Saken er produsert og finansiert av Norges forskningsråd - Les mer

Forskarnatt i Fjærland

Internasjonale og norske elevar møtte breforskning og klimaspørsmål på Bremuseet i Fjærland seint fredag natt.

2.10 2007 05:00

Av over tusen store og små arrangement i samband med Forskingsdagane 2007 var Fjærland i Sogn truleg den aller minste staden.

Skuleelevar, professorar, forskarar og tre lokalpolitikarar brukte 28. september på Bremuseet for å snakke om brear, klimaendringar og korleis ein skal møte utfordringane i åra framover.

Første gong med isbre

- Det var då eg kom til Noreg at eg byrja å like natur, seier ein oppglødd Prince Moses frå Sierra Leone og ser bort på breporten til Supphellebreen. Han har veldig lyst til å gå inn, men forstår at det kan vere farleg.

- Det er så vakkert og stille her, seier eleven fra United World Colleges i Fjaler. I Sierra Leone er det så fullt av folk og støy overalt.

- Men kvifor er breen blå? undrar Danamona Andrianarimanana frå Madagaskar.

Professor og breforskar Atle Nesje forklarer forvitne elevar frå heile verda. For mange UWC-elevar er dette første gongen dei ser ein isbre. Det er det ikkje for Savant Shrestha frå Nepal, som fortel at den same smeltinga av isbrear skjer i heimlandet hans.

Global tilnærming

Elevane frå idrettslina ved Flora vidaregåande skule er her på grunn av ein engasjert lærar. Marit Krogsæter har brukt dei fleste geografitimane denne hausten på nettopp klimaendringane.

Den internasjonale skulen United World Collage (UWC) i Fjaler har ei global tilnærming til det meste dei lærer, medan elevane frå den økologiske Sogn jord- og hagebruksskule i Aurland er eldre, og har for så vidt allereie funne eitt av svara på ei usikker framtid, men har ingenting imot å sette økologien inn i eit globalt perspektiv.

Den nye klimautstillinga ved Bremuseet engasjerte, det same gjorde Carlo Aall frå Vestlandsforsking. Han fortalde at han vart noko i stuss då han nyleg snakka for naturfaglærarar i Sogn og Fjordane, og ei av dei sa; Det er vel ganske kontroversielt å meine at klimaendringane er menneskeskapte?

- Dersom slike haldningar er utbreidd blant norske lærarar, er vel skulen neppe den rette arenaen for undervisning om klimaendringar. Det krev litt meir engasjement, sa Carlo Aall, som også viste lokale scenarium for kva klimaendringane vil føre til i Sogn og Fjordane.


“Kring 100 elevar var samla til forskarnatt på dagtid i Fjærland sist fredag, her er gjengen samla ved Supphellebreen, som stadig krympar. (Foto: Heidi Hattestein)”


 

Svar frå ein politikar

Heller ikkje fylkesordførar Nils R. Sandal imponerte med kunnskapsnivået sitt då han svara på spørsmål frå elevane utpå kvelden.

- Kva vil politikarane gjere heilt konkret når havet stig? var eitt av spørsmåla han fekk frå dei unge forskarane.

- Vi må sørgje for at det ikkje stig, svara han ei himmelfallen forsamling. Etter å ha blitt informert om at havet faktisk kjem til å stige, om vi så stoppar alle utslepp av klimagassar i morgon, fekk han litt hakeslepp.

- Då må vi ta praktiske forholdsreglar for å berge livet, var hans kortfatta løysing på den utfordringa. Det hjelpte ikkje mykje på inntrykket at Sandal lova ein handlingsplan for klimatiltak i Sogn og Fjordane innan eit år, då han også nekta å svare på korleis han ville stille seg til ein førespurnad om å arrangere Formel 1-konkurranse i Sognefjorden.

Klima og oss

- Samlinga i Fjærland var nok mest interessant for dei utanlandske elevane frå UWC, men eg trur alle har lært noko nytt i dag, sa Atle Nesje då mørkret seinka seg og grillen vart fyrt opp ute.

Men som den unge stryningen Ola Sindre Bø sa; - Eg byggjer ikkje akkurat livet mitt på at det skal vere miljøvennleg, få på min alder gjer det. Men at klimaet er i endring har vi jo fått stadfesta i dag, mellom anna då vi var oppe ved Supphellebreen.

- Vi har det rett og slett for godt. Vi har vorte steinrike på oljen, og få vil vel gje avkall på denne rikdomen. Det vil skje lite før klimaendringane får direkte følgjer for oss, fysisk eller økonomisk, meiner Bø som drøymer om å bli aksjemeklar.

Eleven er inspirert av økonom og professor ved Norges Handelshøyskole, Lars Mathiesen som nytta høvet til å vere kritisk til politikarane si rolle.

- Politikarane våre har svikta når dei ikkje fortel at det vil koste oss å møte klimautfordringane. Jens Stoltenberg må slutte å seie at han er verdsmeistar, og i staden jobbe for å bli det, sa Mathiesen.

Vidare arbeid

Forskarnatta i Fjærland var starten på fleire ulike prosjekt som elevane skal arbeide vidare med dette skuleåret. Kva konsekvensar vil klimaendringane få lokalt? Korleis skal vi tilpasse oss den nye situasjonen? Vi har alle eit ansvar, korleis skal kvar enkelt av oss handle?

Medan ei gruppe frå UWC skal gå i gang med registreringar og målingar i nærmiljøet i Flekke, skal Flora-elevane lage eit prosjekt på isbrear. Resultata av dei ulike prosjekta skal seinare presenterast på ulike vis, mellom anna på Gulatinget i mars neste år.

Norsk Bremuseum stod bak arrangementet i lag med Vestlandsforsking, NHH og Bjerknessenteret ved Universitetet i Bergen. Forskarnatta er støtta av Forskningsrådet og del av tilsvarande arrangement i 29 europeiske land.

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.

Annonse