Kunnskapen om Taremare by er truga

Store mengder kompetanse om livet på havbotnen står i fare for å forsvinne - på grunn av forgubbing og nedprioritering. Tilstanden blir karakterisert som alvorleg i forskingsmiljøet, og i dag er det krisemøte i Trondheim.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Berre 12 stillingar er knytt til forsking og undervisning om livet på havbotnen i Noreg. Over halvparten av forskarane går av med pensjon innan fem år, og stillingane står i fare for å bli avvikla fordi det ikkje fins kompetent fagpersonale.

Taremare har mange innbyggjarar

Norsk marin flora og fauna har over 6 000 organismar som lev sitt liv på eller i havbotnen. Forskinga om desse er kalla benthosforsking, og forskingsobjekta er for eksempel hummer, krabbe, kråkebollar, muslingar, korallar eller tang og tare.

- Eg kan ikkje gi meg når eg veit at kunnskapen forsvinn med meg, seier benthosforskar Jon-Arne Sneli (66) til Aftenposten. Han meiner forskinga på livet på havbotnen taper i konkurransen mot meir næringsretta forsking.

Sneli høyrer til ved Trondheim biologiske stasjon ved Noregs teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU), og har spesialisert seg på marine sniglar. Han har allereie trappa ned til 60 prosent stilling.

Benthos nedprioritert

"Kvifor blir tareskogen nedbeita? - Eit spørsmål for benthosforskinga."

- På grunn av manglande kunnskap om benthos har vi for eksempel ikkje funne årsaka til den omfattande nedbeitinga av tareskogen langs kysten i nord, seier Nina Hedlund ved marin avdeling i Noregs forskningsråd til Aftenposten.

Hedlund framhevar at forskinga mot havbruk har auka dei siste åra, men utan at bevillingane til den marine sektoren har blitt større - dermed blir område som benthosforskinga ramma.

Politisk ønske

Saman med student Gry Koldberg Amundsen ved Vitenskapsmuseet poengterer Sneli overfor NTNUs nettavis at det er eit uttrykt politisk ønske om å satse på marin kunnskap. I stortingsmeldingane om havmiljø og biologisk mangfald blir for eksempel forskinga mot økosystem framheva som viktig.

Noreg er også forplikta i forhold til EUs vannrammedirektiv. I følgje direktivet skal alle botndyr langs norskekysten bli kartlagt innan 2006. Sneli stiller spørsmål ved om dette er mogeleg dersom forgubbinga innan benthosforskinga får halde fram.

Mange institusjonar

Både Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen har institutt retta direkte mot marinbiologisk forsking og undervisning, og ved NTNU har Institutt for naturhistorie ei marinbiologisk avdeling. Ved Universitetet i Tromsø har ein Noregs fiskerihøgskole.

Trass i denne tilsynelatande institusjonelle styrken, er det dårleg med forskinga på livet i Taremare by. Sneli og Koldberg Amundsen meiner satsinga frå institutta går på sparebluss - sjølv om det for eksempel er uttrykt ønske om at Noreg skal vere leiande i verda innan produksjon og eksport av mat frå havet.

Grunnkunnskap

I tillegg til mat frå havet er det mange område som har kunnskap om benthos-miljøet som føresetnad. Kystsoneforvaltning, miljøovervaking, artsbevaring, og opprettinga av Nors artsdatabank er nokre av dei.

- Vi meiner det har blitt satsa litt feil. Fokuset har vore for mykje på næringsretta forsking, og ein har vore mindre oppteken av grunnforskinga, seier Sneli.

Han meiner oppretting av stillingar for benthos-forskarar har vorte nedprioritert. Berre eit fåtal stipendiatar studerer fagområdet, og det eksisterer berre ei stilling som forskarrekrutt.

På bar bakke

Pensjoneringa av den gamle garde kan difor skape eit brot i vidareføringa av kunnskapen, og yngre generasjonar kan ende opp med å starte på bar bakke, fryktar Sneli og Koldberg Amundsen.

Forskingsmiljøet heldt nasjonalt krisemøte i Trondheim i dag, der problema innan forskingsgreina blei diskutert. Arrangøren var botndyrgruppa ved Insttutt for naturhistorie ved NTNU.

- Det er studentane som har teke initiativet. Dei har sett at rettleiarane deira snart forsvinn. Ingen rettleiarar; ingen studentar; ingen kunnskap eller forsking, seier Sneli.

Powered by Labrador CMS