Sjitvér, kampen for føda og vrien på sex i Botanisk hage

For ein vanleg besøkande handlar ein visitt i Tromsø arktisk-alpine botaniske hage gjerne om å sjå vakre blomster, noko dei kan gjere i eit hagelandskap av steinblokker som etterliknar naturen til fjells. Blomstringa varierer gjennom sesongen, akkurat no er himmelvalmuesøster rett ved inngangen det heitaste foto-objektet. Og veldig mange slappar av med ei vaffel i solveggen ved den trivelege kaféen.

Himmelvalmuesøster (Meconopsis ‘Lingholm’) ved inngangspartiet i Hagen. (Foto: Arve Elvebakk)

Men korleis er livet i Botanisk hage for dei eigentlege innbyggjarane der – plantane? Vi også ta med insektsom høyrer med. Når folk tenkjer på seg sjølv i ein juni som er meteorologi-historias våtaste og gråaste i Tromsø, lar dei tankegangen også gjelde dei ‘stakkars plantane’ i Botanisk hage. Men for dei fleste plantane vi har i Hagen er Tromsø for varm. Og mange av dei finaste kjem frå dei kalde og fuktige skråningane i Himalaya og nabofjell i Kina, der det er masse snø om vinteren og masse regn om sommaren. Årets juni har dermed vore topp!

Det same gjeld lange snøvintrar. Rhododendron-samlinga har aldri vore finare, og årstilveksten aldri betre.

Rhododendron-samlinga 26. juni 2018. (Foto: Arve Elvebakk)

Definisjonen av ‘sjitvér’ varierer derfor med plantane sine klimakrav. Tørka sørpå ville ha vore nettopp dette for dei fleste plantane våre, sjølv med mykje vatning. I Mellom-Europa der slik varme både er vanleg og har blitt forsterka dei siste åra, har hagefolket tatt konsekvensen av dette.

I Praha bruker dei veldig mange tyrkiske og sentral-asiatiske hageplanter som har opphav frå steppeaktige område, pluss mange plantar frå Nord-Amerika av same kategori. Vi kan også dyrke dei viss vi lager sørvendte, veldrenerte sprekker, slik vi har gjort i det store steinlandskapet lengst sør i Hagen. Her trivest plantar frå Tyrkia, Libanon, Sør-Afrika og Argentina. Har du ei tørr, solrik skråning heime, kan du gjere det same.

Rosa Asperula sintenisii frå NV-Tyrkia og en ‘piggtrådplante’ i slekt med fjærekoll frå Tyrkia og Iran (Acantholimon ulicinum), i sprekker i Bot. hage (Foto: Arve Elvebakk)

Den neste utfordringane for plantane er å overleve gjennom å få nok ‘mat’. Maten lager dei sjølv ved å omdanne CO2 til sukker ved hjelp av sollys, pluss at dei må kombinere dette med mineralnæring og vatn frå jorda. Det er derfor ein stor konkurranse om sollyset.

På eit vill-hjørne i Hagen ovafor inngangen til sildresamlinga har vi latt vår lokale helt skogstorkenebb få vekse fritt. Det gjer den til gangs, og nesten alle plantane som måtte prøve seg i skuggen av skogstorkenebb ville rett og slett svelte i hel..

Hjørnet med skogstorkenebb (Geranium sylvaticum) ovafor inngangen til sildresamlinga. (Foto: Arve Elvebakk)

Men også uinviterte gjestar tek seg til rette. Dyrkamarka rundt Tromsø er gjerne vakkert lysegrøn i mai og juni, utan at dei fleste av oss har tenkt tanken kvifor. Men det er altså årsskotta til kjerringrokken eller åkersnella som kjem tidleg med nydeleg grønfarge før den gradvis taper seg og blir skjult av annan vegetrasjon.

