Kva har Maathai med fred å gjere?

Kritikken mot å gje Nobels fredspris til miljøaktivisten Wangari Maathai har vore uvanleg sterk.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Den 10. desember kjem ein kenyansk botanikar til Oslo for å ta imot ein av verdas gjevaste prisar: Nobels fredspris. Mange har stussa over valet av ei som er mest kjend for treplanting.

- Eg vart svært glad då eg høyrde at ho fekk prisen. Og eg vart like deprimert då eg såg kritikken mot tildelinga.

Førsteamanuensis Gunilla A. Olsson fekk oppgåva med å introduserte Wangari Maathai for NTNU i 1997. Maathai er professor i botanikk ved University of Nairobi, og deltok på ein konferanse i samband med 8. mars-feiringa det året.

Olsson, som deler fagfelt med kenyanaren, leier sjølv eit studieprogram for forvaltning av naturressursar, og kjenner godt arbeidet til fredsprisvinnaren.

Wangari Maathai er den første kvinna frå Afrika som vert æra med Nobels fredspris. Etter komiteens meining representerer ho eit døme og ei kjelde til inspirasjon for alle i Afrika som kjempar for ei berekraftig utvikling, demokrati og fred.

- Karismatisk

Olsson stadfester karakteristikken av Maathai som «inspirerande.»

- Personleg opplevde eg henne som utprega karismatisk. Ho sto fram som både intelligent og humoristisk, seier Olsson.

NTNU-professoren har vanskeleg for å akseptere kritikken mot tildelinga.

- Maathai arbeider på grasrota, jobbar nedanifrå, med kvinner på landsbygda. Sånn sett representerer denne tildelinga eit radikalt brot med hovudtendensen i fredspristildelingar, som mest går til menn som verkar på eit overordna plan, seier Olsson.

- Merkeleg

Det er uvanleg at leiande aktørar i den norske politiske debatten går så sterkt ut og kritiserer ei tildeling frå Nobelkomiteen. Men det tok ikkje mange timane frå tildelinga vart kjent, til dei første kritikarane kom på banen.

Leiar av utanrikskomiteen på Stortinget, Torbjørn Jagland, meinte såleis at det var lite modig å gje henne prisen.

- Eg ville trudd at det var viktig å gje prisen til nokon som kan bety noko for fred i framtida, sa Jagland - medan Carl I. Hagen karakteriserte tildelinga som «merkeleg».

Også forskarane slengte seg på. Espen Barth Eide ved Norsk utanrikspolitisk institutt gav uttrykk for uro for at Nobelkomiteen nå har sett seg på eit sidespor, medan direktør Gunnar M. Sørbø ved Christian Michelsens institutt i Bergen sa at «Nobelkomiteens formann har en litt misjonerende stil. Det blir veldig mye ‘afrikansk kvinne kjemper mot forørkning’. »

Vatn og krig

- Å stille retoriske spørsmål av typen «kva har miljøvern å gjere med fred?» blir feil, synest Olsson.

- Dette handlar om samanhengen mellom fred og tilgang til naturressursar. Om du ikkje har naturressursar som vatn og dyrkbar jord å leve av, vert det vanskelegare å utvikle demokrati, og med det respekt for grunnleggjande menneskerettar. Dette er fundament for varig fred, seier ho.

Professoren har sjølv røynsle frå India, kor tilgang til vatn vart årsak til konflikt. Også i Midtausten er vatn ein stadig viktigare forklaring på fiendskap mellom israelarar og palestinarar: Grunnvatnet er nå så lågt at saltvatn frå Middelhavet renn inn. Dette har ført til at palestinarar jamt over ikkje får lov til å bore nye brønnar.

- Styrkar demokratiet

- I denne samanhengen er Green Belt Movement, som Maathai har stifta, eit middel i kampen for å styrke demokrati, respekt for menneskerettar - og fred, seier Olsson, og viser til grunngjevinga frå Nobelkomiteen, som skriv at «Ved opplæring, familieplanlegging, ernæring og kamp mot korrupsjon legg Green Belt Movement vilkåra til rette for utvikling nedanfrå. Vi trur Maathai er ei sterk røyst for dei beste kreftene i Afrika til å fremja fred og gode livsvilkår på kontinentet. »

- Maathai arbeider for dei fattige, dei undertrykte, for kvinnene i samfunnet, seier Olsson, og minner om at Maathai ikkje er den første med biologibakgrunn som får fredsprisen: I 1970 valde Nobelkomiteen å gje den til den amerikanske genetikaren Norman Borlaug for hans arbeid med foredling av mais og kveite.

Olsson får støtte frå professor Helge Brattebø ved Institutt for vatn- og miljøteknikk. Også han ser på Maathais arbeid som konfliktdempande.

- Utarming av ressursgrunnlaget fører uvilkårleg til dårlegare levekår over lengre tid, noko som igjen venteleg verkar konfliktskapande, seier professor Brattebø.

Fred = fråver av krig?

- Gunilla Olsson meiner kritikken av tildelinga til Maathai aktualiserer behovet for ein ny diskusjon om kva ein eigentleg legg i omgrepet «fred».

