ord, skulle dei no ta på jakka si og springe glosene inn hovudet på plassen utanfor skulebygningen. Sjølv om dei framleis gjorde matteoppgåver på tavla som andre elevar, gjekk nokre av mattetimane føre seg ute, der dei til dømes spelte mattebingo.

Alt frå verbbøying til pugging av hovudstadar vart til stafettar der alle elevane på laget måtte springe, hinke eller hoppe seg gjennom oppgåvene. Til saman flytta skulane i forsøket ein og ein halv time av undervisninga ut i skulegarden, kvar veke. Forsøket varte frå november til juni.

Også den tradisjonelle undervisinga i klasserommet vart røska opp i. For når elevane hadde sete i ro ei stund, annonserte læraren «aktiv pause» og sette på ein video som alle skulle danse til. I tillegg til andre heimelekser fekk elevane i forsøket ei «aktiv heimelekse», som å springe rundt huset fem gonger eller hoppe sjugongen med tau.

Engelsktime utandørs på Trudvang skule i Sogndal. Skulen har i meir enn 10 år hatt dagleg fysisk aktivitet på timeplanen. (Foto: Christian Blom)

90 minutt meir fysisk aktivitet i veka

Halvparten av elevane gjorde ingen av desse tinga. Medan elevane som tok del i forsøket spratt rundt på skuleplassen, sat dei andre i klasserommet som vanleg.

– Skilnaden var at ungane vi studerte, fekk 90 minutt meir fysisk aktivitet på skulen i veka enn resten, pluss fem minuttar kvar dag der dei var aktive i klasserommet, seier prosjektkoordinator Geir Kåre Resaland.

Resaland understrekar at aktivitetane i skulegarden var fagleg kopla til undervisinga som føregjekk i klasserommet.

– Opplegget elevane hadde ute, var ein del av ein større fagleg heilskap, leia av lærarar som er etterutdanna og som sjølv har bidrege til å utvikle ASK-opplegget, forklarer han.

Såg på rekning

For mange rektorar og politikarar er det skuleprestasjonane som i siste instans gir svaret på om nye læringsformer har livets rett. Denne studien har vore følgt med stor interesse frå foreldre, skuleleiarar, organisasjonar, media og partia på Stortinget.

For å granske kor vidt elevane som rørte meir på seg gjorde det betre i dei teoretiske skulefaga, undersøkte forskarane kor godt elevane gjorde det på nasjonale prøver. Ei av evnene dei fokuserte på, var rekning.

Snart to år etter at forskarane gjekk i gang, har dei oversikt over resultata på nasjonale prøver. I tillegg har dei mellom anna analysert tiåringane sine tilbakemeldingar om trivsel, studert data frå aktivitetsmålarar og sett på kor godt elevane løyste ulike oppgåver. Særleg eitt av resultata er gledeleg.

Dei svakaste vart flinkare i rekning

Ved Vassenden skule i Jølster la lærarane merke til at elevar som strevde med matte, strålte på ein ny måte etter aktivitetar som mattestafett. Men også dei typisk skuleflinke var tydeleg nøgde når laget deira gjorde det bra.

– Vi opplevde at medan dei som var gode i matte vart engasjerte av faget, fekk dei som var mindre flinke i matte innpass fordi dei var viktige for laget, forklarer Anne Cecilie Kapstad, rektor ved skulen.

Nettopp denne effekten har forskarane dokumentert: Elevane som strevde mest med rekning, viste stor framgang på nasjonale prøver i rekning i løpet av forsøket.

Forskarane forklarar funnet med at dei svakaste elevane kan ha spesielt stort utbyte av å vere i aktivitet når dei skal lære.

– Barn lærer på ulike måtar. Vi har auka kunnskapen om ein av desse måtane – å lære medan ein er fysisk aktiv, seier Resaland.

Nokre av mattetimane gjekk føre seg utendørs, noko som kan bidra til at nokre elevar gjer det betre på skuletestar. (Foto: Christian Blom)

Alle gjorde det ikkje betre

Med dei kriteria forskarane hadde pålagt seg sjølve, greidde dei ikkje å slå fast at dei aktive læringsformene førte til at elevane samla sett gjorde det betre på skulen.

– Noko av forklaringa ligg truleg i at kontrollgruppa var like fysiske aktive som forsøksgruppa, seier professor Sigmund A. Anderssen. Han jobbar ved Norges idrettshøgskole og har vore prosjektleiar for ASK-studien.

– Fordi elevane i kontrollgruppa òg gjekk med aktivitetsmålar rundt livet, veit vi at dei var omtrent like aktive som deltakarane i forsøket, både i skuletida og på fritida, seier Anderssen.

Dermed var premissen for endring på gruppenivå svekka.

Forsøk i feil fylke?

Forskarane har fått åtvaringar om at Sogn og Fjordane var eit farleg forsøksfylke.

For sjølv i ei tid der paradis og løkkefotball tapar mot sosiale medium og skjermbruk, held den gamle statistikkvinnaren i vest stand. Fylket er mindre råka av den passive livsstilen enn landet elles.

– Dette var truleg hovudgrunnen til at det ikkje let seg gjere å dokumentere nokon skilnad i skuleprestasjonar for elevane under eitt, seier Resaland.

Mange skular held fram

Det forskarane set størst pris på når studien nærmar seg slutten, er at læringsmetodane frå studien ser ut til å få eit langt liv på norske skular.

– Mange forskarar, stipendiatar, studentar og anna testpersonale har gjort ein stor jobb for å gjennomføre denne studien. No er det opp til skulane, kommunane og politikarane å utvikle opplegget og gjere det til ein del av norsk skulekvardag, seier Resaland. Fagmiljøet hans vil òg halde fram med å forske på temaet.

Forskarane veit at elevar, lærarar, foreldre og rektorar har lagt sin elsk på Active Smarter Kids-opplegget. Nesten alle skulane som deltok i forsøket, vil gå vidare med dei fysisk aktive læringsformene.

– Som forskar er det gledeleg å sjå at mange av skulane held fram, og ikkje minst at dei utviklar konseptet vidare, seier Resaland.

Referanse: 

Geir Kåre Resaland, mfl. Effects of physical activity on schoolchildren’s academic performance: The Active Smarter Kids (ASK) cluster-randomized controlled trial i Preventive Medicine, volum 91, oktober 2016. Sammendrag

Powered by Labrador CMS