Stor interesse for helseøkonomikonferanse

I løpet av to maidagar vart det diskutert helseøkonomi på den årvisse nasjonale helseøkonomikonferansen. Over 150 deltakarar kom for å høyra forskarane sine analysar av virkningen av siste års helsereformar og av verdsetting og prioriteringar i helsesektoren. No er konferansens innlegg tilgjengeleg for alle som er interessert på Internett.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

"Er prioritering eit nødvendig vonde? Dette retoriske spørsmålet stilte professor Per Carlsson frå Linköpings universitet og direktør for Prioriterings-Centrum salen i starten på sitt foredrag på konferansens andre dag."

Formålet med dei årvisse helseøkonomikonferansane er å presentere forsking med interesse for beslutningstakarar i helsesektoren, samt å sette på dagsordenen aktuelle helseøkonomiske tema.

Brei ramme

Og interessante tema må det ha vore: over 150 deltakarar kom på konferansen i år. Her var tenestemenn på alle nivå i helsesektoren, politikarar, forskarar og andre interesserte. Konferansens tema var aktuelle og dei mange innleiarane gav deltakarane ei brei ramme for å forstå problemstillingane som vart tatt opp.

Under bolken om helsereformene retta Fredrik Engelstad fra Institutt for samfunnsforskning (ISF) og Maktutredninga (1998 - 2003) i sitt innlegg fokus på rettigheitsutvikling i samfunnet og kva omkostningar dette har politisk.

Rettsleggjering av velferd gir enkeltmenneskjer rettar og økt klagetilgang i henhald til lovgjevning i saker som gjeld velferdsytingar som opplæring, sosiale ytingar, og helse og helsevesen. For brukarar av helsetenester viser ei slik utvikling seg som rettar knytt til ventetid, val av behandling og behandlingsstad og rett til erstatning ved feilbehandling.

Irreversibel

- Eit demokrati kan ikkje eksistere utan slike rettigheitar, poengterer Engelstad. Det hevdes ofte at rettigheitstildeling og delegering er ikkje noe problem, fordi man politisk kan gi nye lover eller endre organ og institusjonar. Engelstad påpeker midlertid at rettighetstildeling i praksis er irreversibel. Ein rettsleggjering av goder kan vidare “tøma innhaldet” i politikken på det internasjonale og det lokale nivået.

I sitt innlegg seinare denne dagen stilte Trond Bjørnenak ved Høgskolen i Agder(HiA) spørsmålet om kvar det har vorte av kapitalkostnadane i helseforetaka?

- Kapitalkostnader er delvis forutsigbare kostnader som mellom anna omfattar avskrivingar av utstyr og kalkulatorisk rente. I dagens sjukhusrekneskap føres avskrivingar meir eller mindre tilfeldig, og dette er uheldig for måling av mellom anna verdien på drift / rentabilitet og avkastning, sier Bjørnenak.

Bjørnenak og Engelstad sine innlegg er tilgjengeleg i sin heilskap på Internett.

Er prioritering eit onde

Er prioritering eit nødvendig vonde? Dette retoriske spørsmålet stilte Per Carlsson frå Linköpings universitet og PrioriteringsCentrum salen i starten på sitt foredrag på konferansens andre dag. Foredraget handla om utvikling av opne prioriteringar i svensk helse- og sjukepleie. Som prioriteringar i helsesektoren meines det å setja noko føre eller å rangordne tenester.

- Det å velje vekk ei verknadslaus medisinsk behandling er ikkje prioritering, presiserer Carlsson.

I Sverige er det satsa på opne prioriteringar mellom anna ved å etablere det nasjonale PrioriteringsCentrum. Opne prioriteringar er basert på offentligheit i prosess og vedtak, bruk av kriterium og prinsipp, grad av “medvetenhet”, og fokus på kven som deltar i vedtaksprosessen.

Men opne prioriteringar har vist seg vanskelig å implementere. I Sverige har fleire landsting starta eit utviklingsarbeid for helsepolitiske prioriteringar, mellom anna Landstinget i Östergötland. Men det er motstand frå politikarane, og det er stor usikkerheit om ein kan føreta prioriteringar i praksis.

Usikkert gjennomslag

Innan medisinske prioriteringar har det vist seg at det er mulig å gjennomføre desse i praksis, og at legane er interessert. På den andre sida er det usikkert kor mykje gjennomslag medisinske prioriteringar har. Og det er behov for metodeutvikling særlig når det gjeld kostnadseffektivitet ved ulike typar behandlingar.

Carlssons innlegg er også tilgjengeleg frå internettsida for konferansen. Her i Noreg har to offentlige utvalg utgreia prinsipp og retningslinjer for prioriteringar i helsevesenet; Lønningutvalget I (1987) og II (1996). Men mange har i den seinare tida etterlyst ein debatt om korleis prioriteringar skal late seg gjere i praksis når økonomien i helsetenesta vert pressa.

Fleire forskarar er opptatt av problemstillingar i forbindelse med prioriteringar og presenterte innlegg på konferansen. Mellom andre hadde Ivar Sønbø Kristiansen, Jon Strand, Erik Nord, Berit Bringedal, og Kari J. Kværner innlegg som no er tilgjengeleg på Internett.

Tilgjengeleg på Internett

Innlegga som er kort presentert i artikkelen og andre innlegg på konferansen.

Konferansen som gjekk av stabelen den 10. - 11. mai 2004 i Hurdal, Akershus fylke vart arrangert av Helseøkonomisk forskingsprogram ved Universitetet i Oslo (HERO).

Det faglige programmet var gjort av HERO i samarbeid med Program for helseøkonomi i Bergen (HEB). Begge forskingsprogramma er i tilknyting til programmet i helseøkonomi i Noregs forskingsråd som ledd i ein større nasjonal satsing på helseøkonomisk forsking.

Powered by Labrador CMS