Nytt fra akademia

Har forska på kva effektar sjømat har på helsa

10.11 2017 13:07

emil41584582-768x512.jpg

FINS-prosjektet er tverrfagleg, og det har involvert studiar på mennesket heilt frå fosterstadiet, via spedbarn, barnehagebarn, skuleungdom og vaksne.

Over fire års forsking, 70 millionar kroner og om lag 45 planlagde vitskaplege artiklar prøver å finne svaret på kva effekt fisk og sjømat har på helsa. Prosjektet Fish Intervention Studies (FINS) går mot slutten, og resultata byrjar å tikke inn.

– Vi har fått på plass mange brikker i det store puslespelet som er forsking på sjømat og kva effektar sjømat har på helsa. Skal vi vere trygge på resultata av forskinga er det viktig å ha mange studiar, og her har vi fått fram mange vitskaplege artiklar. Vi har også sett på problemstillingane frå eit uttal vinklar. Det seier Jannike Øyen, forskar ved NIFES og prosjektleiar for FINS.

FINS-prosjektet er svært breitt lagt opp, og det har involvert studiar på mennesket heilt frå fosterstadiet, via spedbarn, barnehagebarn, skuleungdom og vaksne. I tillegg har det blitt forska på cellekulturar og på gnagarar. Prosjektet er tverrfagleg og det er delt inn i to dei to hovudtemaa fysisk og mental helse. Forskarane har fokusert på utfordringar knytt til livsstil, slik som diabetes, overvekt og mental utvikling.

Annonse