Nytt fra akademia

Skal forske på etterlatte ved rusrelatert død

9.11 2017 14:18

378107995.jpg

Forskarane skal sjå nærare på, i kva grad hjelpeapparatet fangar opp dei etterlatne og om dei får den støtta og hjelpa dei treng og fortener.

Kvart år dør 250-300 personer i Noreg på grunn av narkotikabruk. Rusrelatert dødsfall, rusavhengige og dei pårørande sin situasjon er eit alvorlig folkehelseproblem.

Eit nytt stort forskingsprosjekt, «Etterlatte ved narkotikarelatert død» (END) startar opp i november ved Institutt for sosialfag og vernepleie ved HVL i Bergen.

Prosjektgruppa som skal jobbe med dette temaet er leia av professor Kari Dyregrov. Dei skal forske i nært samarbeid med ei stor gruppe nasjonale og internasjonale fagekspertar på rus, stigma, traume, sorgreaksjon, helse og sosialtenesta og helsepolitikk.

– Gjennom media veit vi at det står svært mange utslitte etterlatne som har gjort det dei kunne for å stoppe ein øydeleggjande livsførsel til sine familiemedlemmar eller nære venner, seier Dyregrov.

– Vi vil sjå nærare på dette folkehelseproblemet og studere breitt korleis dei etterlatne har det fysisk, psykisk, eksistensielt og sosialt.

Det er mykje som tyder på at mange av dei etterlatne kjenner seg stigmatiserte eller ikkje orkar å få den hjelpa og støtta dei har behov for i etterkant. Dette skal ein no forske nærare på. Også korleis livssituasjonen deira verkar inn på deira eiga mestring står sentralt.