Arabiske kvinner på botn i nettbruk

Berre seks prosent av alle internettbrukarene i araberlanda er kvinner. Dårlig tilgang på nettet kan bety mindre tilgang på makt.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

- I Midt-Austen kan ein med ein viss rett karakterisere Internett som dei rike kvinnenes teknologi, seier Deborah Wheeler.

Ho er doktor i sosiologi og fast tilsett ved University of Washington, men for tida er ho gjesteforskar ved Oxford Internet Institute.

Nylig deltok ho på eit seminar om “teknologi i eit multikulturelt og globalt samfunn” ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet.

Vart sjokkert

"Deborah Wheeler er sjokkert over kor få kvinner i araberlanda som brukar Internett."

Wheeler poengterte at sjølv om det store fleirtal ikkje har tilgang på Internett, er samstundes nettet eit middel til å omforme kvinners liv i dei muslimske landa. Aktiv nettbruk er eit middel i kampen mot muslimske machohaldningar.

Sosiologen la fram tal om nettbruk i denne verda, tal som ho sjølv vart sjokkert av, fortalte ho. Muslimske land, og arabiske land særskilt, ligg på botn i verda når det gjeld nettbruk. Såleis finn ein under ein prosent av verdas nettbrukarar i den arabiske verda.

Men internt i araberlanda er det store variasjonar: Sameinte arabiske emiratar ligg godt an, medan Kuwait og Egypt er land som ligg i andre enden av skalaen. Land som Irak og Sudan kjem særskilt dårleg ut, men her kan krig og fattigdom forklare mykje.

Teller internettkafear

Talet på kor mange internettkafear det er i kvart einskild land, fortel mykje om kor utbreidd nettet er. Tala som Wheller presenterte, viser at Algerie ligg på topp, med 3 000 nettkafear, mens Marokko følgjer på med 2 150. Også her finn vi Egypt (400) og Kuwait (300) i andre enden av skalaen.

- Det kan sjå ut som om det er haldningane til nasjonale leiarar som slår avgjerande ut for omfanget av nettbruk. Internettkafear i den delen av verda kan på eit vis spele den rolla 1700-talets “Coffee Houses” fylte for dei opplyste europearane, meinte Wheeler.

Få kvinnelege nettbrukarar

Om arabarlanda ligg på jumboplassen når det gjeld nettbruk, finn vi kvinnene deira i det absolutte botnskiktet når det gjeld webfrekvens. Ikkje meir enn seks prosent av alle brukarane i dei arabiske landa er kvinner.

Til samanlikning utgjer kvinnene 38 prosent av brukarane i Latin-Amerika, 25 prosent av brukarane i EU-området og 50 prosent av brukarane i USA.

Det vart stilt spørsmål om kvifor talet er så lågt for EU. Professor Merete Lie kommenterte at det kunne ha samanheng med ulikskap i bruk mellom nord og sør i EU.

Ærbar på nettet

I samfunn kor kvinner og menn lever separate liv, er nettet ein stad kor - særskilt unge - kvinner og menn kan møtast på tvers av konvensjonane. Ein kan delta i IRC-samtaler, utan å avsløre eigen identitet, heller ikkje kva for kjønn ein tilhøyrer. Dermed kan ein gjere det utan å få øydelagt sitt gode namn og rykte.

Denne fridomen vert det også gjort forsøk på å stogge. Wheeler fortalte om korleis det i visse krinsar i Kuwait vart sagt at “anstendige kvinner ikkje deltek i IRC” og at einskilde slutta med det av den grunn.

Men treng dei Internett?

Wheeler diskuterte også i kva grad ein kan seie at Internett representerer noko positivt for fattigare og mindre utvikla deler av verda.

- Ein står i fare for å ta “misjonærhaldninga” - at fordi noko er godt for meg, må det vere viktig for deg. Det treng ikkje vere slik. Men argumentet om rettferd gjer likevel eit godt argument for utbreiing av Internett, meiner Deborah Wheeler.

Powered by Labrador CMS