Noregs japanarar skal lære forsking

"Da seilbåten ble erstattet av motorbåt på norskekysten, var sunnmøringen den første til å kjøpe seg en. Han betraktet mekanismen i to minutter, så forstod han. Han er Norges mest lærenemme mann…", skreiv forfattaren Agnar Mykle i boka Rubicon for snart ein mannsalder sidan. Sunnmøringane har alltid vore flinke til å kopiere. Men kan dei tenke nytt?

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

- Det stemmer nok det med kopiering. Dei små og mellomstore bedriftene har ein tradisjon for å vere jordnære på Nordvestlandet, seier Torger Reve, rektor ved Handelshøyskolen, og professor i strategi og internasjonal bedriftsledelse. Han kjenner det innovative miljøet i landsdelen betre enn dei fleste, etter å ha vore rådgivar for sunmmørsindustrien gjennom fleire år. - Det gjer heller ingenting at ein kopierar, så lenge ein tenar pengar. Sjå berre på Japan i etterkrigstida, seier Reve.

- Det klassiske dømet på sunnmørsk nyskaping er møbelgründaren som går “grunnskulen” i naboen si bedrift, for så å ta med seg basiskunnskapen, forbetre konseptet, og starte eigen fabrikk, fortel Roar Tobro, avdelingsdirektør i Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) i Ålesund. - Historisk sett finn ein fem-seks genuine innovasjonar her: Stoppa møblar på 30-talet, fabrikktrålarar på 50-talet og supplyskipa til Ulstein på 70-talet er kanskje dei meste kjente, seier Tobro. Han fortel at nyskaping i form av til dømes nyetablering vert det stadig mindre av i regionen. - Likevel er yngre leiarar og eigarar, som sjølve har høgare utdanning, no i ferd med å gjere seg gjeldande i industrien. Desse etterspør formalkompetanse, og vil med tid og stunder gjere forsking og utvikling til ein del av næringsstrukturen i landsdelen, fortel Roar Tobro.

Ikkje alle kopierar

Likevel er det ikkje alle sunnmøringar som tek til takke med å vere kopistar. - Vi kan ikkje drive produktutvikling på tilfeldig basis lenger. Kopierar ein andre sine produkter, vil ein tape på sikt. Difor er vi heilt avhengige av å kunne samarbeide med forskingsmiljø, fortel Per Erik Dalen, administrerande direktør ved MMC Group AS, ei bedrift lokalisert på Valderøya utanfor Ålesund, som i fleire år har samarbeida med forskarar om teknologiutvikling. MMC produserar mekaniske og teknologiske løysingar for fiskeindustrien, og har saman med forskarar utvikla nye produksjonsmetoder for frysing og tining av fisk, lasting og lossing, reingjering av produksjonsutstyr, og innom vakuumpumpeteknikk. - Men det er nok mange dømer på at bedrifter også kopierar ny teknologi, medgir Dalen.

Paradoksas Sunnmøre

Torger Reve meiner at sunnmøringane har eit heilt eige tilhøve til bruk av kompetanse. - Ein finn inga respekt for kunnskap i seg sjølv, men ingen slår sunnmøringane innan kommersiell teft, og dei har ei evne til å finne fram til det beste innan kompetanse og teknologisk nyvinningar som samlar sidestykke i Noreg, meiner Reve. - Kort sagt kan ein seie at næringslivsmiljøet på Sunnmøre har i seg eit lite paradoks: Ein finn nesten ikkje utdanning og forsking i regionen. Rett nok er det eit distriktshøgskulemiljø i Molde, Ålesund og i Volda, men næringslivet bruker det i mindre grad. Likevel sit ikkje næringslivet og ventar på at noko skal skje. Dei hentar heller inn den beste kompetansen der den måtte finnast, anten det er i Oslo, Bergen eller i utlandet, hevdar han. Rektoren meiner at den sunnmørske mentaliteten ber preg av at teknologiske og organisatoriske nyvinningar skal vere billige og gode, og dessutan skal andre helst betale for utviklingskostnadane.

Kvifor forsking og utvikling?

- Så kvifor brukar MMC så mykje tid på forsking og utvikling (FoU), Dalen? Kan ein ikkje nøye seg med å vere blant dei første til å “planke” ny teknologi?

- Skal vi vere leiande i marknaden, må vi forstå korleis produkta våre verkar. Vi kan ikkje eksperimentere med sikkerheit, så vi må heile tida dokumentere, på basis av forskingsresultat, kva konsekvensar teknologiske nyvinningar får for råstoffet, fortel Dalen. Han nemner bruk av ozon for reingjering av ringnotfarttøy som døme på kor viktig forskingsbiten er. - Gassen er svært effektiv i rensing av fartøyet, men vi veit ikkje kva som skjer med fisken. Vi må ha forsking og spesialkompetente miljø til å finne ut av dette. Likevel understrekar Dalen at kompetanseutvikling må vere basert på at ny kunnskap fører til praktiske handlingar, gjennom nye produkt og betre organisering av arbeidet. - Vi har ikkje kompetanse sjølv om ein professor spring rundt i korridoren, meiner han.

- Tradisjonelt har innovasjonen vore grunna på realkompetansen til dei som har jobba i dei ulike bransjane gjennom fleire år. Krava til kvaliteten og funksjonaliteten til produkta er likevel mykje større i dag enn på 50-talet, seier SND-direktøren Roar Tobro. Han meiner at den nyskapande teknologien i dag er vanskelegare tilgjengeleg enn før, og at nyetablerte bedrifter dessutan må konkurrere på verdsbasis frå første dag. - Skal vi vedlikehalde gründerkulturen på Sunnmøre, må det utviklast formalkompetanse. - Bedriftene må hente inn høgt utdanna personell, Noreg må satse på FoU-tiltak i større grad, og terskelen mellom bedrifter og FoU-miljø bør reduserast, meinar Tobro.

Rune Hoddevik er dagleg leiar i Global Products (Global) i Ålesund, eit heileigd dotterselskap i Global Fish-konsernet, som driv vidareforedling av makrell. Han delar MMC direktøren sine synspunkt. - Forsking har vist seg å vere svært viktig for oss. Ikkje minst det nyutvikla tineanlegget vårt for makrell, viser det. Det har vorte utvikla i samarbeid med Global og SINTEF, og har kort sagt ein teknologi som ved hjelp av blant anna data kontrollerar tine- og fryseprosessen, fortel Hoddevik. Tineanlegget hindrar store temperatursvingningar på makrellen når ein tilverkar han, og gjer det mogleg å filetere store mengder makrell ved lik temperatur - om lag ved frysepunktet. - Dette har sikra ein betre kvalitet på råvarene, og ikkje minst gjort produksjonen billigare. Vi kan per i dag konkurrere på pris med Kina og Thailand, og vi har fått utvikla ein produksjonsteknikk med kvalitetar ingen andre kan kome opp imot, fortel Hoddevik.

No håper Hoddevik at Global får stønad frå SND og Forskingsrådet til å utvikle ein type lettsalta makrellfilet som er mykje brukt i Japan. - Vi søker å utvikle ein metode for maskinell produksjon av lettsalta makrellfiletar som kan konkurrere både på kvalitet og pris i høve til Japan. Vi har vore i Japan i fleire månader for å studere produkta, og vi har utvikla gode relasjoner til japanske firma, avsluttar Hoddevik.

Powered by Labrador CMS