EU-nei var ja til Noreg

EU-debatten kom i svært liten grad til å handle om EU og Europa, men i større grad om Noreg og det norske, viser ei ny doktoravhandling.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

"Ja-sida brukte historia for å ironisere over det nasjonale og den norske nisselua, medan Nei til EU såg på historia i eit motmaktperspektiv."


– EU-spørsmålet handla ikkje berre om framtida til nasjonen, men om forståinga av oss sjølve og vår eigen identitet.

– Nei til EU skisserte ei verd av felles erfaringar som mange kunne kjenne seg igjen i og ei felles historie som handla om kven vi er og vil vere, seier Line Esborg.

Ho disputerte nyleg ved Institutt for kulturstudiar og orientalske språk ved Universitetet i Oslo.

Om den norske identiteten

I doktoravhandlinga Det norske nei til EU. En studie av motstand som kulturell praksis tek ho utgangspunkt i organisasjonen Nei til EU.

– Målet har ikkje vore å forklare utfallet av folkeavstemmingane, men å sjå kva for meiningssamanhengar argumentasjonen til nei-sida er forankra i. Eg har studert argumentasjonen til nei-sida heilt frå 1961 og fram til folkeavstemminga i 1994.

– Ser ein på meiningsuniverset til Nei til EU, vil ein oppdage at det handlar mykje om identitet – om meiningar, verdiar og haldningar. Studerer ein argumenta, ser ein at diskusjonen i liten grad handlar om EU og Europa.

– Debatten er meir innoverretta, og handlar i større grad om Noreg og det norske, seier Esborg.

Historie i motmaktperspektiv

– Ser ein på meiningsuniverset til Nei til EU, ser ein at diskusjonen i liten grad handlar om EU og Europa, seier Line Esborg. (Foto: Annica Thomsson)

Ho meiner nei-sida fungerte svært godt retorisk under EU-kampen, ikkje minst fordi Nei til EU stod fram som ei folkeleg rørsle.

– EU-saka vart så viktig at svært mange valde å stå på stand for å demonstrere synspunkta sine offentleg.

– Slik fekk nei-tilhengarane direkte kontakt med folket rundt i landet, noko som også viste det norske demokratiet i praksis.

– Kva for verkemiddel brukte nei-sida som ikkje ja-sida tok i bruk?

– Nei-sida greidde å lage ein argumentasjon som vann gjenklang i befolkninga, og mange av argumenta var forankra historisk.

– Ja-sida brukte historia for å ironisere over det nasjonale og den norske nisselua, medan Nei til EU såg på historia i eit motmaktperspektiv – til dømes unionshistoria og motstandshistoria frå 1972.

– Det var ein god retorisk strategi å velje eit folkeleg omgrep som motmakt, meiner Esborg.

Vart meir politisk korrekt

I 1972 var nei-sida delt i mange fraksjonar, men på 1990-talet greidde nei-sida langt på veg å samle seg.

– På 1990-talet var debatten meir politisk korrekt enn i 1972, og nei-sida vart meir forsiktig med symbolbruk, som til dømes bruken av det norske flagget. Målet var å samle alle moglege slags folk som kunne tenkjast å stemme nei.

"– EU-spørsmålet handla ikkje berre om framtida til nasjonen, men også om vår eigen identitet, meiner Line Esborg."

Inga politisk sak har engasjert nordmenn meir enn spørsmålet om medlemskap i EU, og valdeltakinga i 1994 var på heile 89 prosent.

– Ikkje sidan innføringa av den allmenne røysteretten i 1913 har så mange delteke i eit val i Noreg, fortel Esborg.

Ho er den første som har utført ei så omfattande nærstudie av nei-sida i den norske EU-debatten.

Peikar:

Det norske nei – pressemelding om disputasen

Powered by Labrador CMS