Rundt 90 kvinner fekk eit treningsprogram der dei trena med fysioterapeutar ein time i veka, i tillegg til daglege øvingar heime. – Det var færre kvinner i treningsgruppa som fekk problem med underlivet, seier forskar. (Foto: Shutterstock / NTB Scanpix)

Trening etter fødsel kan betre sexlivet

Sju av ti kvinner får problem med underlivet etter graviditet. Gjennom trening kan ein del få hjelp med plagene, ifølgje fysioterapeut og forskar.

– Mange kvinner opplever eit press om at kroppen raskt skal bli bra etter ein fødsel. Men det er veldig vanleg å ha plager i bekken og underliv, og mange opplever at det går ut over seksuallivet, seier stipendiat Merete Kolberg Tennfjord.

I doktorgraden sin har ho følgt 300 friske, førstegongsfødande kvinner. Kvinnene har svart på spørjeskjema både under graviditeten, seks veker etter fødsel og seks og tolv månader etter fødsel.

Vel 70 prosent av kvinnene hadde underlivsplager av varierande grad tolv månader etter fødsel. 34 prosent, altså halvparten av dei som hadde plager, opplevde at det gjekk ut over seksuallivet.

Endringar i kroppen

Under graviditeten skjer det både hormonelle og anatomiske endringar i kroppen. Magen veks og presset på bekkenet aukar. Mange opplever at organa pressast nedover i underlivet, og ein del får urinlekkasje.

Hormona gjer også at bekkenmuskulaturen og bindevevet, som held skjelett og musklar saman, blir lausare. Det er dessutan vanleg å vere trøytt og sliten og ha mindre lyst på sex.

Etter fødselen kan andre problem oppstå. Mange har fått rifter eller djupare skader i underlivet under fødselen. Amming kan dessutan gje tørrare slimhinner i skjede og underliv.

– Mange kjenner seg annleis enn før og liker ikkje den dei har blitt. For nokon er samleie smertefullt, andre opplever at dei føler mindre enn før, fordi underliv eller bekkenbotnsmuskulaturen har blitt tøya, seier Tennfjord.

Trening kan hjelpe  

Som del av doktorgraden undersøkte ho kor vidt trening kan gjere at førstegongsfødande får færre underlivsplager. Tidlegare forsking har vist at trening kan førebyggje og behandle urinlekkasje. Ein har ikkje hatt kunnskap om kor vidt andre vanlege gravidplager kan betrast.

Rundt 90 kvinner fekk eit treningsprogram der dei trena med fysioterapeutar ein time i veka, i tillegg til daglege øvingar heime. Ei kontrollgruppe med like mange kvinner fekk ikkje noko treningstilbod.

Treninga starta seks veker etter fødsel og varte i fire månader. Programmet omfatta heile kroppen, med styrkeøvingar for armar, bein, mage, rygg og sete, alle muskelgrupper som kvinna treng etter at ho har født eit barn. I tillegg vart bekkenbotnen trena spesielt, gjennom knipeøvingar der ein trekkjer saman området rundt urinblære og endetarm.

– Vi såg at det var færre kvinner i treningsgruppa som fekk problem med underlivet, seier Tennfjord.

Særleg éi gruppe kvinner såg ut til å ha effekt av treninga.

– Dei som hadde fått ein alvorleg skade i bekkenbotnsmuskulaturen under fødselen, fekk færre plager etter gjennomført trening samanlikna med dei som ikkje trena.

– Kvinner må få informasjon

Ifølgje Tennfjords funn er dei mest hyppig rapporterte underlivsplagene smerter frå bekken og underliv, ei kjensle av at skjeden er meir open, samt at underlivet er tørt og sårt.

Ho meiner at det er på høg tid å snakke meir om slike plager. Mødrer kjem til kontrollar i helsevesenet både under graviditeten og etter fødselen, og her bør dei få informasjon om kva dei kan gjere for å førebyggje.

– Både jordmor og lege som følgjer den gravide før fødselen, og lege og helsesøster som følgjer mor etterpå, bør vere bevisste på dei plagene som kan oppstå. Seksvekerskontrollen er spesielt ei fin mulegheit til sjekke at muskulaturen verkar som han skal. Viss kvinna har problem med å knipe riktig eller opplever andre plager, kan ho sendast til ein fysioterapeut.  

Det er vanskeleg å gjere desse øvingane rett utan å ha fått vegleiing, påpeikar ho.  

– Gjer ein det på feil måte, kan ting bli verre og ein får andre plager i tillegg.

Ein jobb som bør applauderast

Sjølv om ho oppmodar alle kvinner til å trene for å førebyggje plager, understrekar ho at det ikkje er nokon tryllestav.

– Det kan hjelpe nokon, men det løyser ikkje alle problem. Graviditets- og fødselsplager er samansette, og både fysikk, psykologi og forholdet til partnar speler inn, spesielt når det gjeld seksualfunksjon.

Tennfjord jobbar også som fysioterapeut. Ho har opplevd at mange er redde for at kroppen ikkje skal komme tilbake til det normale igjen.

– Da må ein også tenkje på kva kroppen har klart å få til. Kvinna har gjort ein real jobb som bør applauderast. Det første året etter fødselen er mor i ein helingsprosess. Dei aller fleste får eit normalt liv og eit godt sexliv igjen etterpå, seier Tennfjord.

Referanse: 

Merete Kolberg Tennfjord: Pelvic floor muscle function, vaginal symptoms and symptoms of sexual dysfunction in first time mothers: a cohort and a randomised controlled trial. Doktorgrad ved Norges Idrettshøgskole. 2017. Sammendrag

Powered by Labrador CMS