Ny toppleiing på UiS

Styret ved Universitetet i Stavanger har tilsett rektor Klaus Mohns næraste medarbeidarar for dei neste fire åra. Dei er Merete Vadla Madland, Bjørg Oftedal og Marte Cecilie W. Solheim.

Published Sist oppdatert

Collage med portrettbilder av tre kvinner
  • Madland får fornya tillit som prorektor for forsking 
  • Oftedal blir ny prorektor for utdanning 
  • Solheim blir ny prorektor for innovasjon og samfunn  

Dei er tilsette for fire år, frå 1. august 2023 til 31. juli 2027. Prorektorane rapporterer til, og har eit nært samarbeid med, rektor Klaus Mohn

– Med desse tre på laget får vi ei ny, sterk leiargruppe. Det blir ei god blanding av fornying og kontinuitet, variert fagleg bakgrunn og høg akademisk kompetanse, seier Mohn. 

– Eg er også glad for at dei beste kandidatane denne gong viste seg å vere tre kvinner. Det bidreg til betre kjønnsbalanse i leiinga, sidan berre ein av dekanane er kvinne, legg rektor til.  

Om den nye leiargruppa: 

Prorektor for forsking 

Merete Vadla Madland (56) er professor i reservoarteknikk og prorektor for forsking.  

Ho har vore tilsett ved UiS sidan 1999, først som stipendiat, deretter universitetslektor, førsteamanuensis og professor. Madland var leiar for Det nasjonale IOR-senteret på UiS frå 2013 til 2019.  

Sidan den gong har Madland vore prorektor for forsking ved UiS, ei stilling ho no får fornya.  

Prorektor for utdanning 

Bjørg Oftedal (55) er professor ved Det helsevitskaplege fakultetet på UiS.  

Ho vart autorisert sjukepleiar i 1991, Cand.mag i sjukepleievitskap ved Høgskolen i Stavanger (1999), Cand.san i helsevitskap ved Universitetet i Oslo (2002) og tok doktorgrad i leiing ved Universitetet i Stavanger i 2011.  

Oftedal var prodekan for utdanning ved Det helsevitskaplege fakultetet i perioden 2016-2021 og fungerande dekan ved fakultetet frå april 2021 til september 2022. 

Prorektor for innovasjon og samfunn 

Marte Cecilie Wilhelmsen Solheim (40) er professor i innovasjonsstudiar på Handelshøgskolen ved Universitetet i Stavanger.  

Ho har bachelorgrad i media (2008) og mastergrad i samfunnsplanlegging og leiing (2011) frå Høgskulen i Volda og doktorgrad frå UiS (2017) innanfor leiing med søkjelys på innovasjonsfremjande mekanismar. I 2019 vart Solheim tilsett som førsteamanuensis ved UiS. 

Ho har dei tre siste åra vore leiar for Senter for innovasjonsforsking og fekk opprykk til professor i fjor. 

Takkar av Eggen og Fitjar 

Astrid Birgitte Eggen og Rune Dahl Fitjar søkte ikkje om å få forlenga sine stillingar som prorektorar for høvesvis utdanning og innovasjon og samfunn.  

– Eg vil takke båe for den formidable innsatsen dei har lagt ned for Universitetet i Stavanger. Etterfølgjarane får store sko å fylle, seier rektor Klaus Mohn.