Ville sende krigsbarna til Australia

I 1945 planla norske styresmakter å sende fleire tusen krigsbarn til Australia. Det dåverande Sosialdepartementet var i forhandlingar med ein australsk regjeringskomité, men prosjektet rann ut i sanden.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Forskingsråds-rapporten “Fiendens barn?” viser at norske autoritetspersonar var nær ved å bortadoptere fleire tusen barn av norske mødre og tyske fedre.

- At planane kunne blitt realisert veit vi blant anna fordi ein del av krigsbarna vart sendt til Sverige og fekk nye namn og ein annan identitet der, seier førstelektor Baard Borge. Saman med dr.philos. Lars Borgersrud har han stått for store delar av forskingsarbeidet til rapporten, som er skriven på oppdrag frå Sosial- og helsedepartementet.

Her kjem det fram at Noreg allereie hadde sendt rundt 30 barn til Sverige frå ein barneheim like ved Bremen. Dåverande ekspedisjonssjef i Sosialdepartementet, Alf Frydenberg og formann for “Krigsbarnutvalget”, byrettsdommar Inge Debes deltok på vegner av Sosialdepartementet i forhandlingane med den australske, regjeringsoppnemnde “Immigration Advisory Committee”.

På jakt etter immigrantar

Leiaren for komiteen, parlamentsmedlemmet Lesie Hayden, reiste rundt i det krigsramma Europa på jakt etter å rekruttere immigrantvillige unge menneske til Australia. Sjølv om temaet krigsbarn ikkje var ukjent i resten av Europa, så var det berre i Noreg styresmaktene vurderte å sende barna til ein annan verdsdel.

Antipatien mot tyskarane og den bitre stemninga mot dei som hadde hatt meir enn vanleg kontakt med okkupasjonsmakta, gjorde at ein vurderte det slik at barna ville få ein lukkelegare oppvekst i Australia. Før adopsjonen kunne finne stad, skulle barna undersøkast både mentalt og fysisk, og samtykke frå mødrene skulle hentast inn.

Borgersrud og Borge har ikkje funne dokument som viser at “den norske modellen” for krigsbarna var handsama i Regjeringa, men både sosialminister Lars Oftedal og konsultativ minister for sosialsaker, Aaslaug Aasland, var til stades på ein æreslunsj for den australske komiteen. - Så vi må gå ut ifrå at saka var kjent på høgt politisk nivå, og at i alle fall delar av Regjeringa måtte ha gitt stilleteiande samtykke om forhandlingane, seier forskarane.

Granskinga deira om temaet tek utgangspunkt i eit oppslag i Klassekampen 10. desember 1998, der det blir hevda at dåverande utanriksminister og seinare generalsekretær i FN, Trygve Lie, var direkte ansvarleg for initiativet. - Men vi finn ingen kjelder som kan vise at dette var tilfelle, fortel forskarane.

Den australske komiteen heldt seg avventande, men ikkje avisande til det norske initiativet. - At det ikkje blei noko av planane kan kanskje skuldast at byrettsdommar Debes døydde like etter møtet med australiarane. Frå 1946 og utover skjønte ein dessutan i Sosialdepartementet at styresmaktene sitt syn på problema rundt integreringa av krigsbarna, var overvurderte, fortel Borge.

Powered by Labrador CMS