Frukt og grønt - ei utfordring

- Å gje born og ungdom god tilgang på frukt og grønsaker både i barnehagane og skulen, er ei stor utfordring når det gjeld kosthald her i landet, seier professor Brit Unni Wilhelmsen. Ei landsdekkjande gransking syner at dei berre et helvta så mykje frukt og grønsaker som dei burde.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

- Gransking har vist at høgt inntak av frukt og grønsaker har monaleg positiv effekt på helsa og folkesjukdomar som kreft og hjarte- og karsjukdomar. Men frukten må vera oppdelt. Det er ein føresetnad for å lukkast, fortel professor dr. philos Britt Unni Wilhelmsen ved Høgskolen i Bergen.

- Norske fire-åringar får stort sett i seg dei næringsstoffa dei treng på grunn av kosttilskot som tran og sanasol. Men dei får i seg meir sukker og feitt enn det som er tilrådd, og ei landsdekkjande gransking syner at dei berre et helvta så mykje frukt og grønsaker som dei burde.

For mykje feitt og sukker

- Granskinga syner at kosthaldet til fireåringane inneheld heile 14 prosent metta feitt medan den tilrådde mengda er ti prosent. Dermed får dei i seg meir av det uheldige feittet.

- Sukkermengda bør heller ikkje vera meir enn ti prosent, men i røynda får fireåringane i seg heile 15 prosent. Samstundes får dei berre i seg helvta av dei 500 gramma med frukt og grønt som er den tilrådde mengda.

- 300 gram av dette bør vera grønsaker, poteter inkludert, og resten frukt. Men mykje av den frukta borna får i seg er i form av juice, og dermed får dei òg for lite kostfiber.

- Storparten av fireåringane går i barnehage. Difor er det viktig å sjå på kva tilbod borna får der. Det spørst om ikkje foreldre og andre i kommunane burde prioritera å setja søkjelyset på kosthaldet i barnehagane. Og kan hende burde foreldra verta flinkare til å planleggja for å unngå dei lettvinde og usunne løysingane.

Born bør drikka vatn

"Born bør drikka vatn, og den mjølka dei drikk bør vera lettmjølk."

Det er òg viktig å sjå på kva borna drikk. Får dei for mykje saft, juice og leskedrikkar?

- Born bør drikka vatn, og den mjølka dei drikk bør vera lettmjølk. Mange foreldre trur borna må få H-mjølk for å få nok energi, men mjølkefeittet er av det usunne slaget. Me rår òg til at dei kuttar ut dei søte drikkane.

- I det norske kosthaldet er brødmåltidet viktig, og her bør foreldra tenkja på pålegget. det bør vera magert og fattig på sukker. Og om me skal lukkast i å auka bruken av frukt og grønt, bør grønsaker og frukt vera ein del av alle måltida, og dessutan det som borna får tilgjenge til mellom måltida.

- I det nye faget “Mat og helse” her på Høgskulen i Bergen, har vi studentar som konsentrerer seg om kosthald og små born. Dei er inne i barnehagar der dei arbeidar for å leggja inn meir frukt og grønsaker og dessutan fisk i barnehagelunsjen.

Satsing òg på større born

"Professor dr. philos Britt Unni Wilhelmsen ved Høgskolen i Bergen"

- Større born og ungdom får heller ikkje i seg så mykje frukt og grønsaker som dei bør. Skal me få dei til å eta meir, er det ein føresetnad at skulane legg til rettes for det.

- Heldigvis er det eit sterkt påtrykk frå departementshald om at skuleborna får tilgang på frukt og grønt, og somme skular har fått til ei abonnementsordning på same måten som for mjølk.

- Det ser ut som om topp-politikarane no er innstilte på at alle skular må få eit slikt tilbod, og det ville vore eit kjempeløft om slike ordningar kom på alle skulane, endå om foreldra måtte betala noko for det.

- Det har synt seg at ungdom òg et frukt og grønt når det er oppdelt og lett tilgjengeleg, seier professor Wilhelmsen, som dessutan legg til:

- Me står overfor eit problem med overvekt her i landet. Auka inntak av frukt og grønsaker kan bidra til å løysa det. Om frukt og grønt er lett tilgjengeleg, minkar trongen til usunne alternativ.

Saken er produsert og finansiert av Høgskolen i Bergen - Les mer

Powered by Labrador CMS