Varmekjær stokkmaur (Camponotus ligniperda, vengelaus dronning) kan gjere skade i hus ved å bygge reir i bygningsmateriale, men dei et ikkje trevirke. (Foto: Karsten Sund)

Venn ute – uvenn inne

Han er filmstjerne, samfunnssymbol og ingrediens i mat. I naturen har mauren ei økologisk nøkkelrolle, men i husveggen er han ein skadeleg gjest.

Artikkelen er produsert og finansiert av NIBIO - Les mer

Fact: Click to add text

Mauren finst over heile verda og gjennom historia har han både påverka språket vårt, litteraturen og vore eit samfunnssymbol. Dessutan har dette insektet blitt brukt i mat og i folkemedisin. Mauren er til og med omtalt i Bibelen:

«Gå til mauren du late, sjå kva han gjer og bli vis!» heiter det i Salomos ordtak.

I naturen er mauren økologisk viktig i mange prosessar. Når han hjelper til å bryte ned daudt trevirke i skogen, er han ein nyttegjerar. Men gneg han på daudt trevirke i hus og hytter, er han ein skadegjerar sett med auga våre.

Insektforskar Torstein Kvamme frå Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) tykkjer mauren sin plass i historia vår er spanande. Difor har han skrive bok om mennesket sitt forhold til maur.

Høghus i skogen

– Det er interessant å sjå på korleis tankesettet vårt blir påverka av naturen. No har vi jo mange miljøproblem og då blir det viktig å forstå naturen. Vi tar betre omsyn di meir vi forstår, trur Kvamme.

Han seier det er fleire grunnar til kvifor vi har blitt så fasinerte av akkurat mauren gjennom tidene:

– Eg trur den historiske omtalen i bibelen har hatt mykje å seie. Som følgje av denne svært positive omtalen har mauren fått eit kanskje ufortent godt rykte. Dei insekta som derimot er negativt omtalt i bibelen, har gjennom tidene gjerne fått eit ufortent dårleg rykte.

Han trur dessutan at maurtuene gjer oss nysgjerrige.

– Maur byggjer svære tuer, og dette er folk veldig opptatt av. Tuene er lette å få auge på – dei sit der nesten som naturmonument.

– For nokre år sidan hadde vi ein maurtuekonkurranse der folk sende inn informasjon om dei største tuene. Dette skapte stor blest og vitnar om interessa som finst der ute, fortel insektforskaren. Den største tua låg i Søndre Trysil i Hedmark og hadde ei gjennomsnittshøgd på 238 centimeter for dei høgste og lågaste toppane.

Torstein Kvamme ved Noregs høgaste registrerte maurtue sør i Trysil. (Foto: Oskar Puschmann)

Menneskelege eigenskapar

Ein annan grunn til at mauren har fått innpass i litteratur og språk er at vi tillegg mauren mange fleire menneskelege eigenskapar enn han har, seier Kvamme.

– Maurane er sosiale, har velorganisert liv, arbeider flittig for fellesskapet osb. Men også maurverda har «navarar». Nokre maurartar lever som spesialiserte sosialparasittar eller held slavar, stel og krigar, seier maurforskaren.

Ifølgje Kvamme er det lite som tyder på at mauren kan tenkje i den menneskelege forstanden av ordet.

– Dei er styrt av instinkt og kanskje også erfaring. I tillegg er dei «programmerte» til å respondere på lys, temperaturar og mange andre forhold, seier han, men legg til at mauren sin suksess og gode tilpassingsdugleik kan tyde på at dei til ein viss grad har evna til problemløysing.

Nam, nam

Hageeitermaur (Myrmica rubra, arbeider). (Foto: Karsten Sund)

Det finst også talrike døme på at maur blir eten rundt om i verda. I Noreg er maur meir brukt som smakstilskot, mellom anna i maureddik, som blei rekna som den finaste eddiken.

I folkemedisinen kjenner vi til at mauren har blitt oppfatta å ha helsebringande eigenskapar. Dersom du om våren kastar tre maur bakover med venstre hand, vil du seinare få god helse, skreiv Reichborn Kjellerud i 1928.

Mauren har også blitt brukt mot revmatiske lidingar og mot utslett og tæring. Maursprit har blitt brukt for å kurerer blodsjukdom og til sårbehandling.

– Det blei også sagt at ein kunne skaffe seg styrke ved å drikke vin nedgraven i ei maurtue, seier Kvamme.

Vanlege maur

I Noreg har vi rundt 65 maurartar, men Kvamme meiner det kan forventast at vi har mange fleire artar som ikkje er påvist.

Det høgaste talet på artar finn vi i den varmaste delen av Noreg, frå Kristiansand til svenskegrensa. Finnmark har berre 15 artar. Vi har ikkje farlege maur her til lands, men alle som har blitt stukke eller bitne av ein maur veit at dei kan vere plagsame.

Ein vanleg maur som mange har kontakt med i hus og hage er sukkermauren. Dette er den vesle svarte mauren som gjerne bur under hageheller eller i plenen. Han kan gå inn i hus på jakt etter mat, men det er ikkje vanleg at dei slår seg til og bur der. Men velstanden vår har hatt ein pris. Det har i seinare år vist seg at denne arten trivst svært godt i golv med isopor og varmekablar. Dette er eit ganske stort problem, fortel Kvamme.

[gallery:1]

Stokkmaur

Sukkermauren kan vere ein irriterande gjest på kjøkkenet, men gjer likevel ikkje skade på huset på same måte som stokkmauren. Han kan bu både i jord og i rotnande treverk. 

Flyttar desse maurane inn hos deg, er det mest sannsynleg på grunn av ein vasskade eller råte. Stokkmauren kan gå i frisk ved, men brukar gjerne slike skadar som inngangsport.

Han bur gjerne i ytterveggar der det er varmt, ofte nær varmekablar eller elektriske apparat eller i veggar som får mykje sol.

– Trur du at du har fått maur i hus, er det lurt å sjekke om det finst koloniar rundt huset, under stein og heller, inne ved grunnmuren, i stubbar og anne trevirke. Maur med vengar som kjem ut av hol og sprekker, tyder på etablerte koloniar.

– Har du mistanke, bør du vurdere å opne opp for å finne ut om konstruksjonen er svekt. Støvsugar er bra for å suge opp mauren, er råd frå Kvamme.

Powered by Labrador CMS