- Er fred det same som fråver av væpna konflikt? Eller inneber det også at folk har høve til å leve anstendige liv, til å få grunnleggjande behov tilfredsstilt, at ressursane er nokolunde rett fordelt? Har fred å gjere med fridom frå fattigdom? Fridom frå svolt og undertrykking er basis for demokratisk utvikling, som igjen er fundament for varig fred, meiner ho.

Ein av dei som har ytra seg kritisk til denne tildelinga, er Nils P. Gleditsch, professor II ved NTNU og seniorforskar ved Fredsforskingsinstituttet. Han åtvarar mot at omgrepet «fred» vert utvida til å gjelde alle faktorar som utgjer eit trugsmål mot menneskes liv og helse, og ikkje berre fråver av krig:

- Då glir ein i retning av ein type argumentasjon som går ut på at «alt heng saman med alt». Vert tryggingsomgrepet utvida så mykje at det gjeld for alle moglege gode saker, kan ordet fort tape innhald, er Gleditsch’ oppfatning.

- Radikal omdefinering

- Dersom kampen mot fattigdom, epidemiar og naturkatastrofar skal kvalifisere for fredsprisen, representerer denne tildelinga ein radikal omdefinering av innhaldet i prisen, seier han.

Dette er professor Brattebø usamd i:

- Nobelkomiteens forståing av kva som er fredsskapande arbeid, har blitt utvida dei siste tiåra. Korkje Rigoberta Menchu, Aung San Suu Kyi, Shirin Ebadi eller organisasjonen Legar utan grenser fekk prisen for fredsskapande arbeid i streng forstand.

- Dei fekk den for arbeid for menneskerettar, demokrati og betre humanitære tilhøve. Innsats for å sikre det økologiske resursgrunnlaget må sjåast på som ei vidareføring av denne linja.

Må klargjere

Både Olsson og Brattebø argumenterer med ressursmangel, som til dømes mangel på vatn, som ein viktig forklaring på konflikt og ufred.

Dette stiller Gleditsch seg kritisk til.

- Spekulasjonar om «vatnkrigar» med atomvåpen og endetidsvarsel gjer seg bra i media, men er ikkje særleg godt fundert. Dersom mangel på ressursar som matjord, ferskvatn og skog fører til krig, skulle ein vente at land med slik mangel oftare er utsett for krig enn land med overflod. Men forskinga gjev inga sterk støtte til slike synspunkt, slår Gleditsch fast.

Fredsforskarane har også kjørt statistiske analysar omkring borgarkrig og ressursar. Her har dei funne at land som opplever sterk vekst i befolkninga, eller har mange innbyggjarar innafor eit lite areal, ikkje opplever auka sjanse for at det skal bryte ut borgarkrig, samanlikna med land med lågt press på jordbruksressursane.

På eitt vesentleg punkt kjem Gleditsch Olsson og Brattebø i møte.

- Kan hende er Maathais innsats for menneskerettar og demokrati i Kenya eit viktigare fredsbidrag enn treplanting. Utfordringa for Nobelkomiteen blir då å gjere klart kva for fredsteori ein eigentleg byggjer på.

Fredsprisar til kvinner gjennom tidene:

1905: Bertha Sophie Felicita von Suttner, Austerrike, ærespresident for Det internasjonale fredsbyrået. Forfattar av boka «Ned med våpnene».

1931: Jane Addams, USA, sosiolog. Internasjonal president for Den internasjonale kvinneliga for fred og fridom. Ho delte prisen med Nicholas M. Butler.

1946: Emily Greene Balch, USA, professor i historie og sosiologi. Internasjonal president for Den internasjonale kvinneliga for fred og fridom. Ho delte prisen med John R. Mott.

1977: Betty Williams og Mairead Corrigan, begge Nord-Irland. Stiftarar av den nordirske fredsrørsla.

1979: Mor Teresa, India. Leiar for Misjon for nestekjærleik.

1982: Alva Myrdal, Sverige, tidlegare statsråd, diplomat og representant ved FNs nedrustningsforhandlingar. Ho delte prisen med Alfonso García Robles.

1991: Aung San Suu Kyi, Burma, opposisjonsleiar, menneskerettsforkjempar.

1992: Rigoberta Menchú Tum, Guatemala, menneskerettsforkjempar, særleg oppteken av urfolkets rettar.

1997: International Campaign to Ban Landmines (ICBL), og Jody Williams, USA.

2003: Shirin Ebadi, Iran, for hennar innsats for demokrati og menneskerettar, særleg rettar for kvinner og barn, i Iran og den muslimske verda generelt.

Fredsprisvinnarar frå Afrika:

1961: Albert John Luthuli, Sør-Afrika, president for Den sørafrikanske frigjeringsrørsla ANC.

1984: Desmond Mpilo Tutu, Sør-Afrika, biskop, tidlegare leiar av Sør-Afrikas kyrkjeråd.

1993: Nelson Mandela, og Frederik Willem de Klerk, begge Sør-Afrika.

Powered by Labrador CMS