Eit nytt, stort prosjekt har som mål å gi sjukepleiestudentar i praksis tettare oppfølging. (Foto: Siv Sivertsen)

14 millionar til betre sjukepleiepraksis

Sjukepleiestudentar er i praksis halvparten av studietida. Eit stort prosjekt ved Universitetet i Stavanger (UiS) skal gi studentane betre oppfølging i deira første praksis på sjukeheim.

I fjor haust fekk Universitetet i Stavanger seks millionar frå Forskingsrådet for å utvikle eit web-basert rettleiings- og evalueringsverktøy for å følge opp sjukepleiestudentar i praksis.

Før forskarane rakk å starte prosjektet, kom nok ei gladmelding. Forskingsrådet gir støtte til nok eit prosjekt. Det betyr at det ikkje berre skal utviklast innovative verktøy, men at det også skal gjerast eit grundig forarbeid for å kartleggje kor skoen trykkjar.

Prosjekta er slått saman og totalt skal 14 millionar kroner brukast dei neste fire åra for å kartlegge dagens rettleiings- og vurderingspraksis på sjukeheim og utvikla ein web-basert plattform med ressursar knytt til læring, rettleiing og vurdering av sjukepleiestudentar.

– Tida er inne for å tenke nytt og jobbe i tett samarbeid med studentar, utdanning og praksis. Dette er viktig for å sikre relevans i utdanninga og styrke kvaliteten på læringsmiljøet i praksisstudiar, seier førsteamanuensis Kristin Alstveit Laugaland.

Powered by Labrador CMS