Kronikk: Når kulturlandskapet blir borte

Dei opne landskapa er i ferd med å bli truga. Eit nytt landskap veks fram; eit landskap som ikkje lenger er knytt til aktivitet og produksjon.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Eit tydelig teikn på denne forandringa er hundekjeksen som no ligg som eit kvitt teppe over store delar av kysten. (Foto: Marit Dyrhaug)

Landskap fortel historier om liva til dei som bur og verker i dei.

Gjennom eit forskingsprosjekt om korleis folk opplever endring i kulturlandskapet, ser vi at dei opne landskapa, og dermed viktige historier om livet langs kysten, er i ferd med å bli truga. Eit nytt landskap veks fram; eit landskap som ikkje lenger er knytt til aktivitet og produksjon.

Folk kjenner seg ikkje heime i dette nye landskapet som fortel historier folk ikkje vil vere ein del av.

Sitata under viser korleis folk opplever den raske omforminga vi ser i det norske kystlandskapet.

Dei naturlige fargane i terrenget blir borte. Vi opplever ikkje våren lenger. Våren blir borte.”

Det er trist mot korleis det var. Her var veldig fint – det var så grønt. No er det mest berre ugras”.

Det gror igjen, fordi det ikkje lenger blir beita. Før slapp ein jo sauen laus. Det blir ikkje gjort no”.

Kystlandskap i endring

Kulturlandskap er ikkje noko gitt eller fastfrose, men i konstant omforming. Når bu- og leveform endrar seg, endrar også landskap seg. Det opne kystlandskapet som pregar Nord-Norge, har dei seinare åra fått større innslag av kratt, lauvskog og plantefelt. I bygdene blir det fleire hytter og feriehus. Landbruk er framleis ei viktig næring, men nye næringar har kome til, som oppdrett og reiseliv.

Jordbruket sitt kulturlandskap har endra seg. Beitemark har gått ut av drift og gror igjen. Tungdrivne jordbruksareal er lagt brakk som resultat av modernisering i landbruket, og grøne enger blir erstatta av hundekjeks og anna ugras. Nedvisna gras – dausenna – blir liggande der det ikkje lenger blir slått, og mange stader kjem det store tuver i marka.

Når dei menneskeskapte spora i landskapet endrar seg som eit resultat av endra bruk, endrar det folk si oppleving av landskapet og staden.

Landskap er område for dei mange historier

Landskap og menneske er vevd saman. Samstundes som menneske set spor i landskapet, set landskapet spor i sinna hos dei menneska det omgir.

Filosofen Jacob Meløe skildrar korleis stader blir skapt i relasjon mellom menneske og landskap. Land blir transformert til landskap gjennom bruk og fortolking. Ein stad, eller eit landskap, gis skikkelse gjennom den verksemda som går føre seg der.

Landskapet er både prega av, og utgjer ei ramme for, menneskelig verksemd og aktivitet, og påverkar menneska som er ein del av det. Landskapet og historia bak dei, overlappar og grip inn i kvarandre, og landskap spenner seg ut for ein fleirstemt komposisjon av fortidige og notidige stemmer.

Landskap som forvitrar

Når hundekjeks og anna ugras gjer sitt inntog i landskapet, opplever mange det som overveldande. Det kan vi forstå som eit uttrykk for fleire ting: 

Det handlar om det estetiske; “Det er ugras og dausenna overalt – det er ikkje noko fint!”

Det handlar om bruk av landskapet, som blir mindre tilgjengelig; “Ein får ikkje den same fridomskjensla i marka når det er så mykje ugras og krattskog.”

Det handlar om kva landskap ein vil vise fram og by andre; “Det er skammelig, det er heilt kvitt – berre hundekjeks!”

Og det handlar om sakn etter det som var, etter levande bygder med folk, dyr og aktivitet; “Snart er det ingen som brukar jorda, og landskapet det blir mest for turistar”.

Landskapet set tydelige spor i folk sine forteljingar om heimstaden. Dei snakkar om landskapet dei ser, høyrer, luktar og ferdast i; om den fantastiske utsikta, om lydane av fugl og bjørka når det sprett, om stiane dei går og gjekk på før. Dei snakkar om eit landskap fylt med ei rekke ulike aktivitetar.

Men mange av forteljingane har fortids form; dei baserer seg på tidligare erfaringar.

Beitelandskap utan sau?

Det verdsette landskapet er det skjøtta beitelandskapet, knytt til jordbruk slik det blei drive før. Då ein kunne stoppe traktoren og luke høymugla. Desse ideala står i sterk kontrast til landskapet som i dag pregar store delar av kysten.

Saueskiten blir eit fortetta symbol på det aukande gapet mellom ideal og praksis. Alle ønskjer det opne, velstelte beitelandskapet, og dei fleste veit kva som skal til for å få bukt med hundekjeksen; sleppe laus sauen. Men det vil ikkje folk akseptere – ingen vil trø i saueskit.

Hundekjeksen som ’tar over’ og kulturlandskapet som ’blir borte’ kan sjåast som metaforar for stader som gradvis forsvinn mellom fingrane på folk. Kampen for å få bukt med hundekjeksen blir ein kamp mot forfallet, det å oppretthalde det opne landskapet handlar om å oppretthalde levande bygder.

Her ligg det store utfordringar for kulturlandskapsforvaltninga. Det kan sjå ut som at ein blir stilt overfor nokre val; anten må vi lage nye bilete eller så må vi rydde plass for sauen i glansbiletet. For, som ein gardbrukar uttrykker det; “Det er jo kva folk vel; sauskit eller hundekjeks!”

Powered by Labrador CMS