Nytt fra akademia

HVL-forskar skal leie arbeidet med ny klimarapport

6.3 2018 14:20

klimaforsker.jpg

Sebastian Mernild skal ha ei viktig rolle i den den sjette hovudrapporten til FNs klimapanel. Her er Mernild på ein ekspedisjon til breane i Andesfjella, der han studerte smelting av breane og kva betyding dette har for vassforsyninga til store byar.

Professor ved Høgskulen på Vestlandet, Sebastian Mernild har blitt utnemnd til hovudforfattar i ei av arbeidsgruppene som skal utarbeide den sjette hovudrapporten til FNs klimapanel (IPCC).

- Dette blir veldig spanande. Eg var med som bidragsytar i arbeidet med den førre rapporten, men denne gongen har eg fått ei leiande rolle og har ansvaret for å få på plass fleire av kapitla, fortel Mernild.

Han er direktør ved Nansensenteret og er tilsett som professor 2 ved Høgskulen på Vestlandet. Han underviser i masterfaget Climate Change and Climate Policy ved HVL Campus Sogndal, der han tidlegare hadde full stilling.

Annonse