Prisvinnarane - Carol A. Dralega og Hilde G. Corneliussen. (Foto: Vestlandsforsking)

Fekk pris for forsking på dataspel og integrering

Carol Azungi Dralega og Hilde G. Corneliussen vart nyleg tildelt pris under Fjordkonferansen 2018 i Ålesund for deira arbeid om dataspel og innvandrarungdom.

Det var Sparebanken Møre som delte ut prisen til forskarane Carol Azungi Dralega og Hilde G. Corneliussen ved Vestlandsforsking.

Artikkelen «Gaming and identity construction among immigrant youth in Norway» vart vurdert som den beste artikkelen blant 20 bidrag i Fjordantologien 2018.

Tildelinga fann stad under Fjordkonferansen som vart arrangert 21. – 22. juni i Ålesund, og det var Øyvind Heimset Larsen ved Vestlandsforsking som tok imot prisen på 10 000 kroner på vegne av prisvinnarane.

- Det var veldig kjekt å vinne forfattarprisen i år, i eit felt av så mange sterke bidrag. At akkurat vårt kapittel vart trekt ut, er ei anerkjenning av at forskinga vår er relevant og viktig i forståinga av korleis teknologi er med på å forme verda i lever i, seier Carol Azungi Dralega.

Les meir om prisen på vestforsk.no.

Powered by Labrador CMS