Ingrid Fossøy og Dorthea Sekkingstad. (Foto: Tove Takvam Uglum)

Høgskulen på Vestlandet har fått nytt vitskaplige tidsskrift

Tidsskriftet NORDVEI tek føre seg temaet rettleiing, som er sentralt for mange profesjonar. Tidsskriftet blei nyleg godkjent som publikasjon på nivå ein.

– Vi er svært glade for å ha fått til dette. Rettleiing er eit relativt ungt fagfelt, og det har vore lite forsking på det. No trur vi at feltet vil få eit stort løft, seier Dorthea Sekkingstad, høgskulelektor ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

– Vi vil oppfordre kollegaene våre ved HVL til å sende inn bidrag til tidsskriftet.

Saman med Ingrid Fossøy ved same fakultet, har ho vore primus motor innanfor feltet rettleiing gjennom fleire år. Alt på nittitalet var dei, saman med fagtilsette frå helse- og sosialutdanningane, sentrale i etablering og drift av Rettleiarnettverket i Sogn og Fjordane. Gjennom dette nettverket har dei hatt eit tett samarbeid med Universitetet i Agder.

For to år sidan starta dei tidsskriftet NORDVEI i samarbeid med Carl Christian Backhe og Johanna Quarles Van Ufford, Universitetet i Agder. Saman utgjer dei redaksjonen i tidsskriftet.

Powered by Labrador CMS