Nytt fra akademia

Vil starte landets første forskarlinje i psykologi

6.11 2017 12:30

colourbox28375201.jpg

Forskningsrådet håper å kapre dei beste hovuda til forsking før næringslivet gjer det.

Forskingsrådet tilbyr UiT Norges arktiske universitet å starte opp forskarlinje i psykologi frå hausten 2018.

Målet er at det skal styrke rekrutteringa til forsking i faget. I førsteomgang skal forskarlinja starte opp som eit pilotprosjekt som skal ta opp seks studentar årleg. Det melder Forskingsrådet i ei pressemelding. 

Ingunn Skre, instituttleiar ved psykologi ved UiT, er svært glad for planane. 

– Psykologisk institutt og Det helsevitenskapelige fakultet har jobba strategisk i fire- fem år for å få til denne forskarlinja, så i dag er vi glade. Dette blir veldig spennande, seier Skre, som saman med prodekan Jan Rosenvinge har sete i arbeidsgruppa nedsett av  Forskingsrådet for å få til forskarlinja.