Om sjøanemonar og menneske

Ny forskning syner at sjøanemonar og menneske deler ein avansert eigenskap. Dermed framstår den ukjende forfaren til alle nolevande dyreartar som stadig meir kompleks.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

"Sjøanemonen Nematostella, som er opphavet til dei overraskande resultata omtala i Current Biology."

I ein artikkel som nyleg vart publisert i tidsskriftet Current Biology, viser forskarar frå Sars-senteret at ein eigenskap som ein trudde var unik for virveldyr, også finst hos sjøanemonar.

“Organisator-celler” styrer utvikling

Ved å ta celler frå eit spesielt område i embryoet nokre timar etter befrukting, medan embryoet framleis berre er ein væskefylt ball, og pode dei på eit anna embryo, kan ein lure embryoet til å utvikle ein ekstra kroppsakse med hovud og det heile.

Eksperimentet er klassisk og vart første gong utført med amfibium i 1924. Idéen gav ein Nobelpris til forskarane Hilde Mangold og Hans Spemann 11 år seinare.

- Det er berre celler frå dette vesle området som kan overstyre cellene ikring seg på denne måten. Men fordi eigenskapen ikkje finst hos til dømes insekt, har ein trudd at det var noko som vart utvikla med virveldyra, seier Ulrich Tachnau ved Sars-senteret.

Han er leiar for forskargruppa som står bak artikkelen. Dei har utført eksperimentet til Mangold og Spemann på nytt, men med sjøanemonar i staden for amfibium.

Sjøanemonar høyrer til nesledyra, ei rekke som også inkluderer korallar og maneter - ingen av dei kjent for anatomisk kompleksitet. Tvert imot reknar ein med at dei nokså tidleg, for om lag 550 millionar år sidan, skilte lag frå plansymmetriske dyr som mennesket.

Likevel skjedde akkurat det same som i originaleksperimentet:

Etter poding med “organisatorceller”, utvikla sjøanemone-embryoa ein ny kroppsakse. Det viser at sjølv dyr som er så anatomisk ulike som sjøanemonar og menneske, organiserer utviklinga av kroppen på mykje den same måten.

Urgammal eigenskap

- Vi hadde allereie kartlagt genomet til desse sjøanemonane, og visste at dei var genetisk veldig like mennesket. Så vi hadde ein liten mistanke om at vi ville finne denne eigenskapen også, fortel Technau.

Resultata tyder på at “organisator”-eigenskapen allereie fanst i det dyret som var mennesket og nesledyra sitt felles opphav. Dette opphavet kan altså ha vore funksjonelt mykje meir komplekst enn ein har trudd.

- Vi er på sett og vis biologiske historikarar, og målet vårt er å finne ut korleis livet oppsto, korleis det tidlege livet såg ut, meiner Technau.

- Det veit vi enno ikkje, men vi veit at vår felles forfar må ha hatt eit komplekst genregister, og dette genregisteret og eigenskapane som høyrer til, har vist seg å vere så nyttige at dei er blitt vidareført og brukt på nytt og på nytt gjennom historia.

- Samstundes er det interessant at denne eigenskapen heilt har forsvunne hos andre dyr.

Kva skil oss?

No når ein har slått fast at nesledyr deler grunnleggande eigenskapar med virveldyr, trur han det vil bli meir interessant å studere skilnadene.

- Kva er det eigentleg som skil oss, kvar oppstår skilnadene og kva kan dei fortelje? Det blir det spennande å sjå på framover!

Ironisk nok manglar eitt av dei mest brukte modellsystema i utviklingsbiologien, bananflua, denne urgamle “organisator”-eigenskapen. Men det vil ikkje seie at ein bør slutte med å forske på dei, og heller konsentrere all innsatsen om sjøanemoner.

- Alle modellorganismar er nyttige, og insekt har noko nesledyra manglar, nemleg eit nervesystem. Men til å studere fundamentale celleprosessar og embryonal utvikling, er våre sjøanemonar veldig godt eigna, avsluttar Technau.

Powered by Labrador CMS