Dialog skapar kunst

Pop, rock, rap og hip hop er gjerne musikken ungdom lyttar mest til. Men unge kan også engasjerast av musikk som ligg fjernt frå desse sjangrane, om dei blir involverte og motiverte.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

- I den augneblinken ein leiar kjem inn med engasjement og er ein sterk utøvar, då er ikkje elevane så oppteken av sjanger. Dei alderstypiske sjangerpreferansane forsvinn.

- Om musikken blir oppfatta som vakker eller ikkje betyr ikkje så mykje, seier førstelektor Randi M. Eidsaa ved Universitetet i Agder (UiA), som forskar på unge sitt forhold til musikk.

Ho har følgt BIT20 Ensemble i Bergen, eit profesjonelt ensemble som driv med modernistisk og avantgardistisk musikk.

Gjennom den nasjonale satsinga Den kulturelle skulesekken er ensemblet engasjert til å lage framsyningar saman med skulebarn mellom 12 og 14 år.

Eidsaa følgde produksjonen av operaen Den gyldne løve. Arbeidet er ein del av hennar doktoravhandling med den førebelse tittelen Et fenomenologisk studium av komposisjonsverkstedet.

Utøvarar

- Vi er vane med å sjå på ungdom som lyttarar, men i den augneblinken dei går inn og blir utøvarar, saman med profesjonelle, blir lyttarpreferansane mindre skarpe. Då er ungdomane meir handlingsorienterte.

- Dei skal lage noko som skal presenterast og visast for andre, dette gir motivasjon og “drive”, seier Eidsaa.

Arbeidet hennar med førestellingar med elevar og profesjonelle starta på Fjære ungdomsskule i 2006. Skulen og Institutt for musikk skulle saman utvikle og setje opp ein skulemusikal. 

Ein lærar ved skulen hadde teke doktorgrad i historie på emigrasjonen frå Grimstad til USA på slutten av 1900-talet. Med arbeidet hans som grunnlag laga elevane og musikkstudentar ved UiA-musikalen Amerikabrevene.

Ved slutten av 2007 var den internasjonale vidareføringa av musikalen ein realitet, under namnet Crossroads Migration, mogeleggjort med stønad frå Grimstad kommune og EU sitt Comenius-prosjekt.

EU-prosjektet har som eit hovudmål å utvikle elevane og lærarane sin kjennskap til og forståing for kultur og språkleg mangfald i Europa. I Crossroads Migration er elevar frå Tyrkia, Spania, Sverige, Sveits og Noreg med.

Kvart land laga sine 10 minutt til ein ny musikal om migrasjon. 20 elevar frå fem land har turnert med EU-stønad, mens UiA har støtta studentane som var med. Det heile blei avslutta med framsyningar i Kulturhuset i Grimstad i mars i år.

- Crossroads Migration er meir ein pop og rock-sjanger som har passa godt i den internasjonale gruppa. Det er eit meir typisk ungdomsmusikal-prosjekt enn prosjektet til BIT20.

- Med så forskjellige musikalske uttrykk har eg vore oppteken av å sjå korleis elevane er med på å påverke resultatet. Det eg ser er at fellestrekka er mykje større enn forskjellane.

- Dialogen mellom elevar og vaksne er viktig. Det blir ein konsensus om det endelege resultatet. Det er ei vi-kjensle, eit eigarforhold og ein byrgskap, seier Eidsaa.

- Prosjektet og resultatet, det kunstnariske uttrykket, er prega av aktørane. Elevar har vore medaktørar i å lage materialet saman med musikkstudentar og profesjonelle utøvarar, og elevane set det tydelege avtrykket sitt på framsyninga, seier Eidsaa.

Powered by Labrador CMS