Verdien av å undre seg

Eit nytt program skal få meir forsking inn i lærarutdanninga og grunnutdanninga. Forskinga skal vere til nytte for lærarane i deira møte med skulen og for lærarutdannarane og skulane i deira utviklingsarbeid.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Lærarstudentar som skal ut i skulen, treng ballast med seg i sekken. Nytilsette lærarar treng kunnskap dei kan bruke i skulekvardagen. Med programmet “Praksisretta FOU i grunnutdanning og lærarutdanning” skal forskarar, skuleeigarar og lærarutdannarar gå saman for å vinne ny kunnskap. Forsking og praksisfelt skal gå hand i hand.

Programmet er initiert av Utdannings- og forskingsdepartementet, no Kunnskapsdepartementet, som har bede Norges Forskingsråd om å administrere arbeidet med programmet. Det skal gå over fire år med ei samla bevillingsramme på 92 millionar kroner.

Forsking til nytte

Førsteamanuensis Elaine Munthe frå Senter for åtferdsforsking ved Universitetet i Stavanger (UiS) er medlem i Forskingsrådet sitt programstyre. Ho har stor tru på meininga med programmet.

"Elaine Munthe"

- Dei overordna måla er å utvikle kunnskap som kan styrkje grunnopplæring og lærarutdanning, fremje FOU-arbeid i lærarutdanningane og betre samanhengen mellom yrkesutdanning og yrkesutøving. Lærarstudentar, lærarar og forskarar skal altså jobbe saman. Og forskinga skal brukast. Vi treng meir forskingsbasert kunnskap inn i skulen, forklarer Munthe.

Eit absolutt krav i programmet er at praksisfeltet skal vere med. Samarbeid mellom skuleeigarar, lærarutdannarar og forskarar skal dokumenterast. Prodekan for forsking ved det humanistiske fakultet ved UiS, Geir Skeie, meiner nytte er eit viktig stikkord i denne samanhengen.

- Forsking dreier seg meir og meir om nytte og samfunnsmessig relevans. Dette viser igjen i fleire program. Mykje tyder på at myndigheitene meiner forskinga må kome til nytte, seier han.

Unge forskarar

Meir forsking inn i lærarutdanning og grunnutdanning er viktig av fleire grunnar. Ikkje berre skal den nye kunnskapen kome til nytte, den skal også sikre god forsking i framtida.

- Ei evaluering av norsk pedagogisk forsking har vist at det er eit stort behov for unge forskarar. Slik situasjonen er i dag, har vi eit stort gap mellom professorar og stipendiatar. I forsking må ein tenkje langsiktig. Rekrutteringa må starte frå fyrste dag, seier Munthe.

Eit av måla med programmet er derfor å få lærarstudentane aktivt med i forskinga.

- Studentane skal merke den praksisretta forskinga i undervisninga. Dei kan sjølv vere med i datainnhenting og jobbe med forskingsmetode. Nokon av dei kan vere med i forsøk og på den måten vere ei kjelde til datainnhenting. Masterstudentar kan skrive masteroppgåver i samband med prosjekta. Ein kan også søkje om stipendiatar, og slik sett få studentane med i heile prosessen, fortel Munthe.

"Geir Skeie"

Forskargrupper

Det praksisretta FOU-programmet vil ikkje berre at forskarar skal arbeide saman med praksisfeltet. Forskarar har også mykje å lære av å jobbe på tvers av fagmiljø.

- Det å jobbe meir på tvers, kan vere ei utfordring for mange forskarar. Ein vert veldig ofte åleine med forskinga si eller ein jobbar i små faggrupper, seier Skeie.

Å jobbe i forskargrupper og på tvers av fagmiljø, vil gje mange gevinstar, trur han.

- Det å kome saman på tvers av miljø for å planleggje ein søknad saman, er eit skritt på vegen mot ei betre organisert forsking. Det er viktig at forskarar får lyst til å byggje opp eit nettverk rundt seg. Ved å jobbe i forskargrupper kan ein både sikre ei betre rekruttering og skape eit godt miljø for forsking.

Stor interesse

Både Elaine Munthe og Geir Skeie har merka stor interesse for programmet frå fleire miljø.

- Det er ei breidde i interessa som spenner frå ulike forskarmiljø til kommunar og lærarutdanningar. Det er kjekt å sjå at skuleeigarar og lærarutdannarar gjerne vil bruke meir tid og ressursar på forsking, avsluttar dei to.

Programperioden varer fram til 2008.

(Alle foto: Elisabeth Tønnesen.)

Powered by Labrador CMS