Kronikk: Inn på tunet som kommunalt tenestetilbod

Kommunane treng tilpassa tenestetilbod - Inn på tunet kan vere ein del av løysinga, skriv artikkelforfattarane.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Inn på tunet er retta mot ulike brukargrupper, også innanfor oppvekst. (Foto: Gunnar Sie)

Kommunane har behov for alternative opplæringsarenaer og arbeidstreningsarenaer til store brukargrupper. Det ser ut til å verte eit aukande behov for individuelt tilpassa tenester i framtida, og kommunane er på jakt etter alternative arenaer å utvikle tenestetilbodet på.

Inn på tunet er eit felles omgrep for eit mangfald av tilbod knytt til gardsbruk. Tilboda er retta mot ulike brukargrupper innanfor helse, omsorg, rehabilitering/habilitering og oppvekst. 

Inn på tunet vert i dag brukt av litt under halvparten av kommunane i dei tre vestlandsfylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Tal viser at enkelte typar kommunar brukar ordninga meir enn andre.

Folkerike, sentrale kommunar brukar ordninga mest, utprega landbrukskommunar brukar ordninga minst.

Dette er noko av det som går fram av ei kartlegging Møreforsking har gjennomført blant kommunar på Vestlandet.

Når standardiserte tilbod ikkje strekk til

Kommunane peikar på utfordringar når det gjeld tenestene dei skal levere. Brukarane treng og ventar å få eit tilpassa tenestetilbod. Dette er ikkje alltid like lett å få til innanfor ordinære kommunale rammer. Når kommunane vel å ta i bruk Inn på tunet, dreg dei i gang eit samarbeid mellom offentlege og private aktørar. Dette er i utgangspunktet lite utbreidd i kommunane.

Brukaren i fokus

Både ordførarar, rådmenn og områdeleiarar i kommunane er tydelege på at brukaren skal vere i sentrum for ulike tiltak. Inn på tunet vert sett på både som næringsutvikling, distriktsutvikling, tilleggsnæring i landbruket og som ein del av det å skaffe fleire hender i arbeid innanfor tenesteproduksjonen.

For kommunane er Inn på tunet likevel først og fremst ein reiskap til å skaffe brukarane den tilrettelegginga dei treng på best mogleg måte. Dette er viktig å tenkje på for dei som enten planlegg å etablere slike tilbod eller ynskjer å legge til rette for at slike tilbod skal bli tekne i bruk.

Kommunen som kunde

Vårt inntrykk er at kommunane set store krav til kvaliteten på dei tilboda dei vel å nytte seg av, og at forventningane jamt over vert innfridde. Undersøkinga viser også at i kommunane som brukar Inn på tunet mest, er det eit utstrekt samarbeid med Inn på tunet-verksemdene om å utvikle og tilpasse tilbod.

Dei mest offensive Inn på tunet- kommunane tek eigne initiativ, dei har ei klar bestilling med utgangspunkt i brukaren sitt behov, og dei er aktive utviklingspartnarar saman med tilbydar. Aktive brukarkommunar har i tillegg gjerne eit langsiktig perspektiv på å nytte Inn på tunet.

Spare utgifter

Økonomi blir trekt fram som argument både for- og imot bruk av Inn på tunet. Nokre peikar på at det er økonomisk gunstig å nytte ekstra ressursar på brukarar som har særskilde behov, i tru på at det skal spare utgifter på til dømes sosialbudsjettet seinare.

Det vert også fleire stader nemnt at kommunane kan spare pengar ved å gi demente eit Inn på tunet- tilbod slik at dei kan bu heime. Kommunen sparer dermed institusjonsplass eit eller fleire år for ein del brukarar.

Andre fokuserer på at kommunane har knapt med ressursar. Sjølv om ein kan spare pengar på sikt ved å nytte eit Inn på tunet - tilbod, har ikkje kommunane desse ressursane no. Kommunane som nyttar ordninga ynskjer ofte tilbydarar som har ein gard, har god sosial kompetanse og i tillegg er fagperson. Dei opplever det då som lettare å kvalitetssikre den faglege delen av tilbodet. Då kan kommunane nytte Inn på tunet i staden for eit ordinært kommunalt tilbod, og ikkje i tillegg til eit opplegg kommunen allereie har.

Kommunane ynskjer difor tilbydarar som har ei fagutdanning som høver til dei tilboda dei treng, til dømes lærarar, spesialpedagogar eller sjukepleiarar.

Innovasjon i tenesteutvikling

Inn på tunet bidreg til at kommunane får nye arenaer å produsere tenester på. Kommunane må her tenkje samarbeid med nye aktørar, og dei må tenkje samarbeid mellom offentleg og privat sektor.

Inn på tunet handlar også om nye måtar å utvikle og legge til rette for ulike tilbod til brukarane. Difor handlar In på tunet om innovasjon i offentleg sektor. Inn på tunet kan vere eit av fleire svar på det offentlege sitt aukande behov for differensierte og tilpassa tenester. Inn på tunet kan difor både vere innovativt som konsept, men også bidra til innovasjon ved å utvide perspektivet på korleis, med kven og kvar dei kommunale tenestene blir utvikla.

Inn på tunet inn i framtida

Inn på tunet er godt kjent i dei fleste kommunane på Vestlandet, men volum på kjøp av tenester er lite. Inntrykket er at kommunane opplever Inn på tunet som eit nyttig konsept som tilfører brukarane gode tenester av høg kvalitet, og som lett kan tilpassast individuelle behov.

Potensialet for å bruke Inn på tunet meir skulle difor vere stort når kommunane samstundes peikar på aukande trong for nye måtar å utvikle tilpassa tenester på.

Powered by Labrador CMS