Hekseforsking i verdsklasse

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Rune Blix Hagen skriv om hekseprosessane i Norden i det nye internasjonale oppslagsverket om historisk hekseforsking, skriv UiT.

The Oxford Handbook of Witchcraft in Early Modern Europe and Colonial America har nett kome frå forlaget. Boka er redigert av Brian P. Levack. Levack er professor ved University of Texas, Austin og er ein av verdas fremste autoritetar på historisk hekseforsking.

Saman med Hagen er forskarar frå heile verda representerte, og handboka gjev eit inntak til dei historiske trolldomsprosessane frå opphavet i mellomalderen til tidleg nytid - det vil seia eit stykke inn på 1700-talet.

Powered by Labrador CMS