Åkersnelle (Equisetum arvense) på Berg ved Tromsø, 2. juni 2018. (Foto: Arve Elvebakk)

Den er også i Bot. hage, og er ei hovudutfordring å luke unna i juni. I år har dette vore gjort gjennom ein heroisk innsats, serleg frå dei utanlandske lærlingane. Det er alltid ein frustrerande prosess, sidan vi ikkje kan luke overalt samstundes, men no er Hagen fin og innbydande. Åkersnella kjem ikkje att i år, bortsett frå med små, svake haustskott, men rotrenningane ligg så djupt at dei alltid overlever, så vi får ein ny junikampanje til neste år.

Insekta treng også mat. Hos nokre eter dei vaksne også blad. Det gjeld bla. ein bladbille som har lagt sin elsk på rabarbra i Himalaya, og ein snutebille som eter blad av dei mest eksklusive snøprimula-artane, og etter kvart på ei god del stauder. Verre er det at sistnemnde også har larvar som tar knekken på dei tjukke og næringsrike røtene til desse plantane. Truleg er dette naboartar til dei som er illustrerte under.

Seljebladbille (Phratora vulgatissima). (Foto: ©entomart)
Veksthussnutebille (Otiorhynchus sulcatus). (Foto: Opuntia / CC BY-SA 3.0)

Men dei fleste av dei påfallande vaksne insekta går etter nektar. Og no er vi ved kjernen til virksemda ved ein botanisk hage. Blomsterplantane oppstod for knapt 150 mill. år sidan som samevolusjon mellom utdøydde bartre-slektningar og insekt. For å forstå denne prosessen i ettertid kan ein sjå på Troms sin fylkesblomster, ballblom eller ein hageslektning. Eg vel ein av dei sistnemnde, ein vakker, oransje asiatisk art med namnet Trollius ircuticus (ja, den er oppkalt etter den sibirske byen Irkutsk) som blomstrar seinare enn dei andre, og som har vakre, oransje blomster og so står i Sibir-samlinga vår. Blomstrane er opnare hos denne enn hos vår norske art, men med litt fantasi kan vi samanlikne denne med ei kongle og tenkje at kongla har fått farger, blitt tokjønna, og produserer nektar.

Ballblom-arten Trollius ircuticus. (Foto: Arve Elvebakk)

Som i ei kongle har ballblom-blomstrane mange spiralstilte blomsterdelar, ytterst blomsterdekkblad (dei er ikkje differensiert i begerblad og kronblad), smale, opprette honningblad, så ein krans av støvberarar og inst ein krans av fruktemne. På hausten ser dei siste ut som ei lita knappforma kongle, og belgkapslane sprekk også opp slik at dei liknar på ei ekte kongle, der frøa ligg ‘nakne’ på eit kongleskjel, utan å vere inne i ein frukt.

Alle dei vakre blomstrane er altså resultat av samevolusjon mellom plantane og insekta. Fargene og duft tilsvarer reklameskilt for å lokke ‘kundane’ til butikken med nektar. Deretter har det skjedd mange spesialiseringer, der pollineringa blir eksklusiv, slik at ikkje mykje pollen ‘sølest bort’ på andre irrelevante planteartar. Eit artig døme er vår eigen kongspir, med store, tilsynelatande lukka blomster, nesten som ein liten banan. Kun dei aller kraftigaste humleartane maktar å sprenge seg inn mellom to tettsitjande kroneflikar. Humlene forsvinn heilt inni blomsteren, og kjem ut glade og nøgde, og ser seg logisk nok om etter eit nytt eksemplar av same arten, der humla ikkje har konkurranse med andre artar om honningen.

Ei humle på tur inn i ein blomster av kongsspir (Pedicularis sceptrum-carolinum)i Botanisk hage. (Foto: Arve Elvebakk)

Når pollenkornet kjem på ein ny blomster, spirer det og sender ein spermkjerne ned gjennom ein pollenslange ned til eggcella som sit inni eit grønt fruktemne. Dette insektsassisterte sex-livet gir altså nye genetiske omkombinasjonar, slik formeringslivet som kjent gjer også hos menneska. Men dei aller fleste blomstrane er tokjønna og kan ofte befrukte seg sjølv. Hos nokre er det praktisk talt naudsynt. Det gjeld den eine av to blomsterplantar som eksisterer på sjølve Antarktis, der klimaet ikkje gir rom for samspelet mellom insekt og blomsterform. Det er då heller ikkje naudsynt å leggje energi i å lage ein fin blomster. Den lille Antarktis-planten vi har, like nedafor Bjørn Thon-steinbordet, er ingen pryd for ein hage. Små, grøne blomster utan kronblad opnar seg, og før vi legg merke til det, har dei sjølvpollinert seg og laga ein kapsel.

