Eitt av spørsmåla Anne maria Eikeset jobbar med, er korleis næringsnettet med dei ti viktigaste kommersielle fiskeartane i Barentshavet vert påverka av klima og fiske. (Foto: Colourbox)

– Alle kan bidra til forsking på havet

Torsken i Barentshavet endrar seg på grunn av fiske og klima. Biolog Anne Maria Eikeset samarbeider med økonomar og samfunnsvitarar for forstå konsekvensane.

– Eg er teoretikar, så det er ikkje meg du tar med på fisketur for å satse på storfangst, seier Eikeset ved Institutt for biovitskap på Universitetet i Oslo.

Ein flokk barnehagebarn er på ekspedisjon i Kristine Bonnevies hus på UiO, og ungane er tydeleg begeistra over fiskane i akvariet. Ikkje ulikt forskarane som arbeider med naturresursane i havet utanfor norskekysten.

– Då eg begynte å jobbe med fisk, slo meg at det betyr veldig mykje for veldig mange. Det handlar om fisk, havet og klima. Det er så mykje ein kan gjere, og alle kan bidra, seier Eikeset.

Ho har kombinert interessa for naturen med kunnskap om statistikk og modellering, og etterkvart vart ho ein del av forskingsmiljøet ved Senter for økologisk og evolusjonær syntese (CEES).

Powered by Labrador CMS