Kronikk: Satellittdata eller bakkeobservasjonar - kva skal ein stole på?

Det blir for einsidig med fokus berre på urbanisering for å forklare problema med bakkedata, skriv Øyvind Nordli i denne kronikken.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Satellittdata eller bakkeobservasjonar - kva skal ein stole på?

Journalist Kristin Straumsheim Grønli skriv om satellittmælingar kontra bakkestasjonar. Som kjent har det i lengre tid vore diskutert om det er samsvar mellom desse mælesystema. Slik eg tolkar Grønli, meiner ho at det er mest sannsynleg at årsaka til det manglande samsvaret finst i at trenden basert på bakkestasjonane er for sterk. Ein for sterk trend frå bakkestasjonsnettet kan koma av at det ikkje er korrigert godt nok for urban påverknad. IPCC-rapporten (side 106) kan vi lesa at det ikkje er noko mishøve mellom observasjonar frå bakke og satellitt for landområda på den nordlege halvkule, men at skilnadene finst mest over dei tropiske og subtropiske havområda. Dermed kan ikkje dei urbane varmeøyane vera årsaka til mishøvet.

Personleg har eg ikkje arbeidd med satellittmælingar, men eg har registrert at dei ulike kompileringane har gjeve nokså ulike resultat. Eg har difor meint at metodane for homogenisering enno ikkje er gode nok. Heilt nyleg ser eg at Seidel med fleire (2004) tenkjer om lag på same måte. Dei ynskjer å bruke denne spreiinga i resultat til å estimere den statistiske uvissa i metodane.

Visst er det så at det er problem også med bakkestasjonsnettet, og eg er samd i at det største problemet er urbaniseringa, men òg andre effektar. Etter som det har vore ei systematisk endring mot meir urbanisering, ville eventuell bruk av rådata gje for bratte trendar. Ein må altså ta bort den delen av trenden som har si årsak i urbaniseringa for å få eit reint klimasignal. Dette blir også gjort av dei nasjonale vêrtenestene, også vår eigen. I Austerrike har dei sjekka sine resultat ved å jamføre trykkmælingar mellom låglandsstasjonar og stasjonar i Alpane i høgder på 2500 - 3000 m. Om temperaturen (eigentleg virtuell temperatur) har stige, skulle trykkskilnaden mellom låge og høge stasjonar ha minka. Böhm med fleire (2004) fann nett det. Trenden i lufttrykkdifferansen tilsvara om lag trenden i temperaturen. Dermed kunne ein positiv langtidstrend i temperaturen bli stadfesta utan bruk av ein einaste temperaturobservasjon. Resultata tyder på at det er samsvar mellom bakkestasjonsnettet og temperaturen i dei nedste 3000 m i troposfæren.

Grunnen til at eg skriv er ikkje at eg ynskjer å bagatellisere problema med bakkedata, men at eg tykkjer artikkelen til Grønli blir noko for einsidig med fokus berre på urbanisering. Eg får hug til å dra fram to faktorar som dreg i motsett lei, altså mot negative trendar om rådata blir brukte utan korreksjon.

I dei to-tre siste tiåra har det vore ein tendens til at bystasjonar har vorte automatiserte og flytt ut av bykjernen, gjerne ut til flyplassen utanfor byen. Altså ei endring frå eit mykje urbant miljø til eit mindre urbant miljø.

Om vi legg eit noko lengre perspektiv til grunn enn dei siste 30 åra, må det også nemnast at meteorologar opp gjennom tidene har vore opptekne av å gjera mælingane av lufttemperatur betre og betre. Å mæle lufttemperaturen er ikkje så enkelt som det høyrest ut til. I solskin blir termometeret overoppheta i høve til lufta. Meteorologar har difor arbeidd for å betre skjerminga av termometra. Utfordringa har vore å få nok ventilasjon for lufta på same tid som skjermen skulle vera tett for nedbør. Resultatet er at skjermane no er betre enn for eitt hundre år sidan. Når ein såleis har sett ei temperaturstigning også for landstasjonar trass i ei utvikling mot betre skjermar, kan ein vera viss på at det der har skjedd ei reell temperaturstigning.

Referansar:

Böhm, R., I. Auer, W. Schöner, M. Hagen. 2004. Long Alpine barometric time series in different altitudes for 19th / 20th century warming. In: Preprints of the 8th Conference on Mountain Meteorology, Flagstaff, Arizona, AMS, Boston, 72-76.

Nordli, P.Ø., H. Alexandersson, P. Frich, E. Førland, R. Heino, T. Jónsson, O. E. Tveito. 1997: The effect of radiation screens on Nordic time series of mean temperature. Int. Journal of Climatology. 17, 1667-1681.

Seidel, D.J., J.K. Angell, J. Christy, M. Free, S.A. Klein, J.R. Lanzante, C. Mears, D. Parker, M. Schabel, R. Spencer, A. Sterin, P. Thorne, F.Wentz. 2004. Uncertainty in Signal of Large-Scale Climate Variations in Radiosonde and Satellite Upper-Air Temperature Datasets. Journal of Climate, 17, 2225-2240.

Powered by Labrador CMS