Antarktis-planten Colobanthus quitensis (nellikfamilien) i full blomstring! (Foto: Arve Elvebakk)

Folk flest er ikkje vante med å kalle aksa hos gras for blomster-standar, men det er dei. Dei er derimot tilpassa opne, vindutsette habitat med vindpollinering. Dei produserer mykje pollen, for det er berre statistikk og vindstyrke som avgjer kor god pollineringa blir. Her er det ikkje vits i reklame-effekt, så dei har ikkje kronblad i det heile tatt, men utståande arr og støvknappar. Men dei evolusjonsmessige stamfedrene hadde fargerike blomster, så grasblomsteren er ei tilpasning til opne, vindutsette habitat. Raklene til bjørk er eksempel på det same.

Hengjegras (Arctophila fulva) med store blomsteraks. Den har berre to populasjonar i Noreg, den eine i Kautokeino, og ein plante derifrå er i sikringsdyrking hos oss og trivest nesten altfor godt i Primulabekken. (Foto: Arve Elvebakk)

Sexlivet i Botanisk hage er endå meir variert enn dette, og viss eg seier at vi har problem med svømmande spermier i fuktige sprekker i Hagen, så må eg nesten gje ei forklaring. Bregneplantane er mykje eldre enn blomsterplantane og har ikkje blomster. Dei spreier masse sporar, men sporane spirer ikkje direkte til ein bregneplante, men til eit 0,5 til 1 cm stort, tynt, hinneaktig organ. Dette finn ein i illustrasjonar i alle botanikk-lærebøker og det blir forelest i alle botanikk-kurs, men stort sett utan at lærarane har sett dette sjølv.

Viss du derimot sår frø i potter og held dei fuktige i spireprosessen, vil du sjå at det først kjem eit grønt belegg. Det er ikkje alger frå næring i jorda, med ei trådaktig matte som moseplantar spirer frå. Og så kjem det små, hjarteforma flikar, som er sex-stadiet til bregnar.

Sex-stadiet (‘prothallium’) til ein bregne i ei såpotte, saman med trådmatte til mosar. (Foto: Arve Elvebakk)

Bregnane er så evolusjonsmessig gamle at dei enno har svømmande spermiar som ein arv frå fjerne algestamfedre frå innsjøar. Spermiane må på ein svømmetur på dei tynne, hinneforma sex-stadia, og for å få seksuell rekombinering, over til eit nytt eitt. Slikt er kun mogleg i fuktige habitat, og på vegkantar og opne habitat tørkar hinneorgana rett og slett ut, og her finn du ikkje bregnar. I naturen skjer befruktninga i fuktig skogbotn og andre liknande habitat, og i Botanisk hage skjer det i sprekker mellom steinane. Ser du etter, så ser du at alle bregnane våre (veldig få er planta ut) veks i slike sprekker. Der er dei veldig dekorative i moderate mengder, men dei vil gjerne ta over, og rotstengelsystema er så inneklemt mellom store steinar at dei er oftast uråd å fjerne. Bregnane er vakre, og skulle vi lage ei bregnesamling i Hagen, burde eit steinlandskap vere eit utgangspunkt. Men før den tid vil nok mange bregnar etterkvart måtte definerast som ugras.

Sjølvsådd fugletelg (Gymnocarpium dryopteris) i bergsprekk i Botanisk hage. (Foto: Arve Elvebakk)

Oppfatninga av kva som er ‘sjitvér’, korleis kampen om fødagår føre seg og kva slags vri ei har på sexlivet er altså heilt ulikt, avhengig av om vi ser det i perspektiv frå dei besøkande eller frå innbyggjarane i Botanisk hage.

Powered by Labrador CMS