– Me treng å breie ut jordbruket vårt over heile landet, me treng å ta i bruk beitemarkane igjen og me treng å bruke utmarka til noko meir enn ein re-kreativ koloni, skriv kronikkforfattarane. (Foto: Rose Bergslid)

Slepp til dei som vil drive jordbruk

KRONIKK: Eit land som Noreg, med berre knappe tre prosent fulldyrka jord, kan ikkje la fleire tusen dekar god matjord gro att.

Det ligg mykje god jord unytta, kring om i grendene. Du skal ikkje køyre lenge etter bygdevegane før du ser fyrsteklasses matjord låst fast mellom bergknattar og gamle bytesteinar åt tidlegare så veldrivne småbruk.

Du vil sjå gamle kulturbeiter der næringsrike og smaklege urter har levd i symbiose med folk og fe i tusenvis av år, men som no vert jamt meir herja av klunger, bjørk og or. Det er spora av det som tidlegare var store fôrressursar du då ser. Men no skal dette snu, for det må snu.

Engasjerte bønder

No veks det fram jamt fleire bønder som startar sjå at denne jorda har verdiar. Verdiar som lenge ikkje vart sett, men som no igjen har vorte synleg. Me kan enda lese om det i dei landbrukspolitiske dokumenta. Me kan lese om at det er eit politisk mål å auke bruken av norske fôrressursar. Dyrkamarka, saman med dei bøndene som veit å drive den, er sett på som vår fremste kapital på veg mot eit berekraftig landbruk, i ordets rette forstand. Å ta vare på dyrkamarka, dei frodige og nærliggande beitemarkane så vel som dei vide utmarksbeita våre, er viktig for matproduksjonen så vel som for velferda og verdiskapinga kring om i dette grisgrendte landet.

Og no sist sumar vart me også så inderleg minna på kor sårbare me har blitt. I kjølvatnet av det fine veret som aldri ville sleppe taket og gi oss nokre dropar regn, vart me merksame på at det finst andre vegar å gå for den som ønskjer å bygge eit landbruk som er i stand til å møte den framtida som me alle veit vil kome.

For det finst jord, det finst fôrressursar! Berre av fulldyrka jord ligg meir enn 800 000 dekar ubrukt kring om i landet, og då er ikkje kulturbeite og utmarksbeite medrekna. Og me veit at dette talet vil auke for kvar dag som går, om me ikkje slepp til drivarane.

Møre og Romsdal er eitt av dei fylka i landet med den største nedgangen i jordbruksareal i drift. Berre sidan år 2000 har jordbruksarealet krympa med meir enn 12 prosent. Om lag 52% av dyrkamarka i fylket er leigejord, og i fleire kommunar mellom 60 - 80%. Ein altfor stor del av desse leigeforholda manglar langsiktige kontraktar. Det er krevjande for næringa at mykje av leigejorda vert drive utan langsiktigheit. Med tanke på driftsutbyggingar og bondens vilje til å gjere naudsynte investeringar i jorda er kontraktar heilt avgjerande.

Jord lyt drivast

Manglande oppfølging av driveplikta er ofte eit tema når bønder samlar seg. For sjølv om driveplikta er tydeleg skildra i jordlovas paragraf 8: «Jordbruksareal skal drivast. (…)Driveplikta kan oppfyllast ved at arealet vert leigd bort. Det er ein føresetnad for at driveplikta er oppfylt ved bortleige at leigeavtala er på minst 10 år om gongen(…)». Så er det ikkje alltid like klart i praksis.

Mange av bruka som no er ute av drift er små og mykje av jorda kan vere prega av å ha vore til dels dårleg stelt dei siste åra. Typisk er skifta små og gjerne ligg dei avbakleg til mellom bergknattar og opne veiter og er generelt vanskeleg å drifte bra med dagens maskiner, men framleis kan det vere svært gode beiter. Men så er det igjen eit spørsmål om korleis grunneigaren ønskjer jorda skal brukast. Beiting inneber gjerder, nokre meiner også at det fører med seg meir fluger når det går beitedyr tett inntil verandaen. Og det er ikkje alle som er like glade i insekt som svalene, folk har ein tendens til å like fuglar utan å like det som held fuglane i live, slik er me berre laga. Og så er det det med hunden då. For ein hop våryre smålam er ei ettertrakta leike for den elles så familiekjære huskyen, og med sau på beite heilt inntil det gamle våningshuset, må huskyen bandast heile tida.

