Åndeleg globalisering

- Dei karismatiske rørslene er på sterk frammarsj i Den tredje verda. Det er den mest dramatiske utviklinga som skjer innanfor kristendomen i dag, konstaterer professor i kyrkjehistorie, Berge Furre.

Published

Professor Harvey Cox frå Harvard University i USA var den store stjerna på en internasjonal konferanse på dette temaer som nylig ble arrangert at Det teologiske fakultetet, Universitetet i Oslo.

- For 30 år sidan skreiv han ei bok om at kristendomen var på veg ut av byane. No har han skrive ei ny bok der han viser til at han tok feil og at kristendomen er på full veg tilbake til byane, fortel Berge Furre.

Eksplosjon

Han legg til at Cox meiner at det no finst over 400 millionar pinsevenner og medlemar av karismatiske rørsler i verda. Furre tvilar på at det stemmer, men han er ikkje i tvil om at pinserørslene og andre karismatiske rørsler er i sterk vekst i Den tredje verda.

- Eg vil faktisk kalla det for ein eksplosjon, slår han fast. Det er denne enorme veksten som var tema for den internasjonale konferansen “Spirits of Globalisation” som ble avholdt 9. juni.

Bakgrunnen for konferansen er TFs prosjekt om globalisering og religion, som Forskingsrådet finansierer. Forskarar frå Sør-Afrika, Sør-Korea, Noreg, USA, Brasil, Hong Kong og Canada vil forelesa om kva som karakteriserer dei karismatiske rørslene og korleis dei har klart å veksa så raskt på så kort tid i Den tredje verda.

- Diverre er dette ei utvikling som få norske teologar og kyrkjehistorikarar har vore opptekne av. Difor synest eg det er viktig at Det teologiske fakultetet set søkjelyset på det gjennom denne konferansen. Til hausten vil me også ha eit kurs om dette temaet som vil gi studentane fem studiepoeng, fortel Furre.

Den universelle kyrkja i Brasil

På konferansen held han eit foredrag om Den universelle kyrkja i Brasil.

- Dette er ei karismatisk rørsle som er oppstått i Brasil og er grunnlagt av brasilianaren Edin Macedo. Denne kyrkja har sterk appell til dei innbyggjarane som er blitt marginaliserte på grunn av den nyliberale økonomiske politikken i Brasil. Dei meiner at dei kan gi svar på alle problema som folk i Den tredje verda strir med, som til dømes familieoppløysing og fattigdom.

"Berge Furre har studert Den universelle kyrkja i Brasil. (Foto: Ola Sæther)"
"Berge Furre har studert Den universelle kyrkja i Brasil. (Foto: Ola Sæther)"

- Denne kyrkja har også innført eit felles vekeprogram for alle medlemane sine i heile verda. Måndagane skal brukast til å leggja alle gjeldsbrev på alteret med bøn om at dei må bli kvitt gjelda si. Tysdagane skal brukast til å kura folk for sjukdom medan andre dagar er det familieproblem som er tema. Slagordet deira er: Du skal slutta å lida. Kom til kyrkja! forklarar Furre.

Han viser til at den viktigaste rolla for dette kyrkjesamfunnet er å tilby folk hjelp.

Åndetrua vender tilbake

Og i dag har Den universelle kyrkja stor framgang både i portugiskspråklege land i Afrika, i Sør-Afrika og blant portugisisk-språklege innvandrarar i London og Paris.

- Eit interessant trekk ved denne kyrkja er at den sterka trua på ånder på ein måte har ført folk tilbake til åndetrua som eksisterte i desse landa før kristendomen overtok. Dessutan er dette ei kyrkje som er grunnlagt i Den tredje verda av folk frå Den tredje verda, konstaterer Furre.

Men han synest ikkje alt går like rett føre seg.

- Dei legg sterk vekt på kor stor tru du har og kor mykje pengar du gir. Om du gir og likevel ikkje blir frisk, er det fordi du ikkje har nok tru, men det vil hjelpa deg om du gir meir pengar til kyrkja. Alle problem og sjukdomar forklarar dei med demonar. Difor driv dei ein stor grad av demonutdriving. Men det er ikkje tvil om at denne kyrkja har fått mange personar ut av alkohol- og stoffproblem og fått orden på livet til folk.

- Likevel er det ikkje vanskeleg å sjå at rikdomane har ført til at dei no byggjer store katedralar i sentrum av dei store byane, medan dei tidlegare heldt til i nedlagde kinoar eller lagerlokale i forstadane, registrerer han.

Spelar ei politisk rolle

I Brasil har Den universelle kyrkja også byrja å spela ei politisk rolle.

- Medan Lula blei demonisert av kyrkjesamfunnet den andre gongen han stilte opp i presidentvalet, fekk han støtte av leiarar frå Den universelle kyrkja då han blei valt til president for eitt og eit halvt år sidan. Og dersom Brasil skal ha eit stabilt venstrestyre, må dei evangeliske kyrkjene svinga til venstre, slår Furre fast.

(Denne saka er publisert i Uniforum nett no)