Martin Paulsen frå SIU, Hege Gabrielsen Førsvoll (Internasjonal seksjon, NTNU), Rebekka Borsch (statssekretær for forskning og høgre utdanning) og Gro Bjørnerud Mo (prorektor, UiO), møttest til samtale om internasjonal rekruttering. (Foto: SIU)

Etterlyser samordna opptak av internasjonale studentar

Norske utdanningsinstitusjonar ønsker ei samordning av opptaket av internasjonale masterstudentar til Noreg. Det viser ein ny rapport av Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU).

– Noreg treng politiske føringar og klarare retning på arbeidet med å rekruttere internasjonale studentar. Det sa direktør i SIU, Harald Nybølet nyleg under eit frukostmøte ved Universitetet i Oslo (UiO).

Han fekk støtte frå Rebekka Borsch, statssekretær for forsking og høgare utdanning. 

– Regjeringa jobbar med ei stortingsmelding om internasjonal studentmobilitet i høgare utdanning, med sikte på å legge den fram rundt årsskiftet 2019/2020. Den vil forhåpentlegvis legge desse tydelege politiske føringane som vi manglar, seier Borsch.

– Frå deira ståstad er det eit stort ønske om å kunne sile søknadane. Ein del studentar søker til fleire institusjonar samstundes, og gjennom eit samordna opptak kan ein også unngå at same student vert vurdert fleire gonger, seier Nybølet.

Diskusjonen rundt eit samordna masteropptak er ikkje ny. I 2015 la ei arbeidsgruppe sett ned av Universitets- og høgskolerådet (UHR) fram rapporten Forslag til modell for samordning av opptak til masterstudier i Norge. Arbeidsgruppa oppmoda den gongen til oppretting av ein felles, nasjonal søknadsportal for alle mastersøkarar, både dei med norsk og dei med utanlandsk utdanning. Nesten alle lærestader støtta forslaget.

Powered by Labrador CMS