Alt dette er legitime årsaker for mange grunneigarar til å gi bonden, som har trong om jorda som tilleggsjord, særskilde instruksar om korleis den skal driftast. Ja det er ofte også slike grunnar som ligg bak det at ein rett og slett ikkje overheld driveplikta.

Slike og liknande grunnar til at grunneigarane ikkje let aktive bønder få tilgang på matjorda som finst kring om i grendene finn ein over heile Møre og Romsdal. Ofte er det ganske konkrete grunnar. Og dei er relevante for grunneigarane, sjølv om mange bønder fort kan oppleve grunnane som bagatellar. Men faktum er at dei slår seg ut i manglande vilje hos mange grunneigarar til å skrive leigekontraktar på 10 år eller meir med aktive bønder.

Det er denne manglande viljen som førte til at Bondelaget og Bonde- og Småbrukarlaget i Møre og Romsdal gjekk saman om å skrive eit brev som vart sendt alle lokallagsleiarane i begge organisasjonane og til alle kommunane v/ordførarar, jordbrukssjefar og postmottak. I brevet vart lokallaga og kommunen oppfordra til å ta tak i dette viktige arbeidet.

Arbeid i kommunen

Nokre kommunar har alt ein del røynsle i slikt arbeid, røynsler som andre kommunar kan både lære og la seg inspirere av. Midsund, Sykkylven og Sunndal har alle jobba systematisk med å få meir av den ubrukte dyrkamarka i drift. Røynslene deira fortel oss at informasjon er viktig. Mange grunneigarar kjenner ikkje til krava i driveplikta. Grunneigarane er ikkje nødvendigvis imot korkje krava eller prinsippet bak driveplikta, dei har berre ikkje tenkt nemneverdig over det. Derfor kan berre det å innleie ein dialog med grunneigarane vere nok til at enkelte tek grep på eiga hand. Andre igjen treng meir rettleiing og somtid litt strengare vektlegging av pliktdimensjonen i dette.

Ein god framgangsmåte kan vere å dele kommunen inn i mindre områder som ikkje er større enn at det kan vere naturleg kontakt mellom eigarane av landbrukseigedomane og dei potensielle drivarane av areala. I alle fall fortel røynslene frå desse tre kommunane oss at det kan vere klokt å gjere seg ferdig i eitt og eitt område i gongen, elles vert det fort svært hektisk.

Ei tett oppfølging av jordfordeling og driveplikt er ei arbeidskrevjande oppgåve, særleg i kommunar med mykje leigejord. I mange kommunar har ikkje landbruksforvaltninga naudsynt kapasitet til å prioritere denne viktige oppgåva, sjølv om den er aldri så lovpålagd. Her bør ein vurdere om arbeidet kan organiserast som eit prosjekt. Faglaga i landbruket bør engasjere seg for å sette jordfordeling og driveplikta på den politiske dagsordenen. For å effektivisere arbeidet bør oppskrift for oppfølging av driveplikta utviklast i et fagmiljø, og ikkje av enkeltpersonar i kommunane. Dette bør være et tema for et prosjekt initiert av Fylkesmannen.

Ein gjønågang

Kanskje treng me å gå igjennom lovverket, støtteapparatet og verkemiddelbruken som lokalsamfunna har trong om for å skape gode prosessar. Me treng å gjere ei juridisk vurdering av kva rett ein grunneigar har til å hindre ei fornuftig fordeling og bruk av markane som ligg til eigedomen. Samstundes treng me også å bygge opp eit kunnskaps- og rettleiingsapparat som kan gi dei som arbeidar med desse oppgåvene råd i vanskelege saker. Og sist, men ikkje minst, treng ein fleksible reglar og vide nok fullmakter til å gjere lokale tilpassingar som passar til dei stadeigne behova.

For folketalet i verda veks og fleire stadar stangar matproduksjonen i klimataket. Alle land, så vel som alle regionar, treng å nyttiggjere seg dei jordressursane ein har til å produsere mat mest mogleg berekraftig. Og då kan ikkje eit land som vårt – med berre knappe tre prosent fulldyrka jord – la fleire tusen dekar god matjord gro att, samstundes som me intensiverer bruken av flatlandet austanfor, på Jæren og i Inntrøndelag. Tvert om, me treng å breie ut jordbruket vårt over heile landet, me treng å ta i bruk beitemarkane igjen og me treng å bruke utmarka til noko meir enn ein re-kreativ koloni. Kort sagt; me treng å snu.

Powered by Labrador CMS