Prisvinnaren Tor Grenne på feltarbeid i Hessdalen i Sør-Trøndelag. (Foto: Gudmund Løvø)

Tor Grenne fekk publikasjonspris

Forskar Tor Grenne er heidra med prisen for Årets vitskaplege publikasjon ved NGU. Grenne fekk prisen for ein artikkel om dei eldste livsformene som til no er funne på jorda.

– Det er i 2017 publisert mange svært interessante artiklar frå NGU og uvanleg mange i høgprofilerte tidsskrift, som Nature og Science. Det gir positiv omtale av både av dei som står for arbeidet og av vår institusjon, sa avdelingsdirektør Øystein Nordgulen då han delte ut prisen nyleg.

Juryen for Årets vitskaplege publikasjon landa på ein artikkel i Nature som kastar lys over dei eldste livsformene som til no er funne på jorda. Nordgulen peika på at geologi mellom anna dreier seg om å forstå jordas utvikling og korleis endringar i dei fysiske tilhøva har lagt til rette for skiftande miljø og livsformer.

– Dagens tilstand på jorda gir oss ikkje direkte innsikt i tilstanden på kloden vår langt tilbake i tid. Nøkkelen til denne koden ligg, som alle forstår, lagra i stein, sa Nordgulen.

Powered by Labrador CMS