- Skulen skaper taparar

Professor i pedagogikk ved Høgskulen i Volda, Peder Haug, hevdar at skulen skaper taparar. Han meinar at samfunnet plagar tusenvis av normalytande elevar, som ikkje finn seg til rette i skulen, ved å presse dei til å gjennomføre etter det systemet vi har i dag.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Peder Haug fekk i oppdrag av Noregs forskingsråd å leie evalueringa av Reform 97. Denne evalueringa har mest truleg vore den største samla satsinga på forsking om grunnskulen nokon gang i Noreg. Evalueringa av Reform 97 har gitt ei rekkje svar på korleis det står til i grunnskulen.

- Kva er det med skulen som skaper taparar? Er det gjort funn i undersøkinga av Reform 97 som gjer at ein kan trekkje denne konklusjonen?

- Eit av dei sentrale resultata er at skulen er slik at det vert systematiske skilnader mellom elevar når det gjeld skuleprestasjonar. Jenter er stort sett betre enn gutar, elevar med foreldre med låg utdanning presterer dårlegare enn elevar med foreldre med høg utdanning. Elevar med anna morsmål enn norsk har vanskar osv.

- Problemet ligg på mange nivå. Nokon er fagleg betre enn andre, slik er det og slik har det alltid vore. Det er skulesystemet slik det er, som skaper taparar. Det er mange som ikkje vil gå på skulen, men dei må. Om dei hadde fått arbeide i staden, hadde dei fått eit betre liv, seier Peder Haug.

- For mange år på skulen

- Heilt fram til slutten av 1960-talet var ein ferdig etter sjuande klasse, og dei som ville, kunne begynne å jobbe innan industri, fiske eller jordbruk. No er skulen tiårig, dei fleste går også vidaregåande og er ikkje ferdige før i 18- 19-årsalderen. Etter at den skulepliktige alderen vart forlenga, fekk vi ein boom av elevar med trivselsvanskar. Desse elevane kom inn i klassene og skapte problem.

- Kva er det som er viktige faktorar for å få til “den gode skule” i dag?

- I dag legg vi stor vekt på sterkt utvikla kollektiv kulturar som forklaring på den gode skule. Det at alle lærarar i lag støttar opp om dei ideane som skulen arbeider for, at ein løfter i flokk, seier Peder Haug.

Vanskeleg kombinasjon

Peder Haug seier at det vart tenking rundt faglege prestasjonar, ein ville ha maksimal trivsel og maksimale faglege prestasjonar. Dette er ein kombinasjon som er svært vanskeleg å få til.

- Kva tiltak frå departementet si side vert gjort i Reform 2006? Er det relevante satsingsområde som kan vere med på å redusere problemet i den nye reforma?

- I Reform 2006 er det mellom anna fire punkt som har vorte vektlagt og som skal vere med på å skape betre tilhøve i skulen.

- For det første skal den lærande skulen skape dei kollektive kulturane, for det andre skal ein oppdatere lærarane fagleg. Det tredje punktet er å utvikle arbeidsmåtane slik at ein treff kvar enkelt elev på eleven sitt nivå, noko vi kallar tilpassa opplæring. I tilegg til dette skal lærarutdanninga utviklast meir.

- Departementet er akkurat i ferd med å evaluere lærarutdanninga, men dei har likevel kome fram til at dei skal finne på noko nytt, fortel Peder Haug.

Møter ikkje den enkelte

Skulen klarer altså ikkje å møte den enkelte elev på det nivået som er nødvendig for å få skape ein god skulekvardag for barna.

Kvar ligg problemet i skulen? Er det i skulen som organisasjon, eller er det ein svakheit i lærarutdanninga at det til dømes vert lagt for mykje vekt på pedagogikk og for lite på det faglege?

No er det slik at så å seie alle som vil verte lærarar kjem inn på studiet. Det har vore ei oppmoding om å stryke fleire lærarstudentar.

- Er det eit problem at lærarane er for svake fagleg, at dei er for kunnskapsfattige?

- Balansen mellom det faglege og det pedagogiske i lærarutdanninga er eit evig stridsspørsmål, men ein har aldri hatt så lite pedagogikk i lærarutdanninga som no, seier Peder Haug.

- Det at det høge snittet for å kome inn på utdanninga ikkje lenger er til stades, er noko som har oppstått i løpet av 1990-talet. Før var det like vanskeleg å komme inn på lærarutdanninga som på medisin. Det er ikkje så lenge sidan denne situasjonen oppstod, så vi skal hugse at dei dyktige lærarane er enno der ute og gjer ein god jobb.

- Men det er klart at om dei nyutdanna lærarane ikkje kan faget sitt, så kan dei heller ikkje undervise godt.

For store forventningar

Haug meinar at det vert det stilt for store forventingar til denne utdanninga. I følgje ei svensk undersøking fann ein ut at om forventningane skulle verte tilfredstilt, så måtte utdanninga vare minimum 14 år.

- Det er urealistiske forventningar til utdanninga, seier Haug.

- Kva ser du for deg som ei løysing på problemet?

- Løysinga er å få til ein skule der det er enklare å vere. Skulen i Noreg skal vere best i verda, ein skal unngå taparar, og det skal vere kjekt å vere der. Dette er tilhøve som er umulige å kombinere, seier Haug.

- Meir arbeidsliv

Han seier at om ein hadde fått til å kombinere skule med opplæring i arbeidslivet, slik at dei elevane som ikkje har det så greitt på skulen, kunne fått seg lærlingkontraktar, trur han det hadde gjort livet betre for mange.

Det er vanskeleg å kombinere skule og arbeidsliv her i Noreg når næringslivet er lite interessert i å ha lærlingar.

- I Tyskland er dette veldig utbreidd og sett inn i systemet. Det har vist seg å vere ei god løysing. I til dømes Møre og Romsdal er det særleg vanskeleg fordi næringslivet har eit lavt utdanningsnivå. Mange stader er det enkelt å få seg jobb i næringslivet utan å ha utdanning. Dette signaliserer lite krav til utdanning til elevane, seier Haug.

Powered by Labrador CMS